Foto: Anita LandFoto: Anita Land

Rips

Rips kan dyrkast over heile landet, og er den mest hardføre bærarten vi har. Det er lite handelsdyrking av rips, men den er mykje dyrka i privathagar. Rips høyrer ikkje naturleg heime hjå oss, men ein finn ofte forvilla rips eller villrips.

Rips (Ribes rubrum) er i samme slekt som solbær. Dei to artane har mange felles eigenskapar, og dyrking av rips har mykje til felles med dyrking av solbær. Bæra er vanlegvis raude, men kan og vere fargelause. Som regel er bæra relativt sure.

Biologi og utvikling

Rips veks og utviklar seg mykje som solbær. Rotsystemet er ikkje fullt så mykje forgreina som hjå solbær. Greinene kan bli noko eldre før bæravling, og kvaliteten blir meir redusert enn det som er tilfelle for solbær. Rips blomstrar tidlegare om våren enn solbær.

Som for solbær er det viktig å syte for optimale vekstvilkår for plantane. Friske planter i god vekst er avgjerande for å halde nede åtak av sjukdomar og skadedyr.

Høveleg jord og klima er grunnleggjande føresetnader for det.

Viktig å hugse på i ripsdyrkinga:

  • Ha klare planar for omsetning før utplanting.
  • Rips vil ha moldhaldig jord med god råme.
  • Syt for gode forkulturar som gjev plantefelt frie for ugras.
  • Bruk tilpassa sortar.
  • Bruk berre friske stiklingar og planter.
  • Vær nøye med plantinga.
  • Vatning er viktig!

God skjering er viktig for avling, kvalitet og som førebyggjande tiltak mot sjukdomar.

Klima

Rips er den mest hardføre bærarten vi har. Det finst tilpassa sortar, slik at rips kan dyrkast over heile landet og relativt høgt over havet i Sør-Noreg. Sidan rips blømer tidleg, kan den vera utsett for frostskade i blomen. Verforholda kan vera meir variable når rips blømer, og difor er dårleg pollinering eit større problem i rips enn i solbær. Dette kan resultere i stort kartfall.

Jord

Rips bør dyrkast på veldrenert, moldrik jord med pH i området 5,5-6,5. Rips vil ikkje hevde seg så godt på litt dårlegare jord, sidan røtene er mindre forgreina enn hjå solbær.

Sortar

I norsk foredlingsarbeid i rips blir det lagt vekt på sterk resistens mot bladfallsopp, god form på buskene, god bærkvalitet.

Raud rips: Dei mest aktuelle sortane av raud rips: ’Raud hollandsk’ er den dominerande ripssorten her i landet. Bæra er relativt sure. Sorten er hardfør, sterk mot sjukdomar og med kraftig vekst og god buskform. ’Jotun’ er ein middels tidleg norsk sort som er sterk mot sjukdomar. Veksten er middels kraftig og opprett. Sorten gir bra avling og har store klasar. ’Nortun’ er også ein norsk sort som er sterk mot sjukdomar. Den er mindre vinterherdig enn dei førstnemnde sortane. Sorten er tidleg og gjev god avling av bær som er gode å eta. ’Altas’ er ein norsk spesialsort for Nord-Noreg. Sorten er sterk mot sjukdomar og har ein kraftig og noko utbreidd vekst. Bæra modnar tidleg og klasane er relativt store.

Kvit rips: Kvit rips er generelt svakare mot bladfallsoppar enn dei raude sortane, og difor truleg mindre aktuelle for økologisk dyrking. Kvit rips har god kvalitet og er søte og gode, så det kan likevel vera verdt å prøve ein av dei kvite sortane, til dømes ’Kvit hollandsk’ eller ’Weise von Joteberg’. Føresetnaden er då at ein plantar på ein stad med god gjennomlufting og skjer godt i busken for å førebyggje soppangrep.

Dyrking

Stiklingsformering: Ved stiklingsformeiring gjev det sikrare resultat å stikke ripsstiklingane om våren enn om hausten.

Skjering: Ved skjering av rips er regelen at ein let greinene bli frå 4 til 6 år gamle. Etter skjeringa skal det stå att like mange greiner som i ei solbærbusk.

Oppbinding og lysforhold: Oppbinding i hekk kan vera særleg aktuelt for sortar med krypande vekst. Betre lysforhold gjev søtare bær. Metoden gjev større klasar, og er svært aktuell ved sal av bær til friskkonsum.

Plantevern, sadedyr, sjukdomar og ugras

Rips er lite utsett for skadedyr og sjukdomar. Ugrasrein jord før planting er særs viktig. I rada må jorda vera utan vegetasjon, og helst med jorddekke. Halm, bark og oppkutta flis er aktuelle dekkemateriale. Sjå elles drøftingane om ugras hos bringebær.Rips er lite utsett for skadedyr og sjukdomar, bortsett frå bladfallsoppane. Rips er meir utsett for desse enn det solbær er, og resistens mot bladfallsopp er eit sentralt mål i ripsforedlinga.

Vatning 

Rips har litt svakare rotsystem enn solbær. Difor stiller den endå større krav til god vasstilgang, i dei same periodane som solbær. Dei fleste stader er det gunstig å ha tilgang til vatning. Det er særleg viktig at buskene får tilstrekkeleg tilførsle av vatn i juni og juli. For lite vatn i denne perioden kan føre til redusert bæravling og skotvekst. Redusert skotvekst kan føre til redusert avling neste år. God tilgang på vatn i juni er også positivt for å redusere kartfallet. Erfaring har synt at ein tørrperiode på 3-4 veker etter at danning av blomsterknoppen tek til i slutten av juli, har positiv verknad. Seinare er det derimot viktig med god tilgang på vatn for knopputviklinga og dermed for avlinga neste år. Vatningssystemet må veljast mykje ut i frå dei same vurderingane som er nemnt for bringebær.

Hausting

Rips kan haustast etter bankemetoden, slik som solbær. Haustemaskiner kan også nyttast til rips. Rips til friskkonsum må haustast manuelt. Rask nedkjøling etter hausting er avgjerande for kvaliteten. Avlingstal for økologisk dyrking har ein ikkje, men det er ingen grunn til å tru at dei skal vera lavare enn ved konvensjonell drift. Bankemetoden er aktuelt på areal opp til 30-40 dekar. Utstyret er rimeleg. Ein set glasfiberbaljer under buskene, og bankar på  greinene slik at bæra dett ned i karet. Deretter tømmer ein bær opp i eit renseverk som er kopla til traktoren. Renseverket fjernar blad og rusk ved hjelp av luft. Ein flink person vil lett hauste 30-40 kg i timen med bankemetoden.

Les meir

Mogan, S. 2021. Vandret i økologisk ribes gjennom Østlandet. NLR Viken. nlr.no

Røen, D. m. fl. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk Fokus nr. 7, 2008 

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no