Sprøyting om høsten med rapsolje og grønnsåpe tar knekken på de fleste av de overvintrende middene rundt knoppene. To behandlinger før frosten kommer vil gi en effektiv behandling hvis sprøytevæska renner nedover stenglene og samler seg i bladstilken. Foto: Anita LandSprøyting om høsten med rapsolje og grønnsåpe tar knekken på de fleste av de overvintrende middene rundt knoppene. To behandlinger før frosten kommer vil gi en effektiv behandling hvis sprøytevæska renner nedover stenglene og samler seg i bladstilken. Foto: Anita Land

Bringebær

Bringebær er ei fantastisk frisk og spanande ferskvare. Dyrkinga er i seg sjølv utfordrande, og ein må samstundes ha klare planar for omsetning. Økologisk bringebærdyrking er lite utprøvd både i praksis og i forsøk her i landet. Det som er skreve her byggjer på generell kunnskap og noko erfaring.

Vill og kultivert bringebær høyrer til same art (Rubus idaeus) og er botanisk sett ein halvbusk i rosefamilien. Rota er fleirårig, men skota er toårige. Nye skot kjem anten frå knoppar som blir initierte på røtene, eller frå knoppar ved basis av eldre skot. Fyrsteårsskotet er i byrjinga urteaktig og vert meir og meir forveda utover sommaren og hausten. Skotet døyr etter å ha blomstra og bore frukt det andre året.

Bringebær er ei kortdagsplante. Det vil seie at bringebær er avhengig av kortare dagar ei viss periode for å kunne danne blomsteranlegg. Dei fleste sortane er sjølvpollinerande.

Dyrkingsvilkår

I vill tilstand trivst bringebær best på opne plassar med god råme og god næringstilgang. Planta kan raskt bli dominerande på hogstflater der det er god næringstilgang frå hogstavfall og røter. For den som vil drive økologisk bringebærdyrking er det nyttig å ha kjennskap til korleis planta veks i vill tilstand.

For å kunne lukkast med økologisk dyrking av bringebær må ein syte for optimale vekstvilkår for plantane. Friske planter i god vekst er avgjerande for å halde nede åtak av sjukdomar og skadedyr. Høveleg jord og klima er grunnleggjande føresetnader.

Jord og klima

Bringebær er, saman med bjørnebær, den mest næringskrevjande av alle bærslaga våre. Det blir generelt frårådd å dyrke bær på skarp sandjord, på stiv leirjord og på myr. Det beste er ei veldrenert, moldhaldig jord med pH i området 5,5-6,0.

Bringebær har eit meir avgrensa dyrkingsområde enn solbær og jordbær. Meir enn halvparten av norsk salsproduksjon av bringebær skjer i Sogn og Fjordane, men også Akershus, Hordaland, Buskerud og Oppland har ein del produksjon. Bringebær kan dyrkast i vide område utanom hovudregionane for salsdyrking. Ein er då meir avhengig av godt lokalklima og vinterherdige sortar.

Det må uansett vere tilstrekkeleg temperatur og lengd på vekstsesongen til at bringebærplanta vert fullt utvikla.

Lokalklima er viktig

Med tanke på å førebyggje soppangrep, bør bringebærfelt plasserast der det er god gjennomlufting. Det er gunstig å leggje radene på tvers av dominerande vindretning. For mykje vind kan vere negativt.

Jamn råme er viktig og i tørre område må ein ha tilgang til vatning. Samstundes vert bringebærplanta lett utsett for soppsjukdomar, og tek skade av for mykje vatn. Difor kan bringebærdyrking vere vanskeleg i strok med mykje regn.

Overvintringstilhøva set også grenser for bringebærdyrkinga. Enkelte sortar avmodnar seint og er utsett for frostskade tidleg på vinteren. Høgt innhald av nitrogen i plantene seinkar avmodning og kan føra til auka problem med frostskader.

Bringebær er utsette for knoppfrost dersom det kjem ein kuldebolk etter mildversperiodar på etterjulsvinteren. Skotspissane kan også fryse, men dette problemet er mindre.

Ein skal vere varsam med å plante bringebær i tidlege sørhellingar. Varm vårsol kan vekkje knoppane for tidleg og auke risiko for frostskade. Store snømengder kan også vere uheldig for overvintringa.

Etablering av felt

Når ein har funne ein gunstig plass for eit bringebærfelt, bør ein syte for ein eller fleire forkulturar som gjev jord i god hevd og som er fri for fleirårige ugras. Dette er særleg viktig ved økologisk dyrking.

Eitt år grønfôr med raigras som vert hausta ofte og deretter eitt år potet med god ugrasregulering vil som regel ta knekken på kveka som er det mest brysame rotugraset. Det bør alltid nyttast statskontrollerte planter ved etablering av nytt felt. Grunna risiko for virussmitte bør ein ikkje ta rotskot eller grønstiklingar frå gamle felt.

Planting på 10-30 cm høge drillar sikrar god drenering og rask oppvarming av jorda i planterada. Radavstanden bør vere 2,5 m eller meir, avhengig av teknisk utstyr som eventuelt skal brukast mellom radene. Tilrådd planteavstand ved nyetablering er 50-60 cm.

Radene bør minst ha eit 60-70 cm breitt område med open jord. I gangane mellom planteradene bør ein med tanke på oppbygging av humus så til med fleirårige vekstar. Ein bør gjødsle såpass at det vert godt med næring både til bringebærplantar og det som veks i gangane.

Ein blanding av gras og kløver kan anbefalast, men ver merksam på at det i bratt terreng kan bli glatt dersom kløverinnslaget er for stort, og at gras konkurrerer sterkt med bringebærplantane.

Plast

Planting på plast er aktuelt. Enkelte har sjølve rada i open jord, men legg ut plast på båe sider av rada med ein smal gang i midten som vert sådd til. Dette hindrar ugrasinvasjon i rada, ein kan få lagt ut kompost/husdyrgjødsel i rada, samstundes som ein får redusert dei nemnte negative effektane av mellomkulturen.

Vekstskifte og jordtrøyttleik

Normalt kan ein rekna at bringebærfelt kan liggje i cirka 10 år. Om det er lite ugras og lite teikn til virussmitte, kan det liggje lenger.

Etter rydding av bringebærfelt må det gå fleire år før ein kjem att med bringebær på same område. Vekstar som høyrer til rosefamilien, medfører ofte jordtrøyttleik etter mange års dyrking. Orsaka til dette er sannsynlegvis knytt til næringsforsyning og sjukdomsorganismar i jorda.

Gjødsling

Gjødslinga må tilpassast næringstilstanden i jorda, og ver og vekst i det enkelte år. Aktuelle gjødselmiddel er kompostert eller nesten fersk husdyrgjødsel, land og steinmjøl.

Bringebærriset vert fjerna kvart år, og dermed blir mykje næringsstoff fjerna frå feltet. Sidan bringebær er næringskrevjande og det veks planter i gangane som treng gjødsling vert det naudsamt å tilføre nokså mykje gjødsel.

Bringebærplantene treng mykje næring frå våren av, medan ein må vere meir varsam med tilførsla på ettersommaren, særleg med nitrogen. Dette fordi ein kan risikere å få for sein avmodning av skota og dermed fare for overvintringsskade.

Nitrogen

For mykje nitrogen kan gje ubalanse i emneomsettinga i plantane og gjere dei meir utsett for skadedyr og sjukdomar. Årsaka til dette er at for mykje nitrogen gjer at plantane utviklar ein svakare struktur i celleveggene som det er lettare for skadelege organismar å trengje gjennom. Samstundes må det vere tilstrekkeleg med nitrogen også på ettersommaren for å unngå reduksjon i avlinga.

I konvensjonell dyrking er det vanleg å gjødsle fleire gonger gjennom sesongen.

Erfaringsgrunnlag

Grunna generelt liten erfaring med økologisk bærdyrking i Noreg er det vanskeleg å gje konkrete råd om berekning av gjødselmengder i økologisk bringebærdyrking. Kvar dyrkar må i stor grad prøve seg fram og vinne erfaring. Ved sidan av å vurdere korleis trivselen i feltet er, kan det vere nyttig å ta bladprøver i månadsskiftet august/september, for å sjå korleis ein har treft med gjødslinga.

Den lokale rådgjevingstenesta kan gje råd om riktig tidspunkt for bladprøver. Dette kan brukast som erfaringsgrunnlag og rettesnor i starten for å planlegge gjødsling neste år. Optimalområde for viktige næringsstoff i bladanalysar finn du her.

Bor er det viktigaste mikronæringsemnet. For lite bor kan føre til at skotspissar og knoppar visnar, gje redusert pollenkvalitet, og verke negativt på overvintringsevna. Ved bormangel kan ein søkje dispensasjon hjå Debio for å få bruke boraks.

Manganmangel kan ein få dersom pH vert for høg.

Husdyrgjødsel og kompost

Gjødsling med 2-4 tonn fast husdyrgjødsel per dekar om våren vil vere høveleg. Gjødsla kan vere fersk eller kompostert eller ei blanding av desse. Mengdene må sjølvsagt vurderast etter husdyrgjødsel og jordforhold. Gjødsla bør leggjast i og langs med radene tidleg om våren og så dekkjast til med anna organisk materiale.

Særleg i år med mykje nedbør kan det bli behov for ekstra nitrogentilskot. Land er då eit aktuelt gjødselmiddel. Om ein er redd for at det vert for mykje nitrogen til bringebærplantene etter hausting kan ein la graset i gangane få veksa godt. På den måten kan ein utnytte konkurransen mellom anna vegetasjonen og bærbuskane.

Anna gjødsel

På Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland er det gode røynsler med å tilføre kompostert husdyrgjødsel i planterada om våren og deretter leggje eit lag med oppkverna lauvtrekvist oppå komposten. Denne kvisten forsvinn i løpet av vekstsesongen, og har såleis ein viss gjødselverknad. Dette er ein metode som liknar på forholda som villbringebær veks under.

Gras frå gangane kan og leggjast inntil radene, men ikkje i radene.

Stell av kulturen i vekstsesongen

 Hekken bør haldast smal, ikkje over 30 cm. Det regulerer ein enklast med slåmaskin. Det er viktig å halde hekken open gjennom heile sesongen.

Ein bør tynne i skota slik at det er 7 til 10 berande stenglar og 10 til 12 nye skot per meter rad. I økologisk dyrking kan det løne seg å ha litt færre stenglar enn i konvensjonell dyrking med tanke på å førebyggje soppangrep.

Dersom det er mykje stengelsjukdomar i feltet, bør gamle skot fjernast om hausten. Dette bør truleg også vere regelen ved økologisk dyrking her i landet, men ein skal vere merksam på at fjerning av skota om hausten aukar faren for overvintringsskade. Dette skuldast truleg at karbohydrat vert overført frå dei gamle skota til dei nye utover hausten/vinteren, og at dette gjer dei nye skota meir vinterherdige.

Topping

Det er vanleg å toppe bringebæra til høveleg plukkehøgde - men også fordi bæra er små i toppen. Det er tilrådd å toppe om hausten der det er fare for vindskade, medan det i strok med risiko for frostskade bør toppast om våren.

Det blir rådd til å toppa 2-4 knoppar over toppehøgd om hausten, og så toppa att om våren.

Gjerdemetoden

Oppbinding med gjerdemetoden er vanleg for bringebær. Ein set ned stolpar midt i planterada med ein avstand på 4 meter mellom kvar stolpe. Lengda på stolpene bør vere slik at dei rekk minst 1,5 m over bakken. På kvar stolpe skal det vere eit 90 cm langt tverrtre om lag 150 cm over bakken.

På tverrtreet festar ein spikrar eller anna feste for dei to trådane som ein strekkjer opp langs planterada. Det skal vere fire trådfeste, dei to inste med 30 cm mellomrom (tilsvarande breidda på planterada) og 80 cm mellom dei to ytste. Om våren bind ein skota til tråden med snor eller klips - halvparten til kvar side.

Ein let tråden stå i innerstilling fyrst på sommaren, og når bløminga er i gang, flytter ein dei i ytterstilling. Ein oppnår då at fleire sideskot med bær vender inn mot gangen. Dette fremjar modninga og lettar plukkearbeidet. Samstundes blir det då lysare for dei nye skota som vanlegvis veks opp i mellom dei to radene med berande skot.

Ugras, sjukdomar og skadedyr

I økologisk dyrking er strategien mot ugras, sjukdomar og skadedyr å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der dei ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar.

Det er gjeve ut eit eige hefte med tiltak mot skadegjerarar i økologisk bringebærdyrking, se lenke under. Under nemnast nokon skadegjerarar og tiltak mot dei heilt kort.

Eit viktig førebyggjande tiltak mot ugras er å syte for å ha jord som er fri for ugras ved etablering. Deretter er det avgjerande å finne dyrkingsmåtar som hindrar at ugras etablerer seg i rada.

Ved planting er bringebærplantane konkurransesvake, men når hekken er vel etablert, konkurrerer dei relativt godt mot ugras i rada. Største utfordringa er difor å halde ugraset borte inntil hekken er skikkeleg etablert.

Dekkemateriale

Til dekking mot ugras i bringebær bør ein helst bruke eitt eller anna organisk materiale, og helst noko som er tilgjengeleg i nærmiljøet. Ein må rekne med at handluking i rada er nødvendig.

Dekking med gras kan gje for høg jordråme og låg jordtemperatur, og dermed auka risiko for rotråte. Bark, sagflis eller halm er aktuelt, men ein må vere merksam på at for tjukke lag gjer at jorda vert seint oppvarminga om våren. Materialet er også rikt på karbon og fattig på nitrogen, så det vil stele nitrogen frå jorda når det vert brote ned. Dette må ein ta omsyn til i gjødslinga.

Plast er eit effektivt dekkemateriale mot ugras. Det er ei ulempe at jordråmen kan verte for høg under plasten. Sjølv om plast er eit lovleg driftsmiddel innanfor regelverket meiner fleire at det ikkje er aktuelt i økologisk drift og at ein må finne andre løysingar. Handluking i rada er som regel nødvendig også når ein bruker plast.

Skadedyr

I økologisk dyrking er det ei sentral oppgåve å syte for gode livsvilkår for dei naturlege fiendane til skadedyra som kulturvekstane er utsette for. Dei naturlege fiendane er insekt i ulike stadium av livssyklusen, slik som laupebiller, rovteger, marihøner, gullauge og saksedyr, samt større dyr som flaggermus og ulike fugleartar.

Eksempel på tiltak som kan fremje bestanden av nyttedyr:

  • fuglekassar og andre typar «reir» for nyttedyr i og rundt feltet
  • jorddekke av daudt plantemateriale er fint skjul for mange insekt
  • blomstrande plantar med ulik blomstringstid i nærliggande område sikrar nektar og pollen til insekta

Bringebærbille: Det avgjort verste skadedyret i bringebær er bringebærbilla. Den opptrer årvisst og gneg på blomeknoppane og legg egg i blomane. Larva gneg i blome, kart og bær. For å redusere angrepa av billa må feltet ha god avstand til villbringebær og andre vekstar i rosefamilien. Tidleg om morgonen dett billene lett ned og ein kan då vatne med kaldt vatn eller banke/riste på stenglane. Når billene fell ned må det vere rovinsekt på bakken til å ta hand om dei der, særleg rovtege og nebbtege. Desse trivst godt med laus jord og litt kvist og kvast i rada.

Bladlus: Det største faremomentet med bladlus er spreiing av virus. Ved bladlusangrep kan sprøyting med ei blanding av rapsolje og grønsåpevatn ha ein viss verknad.

Andre skadedyr: Det er også ei rekkje andre skadedyr som år om anna kan gjera skade i bringebær. Dei viktigaste er bringebærfluge, bringebærmøll og bringebærborkgallmygg. Godt stell, mekanisk ugrasreinhald og fjerning av sjuke skot er viktige førebyggjande tiltak.

Hausting

Det er ein stor føremon å hauste relativt ofte for å unngå overmodne bær og ikkje minst fjerne sjuke bær jamleg.

Bær til friskkonsum må haustast ofte, det vil seie annankvar eller tredjekvar dag. Bæra må haustast mens dei ennå er faste, dvs. som raudmodne. Bær til industri kan haustast sjeldnare, og gjerne vere meir modne. Rask nedkjøling av bæra etter hausting er avgjerande for kvaliteten.

Haustearbeidet utgjer største utgiftsposten i bringebærdyrkinga. Plukkekostnadane er lågare på sortar med store bær samanlikna med sortar med små bær.

Ein har lite talmateriale for oppnådd avling i økologisk bringebærdyrking, men i bæråra kan ein anslagsvis vente seg mellom 700 og 800 kg salsavling per dekar.

Marknad

Den som tenkjer på å plante ut nytt bærfelt, må fyrst avgjera kva marknad han eller ho skal satse på. Sortsvalet blir i stor grad avgjort av om bæra skal leverast til industri, sjølvplukk eller friskkonsum.

Dei som vil satse på sjølvplukk, må helst velja sortar som er gode både som etebær og til sylting, og gjerne ha eit større utval av sortar så folk kan velja.

Med tilgang til fryseanlegg kan ein kan fryse ned bær som kan seljast som frosen vare eller brukast til vidareforedling seinare.

Les mer

Benediktsson, A. 2021. Hallon i ekologisk odling. JO21:3, Jordbruksverket

Døving, A. 2010. Haustberande bringebær. Bioforsk Tema nr. 3, 2010

Døving, A. m.fl. 2011. Plasttunnelar for dyrking av økologiske bær. Bioforsk Tema nr. 1, 2011

Heiberg, N. 2007. Økologisk bringebærdyrking. Dyrkingsrettleiing med hovudvekt på jordkultur og gjødsling

Henriksen, J.K. & A. Vintland 2023. Sortsforsøk i økologisk bringebær på friland og i tunnel.nlr. no, 5.4.2023

Nes, A. & T. Takle 2012. Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Bringebær. Bioforsk Tema nr. 14, 2012 

Nes, A., T. Takle & G.L. Serikstad 2012. Bringebærdyrking i økologisk landbruk. Bioforsk Fokus nr. 6, 2012 

Røen, D. m. fl. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk Fokus nr. 7, 2008 

Slågedal, I. B. 2021. Utvikling av økologisk bringebærdyrking. Nlr.no

Strbac, S. 2020. Økologisk bringebærdyrking. www.nlr.no 23.10.2020

Trandem, N. m.fl. 2011. Bladmidd i økologisk bringebærdyrking. Bioforsk Tema nr. 13, 2011

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no