Hst00209 Rorosfe

Val av mjølkekurase

Den mest vanlege mjølkekurasen i Noreg, også i økologisk produksjon, er Norsk Rødt Fe (NRF). Det er også fleire andre norske, meir ekstensive rasar å velje mellom.

Enkelte har også reinrasa eller krysningar av utanlandske mjølkeraser som Holstein, Jersey, Brown Swiss, Tiroler Grauvieh, Mjølkesimmental, Svensk Rød Boskap, Rød Dansk Mælkekvæg eller Finsk Ayrshire som alle er tilgjengelege via Geno. Val av rase er avhengig av kva ressursar som er tilgjengeleg på garden, og heng ofte saman med kva rase det er tradisjon for i området. Vidare er dei norske rasane nærmare omtala.

Norsk Rødt Fe (NRF)

Dette er ein kombinasjonsrase som er avla for både mjølk og kjøtt, men også for god helse og fruktbarheit. Den har høg mjølkeproduksjon, og har sterke bein og gode jur. I tillegg kalvar den lett og er svært livskraftig. Ei ulempe med NRF kan vere storleiken og tyngda på kyrne. Men store kyr har også større grovfôropptak, så sjølv om vedlikehaldsbehovet aukar, blir forbruket av kraftfôr per kilo mjølk mindre. Ei NRF-ku veg 550 kg i snitt.

Sidet trønder- og nordlandsfe (STN)

STN har opphav i Trøndelag og Nord-Noreg, og er den av dei gamle norske rasane som det er flest dyr igjen av. Rasen er populær hos mange økobønder fordi han er lett og dermed fungerer godt på alle typar beite. Mange meiner at kyrne gjer liten skade på kulturbeitet, og at dei beiter vidt i utmark. Rasen er ein kombinasjonsrase som er avla både for mjølk og kjøtt. Dei er kolla og er oftast svartsida i farge, med stor variasjon i forholdet mellom svart og kvit. STN er oftast svart eller farga rundt auge, øyrer og på mulen. Det finnes raudsida og brandsida dyr også. Kyrne veg i snitt 450 kg, er finlemma, har godt lynne og er kjent for å ta seg lett fram i terrenget. Gjennomsnittleg årsavdrått er ca. 4 000 kg. Rasen har sterk og tydeleg brunst, og god fruktbarheit. Kyrne er haldbare og har ofte god ytelse opp i høg alder.

Utrydjingstrua rasar

Andre gamle norske rasar er telemarksfe, dølafe, austlandsk raudkolle, vestlandsk raudkolle og vestlandsk fjordfe. Alle desse er utrydjingstrua. Det er viktig å bevare dei gamle rasane, og fleire økobønder har prioritert å halde enkelte eller fleire kyr av desse rasane for å bidra til å ta vare på dei.

Dei gamle rasane kan ha annan mjølkekvalitet enn NRF-kua, som er avla for høg mjølkeyting. Eit spennande ysteresultat frå eit informasjons- og næringsutviklingsprosjekt tyder på betre ysteeigenskapar hos mjølka til STN-kyr enn hos mjølka til NRF-kyr. Prosjektet vart gjennomført i regi av Avlslaget for Sidet trønder- og nordlandsfe, fylkesmannens landbruksavdelingar i Hedmark, Oppland og Møre og Romsdal, Nord- og Sør-Trøndelag. Ysteeksperimenta blei gjorde i samarbeid med Ladejarlen vidaregåande skule og Høgskolen i Sør-Trøndelag, avdeling for teknologi, og Rørosmeieriet. I Frankrike har ein lang tradisjon frå produksjon av ost med mjølk frå ulike storferasar, og det er ikkje utenkjeleg at det er forskjell mellom dei norske storferasane også.

Raselaga for dei gamle rasene har ein felles interesseorganisasjon, Norsk bufe.

Telemarksfe

Telemarskfeet er raudsida med ein samanhengande kvit rygg frå hale til hovud. Bringa, underdel av buk, jur, bakføtene og halsen skal være kvite. Hovudet er droplet med raud farge på mule, kjaker og øyrer. Dei har velforma og fine horn. Telemarksfeet er ein typisk mjølkerase med levandevekt på rundt 500 kg.

Dølafe

Dølafe høyrer heime i Gudbrandsdalen, Østerdalen og på Hedemarken. Rasen er avla som ein kombinasjonsrase for både mjølk og kjøtt. Rasen har stor fargevariasjon, med fargar som svart, brunt, raudt, kvitt og brandet. Teikningane kan vere både einsfarga, flekka, sadla og sida. Dei fleste dølafe er horna, men det finns også kolla dyr. Det har vore forsøkt å lage ein felles uniform på Dølafeet, med horna dyr som var einsfarga svart med brun stripe etter ryggen.

 Austlandsk raudkolle

Austlandsk raudkolle. Rasen er den mest trua av dei gamle storferasane. Den var vanleg i Austfold, Oslo/Akershus, Vestfold og langs svenskegrensa nord til Solør i Hedmark omkring 1900-talet. Raudkollene er større og eit meir ope bygd fe enn dei andre gamle rasane. Den er ein relativt god mjølkerase. Fargen varierer frå lys bleikraud til mørk, nærmast mahogniraud. Kvite avteikn i hovudet (skautliknande eller grimet), og under buken er ikkje uvanleg.

Vestlandsk raudkolle

Vestlandsk raukolle stammer frå Sør-Vestlandet og er noko større enn feet lenger nord på Vestlandet. Den er eit resultat av ei samanslåing mellom feet i Rogaland og Lyngdalsfeet. Rasen er raude og kolla, men nokon har også einskilde kvite avteikn. Ei ku av rasen Vestlandsk raudkolle veg i snitt rundt 450 kg. Rasen er hardfør og sterk og er ein god ”landskapspleiar” både på kulturbeite og i utmark, med ein mjølkeavdrått på rundt 3 600 kg.

Vestlandsk fjordfe

Vestlandsk fjordfe stammer frå Vestlandet frå Hordaland i sør til Møre i nord. Rasen har mange fargevariasjonar, med fargar som svart, brunt, raudt, kvitt, skimla og brande. Teikningane kan være einsfarga, flekka, sadla og sida. Nokon dyr har horn, men det er også mange kolla dyr. Ei ku av rasen Vestlandsk fjordfe veg i snitt rundt 400 kg.

 Les meir

Bieber, A. m.fl. 2019. Production level, fertility, health traits and longevity in local and commercial dairy breeds under organic production conditions in Austria, Switzerland, Poland and Sweden. J. Dairy Science 102(6): 5330-5341

Bjørnsrud-Garbrielsen, M. 2021. Gamle norske storferaser. Buskap nr. 8, 2021

Günther, M. 2023. Ny bok om de gamle norske husdyrrasenes renessanse. nibio.no, 5.9.2023

Holene, A. P. Berg & N. Sæther 2021. Innavlsutviklingen hos de bevaringsverdige storferasene. NIBIO Rapport nr. 140, 2021

Kildahl, K. 2021. Gledeleg framgang for gamle kurasar.NIBIO.no, 22.11.2021 

Neff, A.S. m.fl. 2016. Why cows have horns. FiBL & Demeter

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no