Folk som fe likar å kome seg ut og lufte seg. Foto: Rose BergslidFolk som fe likar å kome seg ut og lufte seg. Foto: Rose Bergslid

Tips til løsningar på mosjonskravet for mjølkekyr

Spekulerer du på korleis du skal klare å innfri mosjonskravet for mjølkekyrne i år? 

Norsø K Rapport 2 2019 Beite Mosjonskravet For Melkeku

Eller har du allereie ei løsning, men vurderar å forbetre ho? NORSØK og Landbruk Nordvest har gjeve ut ein rapport som beskriv korleis 10 mjølkebruk i Møre og Romsdal har funne si løysing på kravet, og som kan vere til inspirasjon for andre.

Rapporten er ein del av prosjektet "Bedre og økt beitebruk i Møre og Romsdal" og er tenkt som ein inspirasjon for alle som treng å finne løysingar knytt til mosjonskravet.

Det generelle mosjonskravet for storfe kom i 2014, med krav til at storfe (unntatt oksar over 6 måneder) skulle luftast minimum 8 veker i året for lausdriftsfjøs og 16 veker for båsfjøs (til nød 12 veker). Er fjøset bygd før 1.1.2014 kan ein nytte luftegard om ein ikkje har egna grasareal i nærleiken. Men er fjøsen bygd eller påbygd etter denne datoen skal dyra ha tilgang til å kjenne gras under klauvane. Dyra skal få lufta seg, så det er ikkje krav at dei skal hente hovudandelen av dagsrasjonen sin på arealet, men må ha mulighet til å gå på beiteareal.

I økologisk produksjon er det egne krav til lufting, for tilgang til uteareal og til utforming av luftegård, i tillegg til dei generelle kravene. Økologisk mjølkekyr skal ha tilgang på beite når det er mulig. Beitearealet må være tilstrekkelig stort nok til at grasproduksjonen blir opprettholdt på arealet.   

Mjølkebruka i Møre og Romsdal er forskjellige og løysingane til kravet er derfor også forskjellige. Ein har dermed ikkje noko fasit for ei løysing som vil fungere hos alle, då ein har ulike utfordringar knytt til f.eks. budskapsstørrelse, jordsmonn, vegkryssingar, arbeidskapasitet osb. Formålet med rapporten er å vise korleis 10 mjølkebruk i dette fylket har funne si løysing og kva erfaringar dei har gjort seg til no.

Bondelaget i Møre og Romsdal har hatt ansvaret for prosjektet "Bedre og økt beitebruk i Møre og Romsdal".

Ugelvik, N.I. & R. Bergslid 2019. Beite/mosjonskravet for storfe. Presentasjon av 10 løsninger. NORSØK Rapport nr. 2, 2019

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no