Belgvekst Foto Al

Proteinforsyning

Ei særleg utfordring i økologisk husdyrproduksjon er tilgang til proteinrikt fôr. Ekstrahert soya er den viktigaste proteinkjelda i konvensjonelt landbruk. Dette kan ikkje brukast i økologisk produksjon på grunn av forbod mot kjemisk ekstrahering av fôrmiddel.

I Noreg har vi lang tradisjon i å bruke fiskemjøl. Fiskemjøl er eit proteinrikt fôr på nivå med soyaprotein. Det er stilt etiske spørsmål ved bruk av fiskemjøl til fôr, fordi det er lite berekraftig. Store delar av fiskemjølet som blir produsert på verdsbasis, kjem frå småfisk som ansjos, sardinar og makrell fiska frå verdshava. Det er lite berekraftig å bruke fisken som fôr i staden for som direkte mat til folket. Det meste av fiskemjølet som blir produsert, går til fôr til fiskeoppdrettsnæringa, men Noreg har også hatt tradisjon for å bruke fiskemjøl som proteinkjelde i fôr til både drøvtyggjarar, gris og fjørfe.

Fiskemjøl som proteinkjelde - forbode

Fiskemjøl kan ikkje brukast til drøvtyggjarar i EU grunna faren for prion i mjølet. Bakgrunnen for denne frykta er utbrot av kugalskap, som har vore spreidd via bruk av kjøttbeinmjøl frå sjuke dyr. Prion er spesielle, smittsame protein som er mindre enn dei minste virusa. I Europa blir fiskemjøl oftast produsert på dei same fabrikkane som kjøttbeinmjøl, og det er dermed fare for forureining frå kjøttbeinmjølet til fiskemjølet. Dette har vore hovudårsaka til forbodet mot fiskemjøl. I Noreg har vi eigne fabrikkar som lagar fiskemjøl, og Noreg har derfor lenge gitt lov til å bruke fiskemjøl også til drøvtyggjarar. Men i 2010 blei det også forbode i Noreg. Det blir jobba for å få internasjonal aksept for fiskemjøl som ei trygg fôrråvare også for drøvtyggjarar. I økologisk produksjon i Europa er det derimot eit generelt forbod mot fôring med animalske protein til drøvtyggjarar, og ein må derfor rekne med eit varig forbod i økologisk produksjon også i Noreg.

Andre proteinkilder

Andre proteinkjelder kan vere erter, søtlupin, åkerbønne og rybs/raps. Ein skal vere merksam på ulike typar antinutritive faktorar som gjer at bruken av vekstane må avgrensast noko, særleg til einmaga dyr. Eit døme på dette er tannin som finst i åkerbønner, erter og rybs/raps. Tannin bind seg til protein når dei blir brotne ned i tarmen, og hemjar den vidare nedbrytinga av proteinet i tarmen. Tannin er ikkje skadeleg for drøvtyggjarar. Eit anna døme er vicin og covicin i åkerbønner, som kan gi dårleg fruktbarheit hos svin og fjørfe. Alkaloid finst i lupin og er uheldig for både drøvtyggjarar og einmaga dyr. Glukosinolatar (særleg i erter), trybsininhibitorar og lectin (i rybs og raps) er andre skadelege stoff.

Av belgvekstane er det erter som er lettast å dyrke i større delar av landet, mens åkerbønne og lupin kan dyrkast i områda med lengst vekstsesong. Med unntak av rybs/raps er planteproteinfôrmidla kjenneteikna med låg del metionin og cystein og høg del lysin. Rybs/raps har derimot høgt innhald også av dei svovelhaldige aminosyrene. Rybs- og rapsfrø som ikkje er pressa eller ekstrahert, er svært feittrike, og feittet er for ein stor del umetta. Ved store mengder rybs/raps til gris må derfor hovuddelen av feittet vere pressa ut slik at ein kan unngå dårleg kvalitet på spekket.

Feittet er også ei utfordring for drøvtyggjarar, sidan det kan redusere meltinga i vomma, og spesielt kan det føre til lågare melting av celleveggstoffa. Det er analysar som tyder på at det er låg proteinverdi (AAT og PBV) i kaldpressa økologisk rybs/raps, og at ein bør finne måtar å presse ut endå meir av oljen på i pressresten. Låg proteinverdi kan verke negativt på fôropptak, mjølkeyting og feitt- og proteinprosenten i mjølka. Rybs/raps inneheld også spesielle komponentar som kan gi smaksfeil på mjølka. Presskake av rybs/raps har høgare råproteininnhald enn erter, åkerbønne og fullfeitt rybs/raps. Rybs- og rapsfrø inneheld trimetylamin, som gir fiskesmak på egga hos rasar som legg brune egg, og bør maksimalt utgjere 15 % av fôrblandinga.

Det er store utfordringar knytte til økologisk dyrking av oljevekstar. Dei har stort næringsbehov, problem med skadedyr og med spillfrø. Det blir arbeidd med å finne beste dyrkingsmåte, både med tanke på spillfrø og næringsbehov for vårrybs. I tillegg har ein gammal oljevekst, oljedodre (Camelina sativa) vist gode resultat i økologisk produksjon. Av haustoljevekstane er haustrybs mest aktuelt i økologisk produksjon, sidan denne skal såast seinare enn haustraps og ein rekk å hauste anna forgrøde først. Dei er også lite vinterherdige og passar best i område med lang vekstsesong. Erter er veleigna til fjørfe mellom anna på grunn av høgt innhald av aminosyra lysin. Ei ulempe er derimot lågt innhald av dei svovelhaldige aminosyrene metionin og cystein.

Erter er også aktuelt for gris grunna lysininnhaldet, men griser treng også metionin, som det dessverre er lite av i erter. Stivelsen i erter er tungt fordøyeleg, men dette kan kompenserast med varmebehandling. Tungt nedbryteleg stivelse gjer erter veleigna som energifôr til høgtytande kyr. På grunn av ulike eigenskapar til proteinfôrmidla er det gunstig å kombinere fleire ulike proteinfôrmiddel i fôrrasjonen.

Les mer

Johansson, B. 2018. Bra proteinfoder till mjölkkor i ekologisk produktion. Jordbruksinformation 2018:3, Jordbruksverket

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no