Myrtistelplanter forekommer ofte i beitemark. Foto: Anita LandMyrtistelplanter forekommer ofte i beitemark. Foto: Anita Land

Mekanisk bekjemping av tistel

I mange område er myr- og vegtistel eit stort problem. Dette gjeld spesielt i beiteområde. Heldigvis er det gode moglegheiter for å nedkjempe desse tisteltypane med enkle reiskapar.

Tistel 1
Det er viktig å få med alt det grøne av planta når ein hakkar tistel. Det er òg ein fordel å legge planta med rota opp for ei raskare uttørking av planta. Foto: Torbjørn Ruud

Både myr- og vegtistel er toårige planter. Fyrste året dannar dei ein bladrosett og bygger opp næringsreservar. Denne rosetten overvintrar, før planta dannar stengel med blom og frøsetting andre året. Begge tisteltypane formeirar seg utelukkande med frø. Frøa hos begge tistelartane er  svært spirevillige. Det betyr at dette er eit ugras som lett tek overhand dersom ein ikkje fører ein kontinuerleg kamp mot det.  

Tistel 2
Dersom ein får med mykje jord når ein hakker plante (oppe til venstre), kan det vere ein fordel å dele planta opp for å sikre uttørking. Foto: Torbjørn Ruud

Slår til i vekstpunktet  

Begge desse tisteltypane har eit grunt rotsystem og vekstpunktet like under jordoverflata. Fleire forsøk utført av NLR Rogaland har vist at kutting av planta like under jordskorpa er ei effektiv bekjemping. Det er viktig at ein får med seg alt det grøne av planta for å vere sikker på at vekstpunktet er øydelagt. Under normale forhold vil både rota og dei overjordiske delane av planta tørke ut og døy etter ei slik behandling. Dersom ein får med svært mykje jord når ein høgg av tistelen kan det vere naudsynt å dele han opp i fleire bitar for å vere sikker på at tistelen skal tørke ut. Dette kan òg vere naudsynt i tilfelle med store planter, eller der planta står i full blomst for å vere sikker på at planta tørker ut. Bekjemping av tistel kan utførast både vinter, vår og somar.  

Fakta om myrtistel 

  • Toårig plante 
  • Formeirar seg utelukkande med frø 
  • Om lag 7 000 frø pr. plante 
  • Trivst på våte og fuktige stader. Gjerne vassjuk beitemark eller myr. 
  • Grunn pålerot 

Fakta om Vegtistel  

  • Toårig plante 
  • Formeirar seg utelukkande med frø 
  • Om lag 2 800 frø pr. plante 
  • Trivst på tørr og lett jord, men førekjem òg på tyngre jordtypar. 
  • Pålerot

Kjelde: Plantevernleksikonet 

Reiskap du fiksar sjøl 

Det er mange reiskapar vi kan bruke for å ta knekken på tistel, og fleire kan lagast heime. Det er ikkje nokon fasit på kva som er best, men prinsippet er å kutte planta under jordskorpa. Kva patent ein vel kjem an på mengde tistel, terreng og personlege preferansar. Her har me teke med eit utval av heimelaga hakker som inspirasjon. 

Tistelhakke Forhausterkniv

Dette er ei heimelaga hakke laga av ein fôrhausterkniv der det er sveisa på eit stålrøyr for montering av skaft. Hakka har ei god tyngdefordeling, som gjer det lett å slå av tistlane og komme til litt ned i jorda. Hakka er til gjengjeld tyngre å drasse med seg rundt om i beitet.  
Laga av Ivar E. Espeland 

Tistelhakke Skålhorv

Hakkehovudet er laga av ei skålhorv. Fordelen med denne er at ho er lett å dra med seg. Ein har både ei brei og ei smal side som begge er kvasse. Dermed kan ho òg brukast på tronge stader, mellom stein og kratt.  
Laga av Otto Apeland

Tistelhakke Fjørhorv

Dette er to tindar frå ei gamal fjørhorv som er sveisa saman i lengderetning. Her er det òg valt å slipe den eine enden flat og den andre spiss, dette for å utvide fleksibiliteten til hakka. Eit solid alternativ med høg effektivitet og lang levetid.  
Laga av Jan Sveinung Heskestad

Potethakke

Her er ein variant som ikkje krev sveising. Det er ei ordinær potethakke som er slipa om. Lettare å lage enn dei øvrige hakkene. Ho er òg lett å bære med seg i beite, men noko svak i overføringa mellom skaft og hakke.  
Laga av Birger Bådsvik

Tistelhakke Grafse

Denne varianten er eit resultat av omsliping av ei gamal grafse. Fordelen med denne hakka er at det er eit solid skaft, og solid overføring mellom skaft og hakke. I tillegg er ho lett å bære med seg. Kristin Høgemark har laga den.

Forskalingshammer

Dette er eit alternativ som ikkje krev omarbeiding. Det er ein forskalingshammar. Her nytter ein "kloa" på baksida av hammaren til å hakke opp tistelen med. Det er ein fordel at "kloa" er rett som på biletet, og ikkje krumma som på ein vanleg hammar. Denne varianten passar godt dersom ein har store areal og relativt få og spreidde tistlar. Hammaren er lett å bære med seg, og kan ligge i traktor og firehjular utan at han ligg i vegen. Dermed har ein alltid ei tistelhakke tilgjengeleg.

Havsalt 2

Salt 

Her er prinsippet å tre på seg solide gummistøvlar og ta med seg ei bøtte med salt. Dersom ein set hælen godt ned midt i tistelen, vrir foten for å lage eit solid sår i tistelplanta før ein plasserer ein neve med salt i krateret, vil dette òg føre til uttørking og død for planta. 

Artikkelen har tidligere stått i Økologisk landbruk

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no