Produksjon av eget kraftfôr - krossensilering

Dyrking av korn til krossensilering kan gjere det mogleg å verte meir sjølvforsynt med kraftfôr for husdyrprodusentar som har god tilgang på areal. Haustetida er nokre veker før korn til fullmodning. Metoden er derfor også aktuell i meir marginale område for korndyrking.
Krossensilasje kan også produserast i korndistrikta for å spreie onnearbeidet, betre utnyttinga av utstyr, få tid til å etablere ein ny vekst om hausten eller vere ein metode for å berge ei kornavling etter sein våronn eller ein åker med ujamn modning.
Ved krossing vert dei fuktige kornkjernane knust mellom to valsar for så å verte ensilert. Fram til tresking er sjølve dyrkingsteknikken for korn til krossensilering i prinsippet som for korn til fullmodning. Aktuelle artar, haustetidspunkt, metode for krossensilering og fôring med krossensilasje vert omtala i skriftet.
Frøseth, R.B. m.fl. 2020. Krossensilering av korn. NIBIO POP nr. 50, 2020
Les mer
Bergo, K. 2021. Fremdeles lønnsomt med krossing av korn. Norsk Landbruk nr.15, s. 60-63
Johansson, B. & D.-A. Danielsson 2020. Hög grad av självförsörjning av foder. Inspireras av fyra ekologiska gårdar med mjölkproduktion. Jordbruksinformation 14-2020, Jordbruksverket



