I økologisk dyrking er det ei sentral oppgåve å syte for gode livsvilkår for dei naturlege fiendane til skadedyra som kulturvekstane er utsette for. Foto: Anita LandI økologisk dyrking er det ei sentral oppgåve å syte for gode livsvilkår for dei naturlege fiendane til skadedyra som kulturvekstane er utsette for. Foto: Anita Land

Solbær

Solbær dyrkast over det meste av landet, og er lite utsett for skadedyr. Planta krev lite næring, men for å få godt utvikla buskar med jamn avling bør du likevel tilføre noko gjødsel kvart år.

Solbær (Ribes nigrum) høyrer til sildrefamilien, noko som tilseier at dei trivst best der det er godt med råme. Daglengda har stor innverknad på vekst og utvikling hos mange av sortane. Viltveksande solbær finst fleire stader i Norden, mest i kyststroka. Mellom anna i Sør-Varanger reknar ein med at det er ei stamme. Ville solbær høyrer til same art som dyrka solbær. Den trivst i fuktige skogar og kratt, og er ikkje spesielt lyskrevjande.

Til liks med dei andre bærslaga er det viktig å syte for optimale vekstvilkår for plantane. Friske planter i god vekst er avgjerande for å halde nede åtak av sjukdomar og skadedyr. Høveleg klima og jord er grunnleggjande føresetnader for det. Rotsystemet er grunt og sterkt forgreina, i eit område som er 50 % større enn det buska dekkjer. Ein finn om lag 75 % av rotmassen i dei øvre 25 cm av jordprofilet. Rotutviklinga varierer etter jordtype, slik at det ikkje vert danna så mange fine røter på stive jordartar.

Nye skot veks opp kvart år. Skota vil normalt blomstra og gje bær sommaren etter. Skotveksten er kraftigast på forsommaren. Solbær er ei kortdagsplante. Blomsteranlegga vert danna på ettersommaren og hausten. Alle aktuelle sortar er sjølvpollinerande. 

Viktig å hugse på i solbærdyrkinga:

  • Ha klare planar for omsetning, før utplanting
  • Solbær vil ha moldhaldig jord
  • Plant ikkje der det er fare for frost under bløminga
  • Syt for gode forkulturar, som gjev plantefelt fri for ugras
  • Bruk tilpassa sortar
  • Plantesystem må vera tilpassa haustemetode og bruk av anna teknisk utstyr
  • Bruk berre friske stiklingar og planter
  • Vær omhyggeleg med plantinga
  • God skjering er viktig for avling, kvalitet og som førebyggjande tiltak mot sjukdomar.
  • Vatning er viktig!

Klima

Daglengda verkar sterkt inn på vekst og utvikling hjå mange sortar. Fleire av dei beste sortane for Nord-Norge får til dømes små og krypande buskar når dei dyrkast i Sør-Norge. Dei avsluttar veksten for tidleg, fordi det er for kort daglengde i Sør-Norge allereie tidleg på sommaren for mange av dei sortane som er tilpassa veksetilhøva i nord. Solbær er var for frost i bløminga. Buskane treng god vasstilgang i juni, juli og september. Dersom nedbøren på staden normalt kjem til andre tider må vatningsanlegg vere tilgjengeleg. Mykje snø kan skade buskane. I strok med mykje snø bør ein difor ha eit enkelt system for å binde opp buskane om vinteren. Mykje snø kan også føre til kveling av skota. Borken sprekk gjerne opp, og ulike sopporganismar kan få innpass.

Jord

Til solbær bør ein unngå sandjord og stiv leire. Solbær trivst best på moldhaldig jord med god råme. For å sikre god rotutvikling bør jorda vera veldrenert og ha god struktur. Optimal pH er 5,5-6,5.

Sortar

Det er stadig nye sortar under utvikling. Dei viktigaste foredlingsmåla i solbær er avlingsevne, kvalitet, resistens mot mjøldogg og solbærgallmidd, og opprett veksemåte. Når det gjeld kvalitet, blir det særleg fokusert på innhald av C-vitamin og tørrstoff. Det norske sortimentet skulle høve godt også for økologisk dyrking.

Aktuelle sortar i Sør-Noreg og Nord-Noreg er vist under. Dei relativt nye Ben-sortane er utvikla i Skotland. Dei utmerker seg med opprett vekst og god resistens mot mjøldogg. To av Ben-sortane, ’Ben Nevis’ og ’Ben Lommond’, er ikkje tekne med, på grunn av sviktande resistens. Den nordsvenske sorten ’Øjebyn’ er framleis ein viktig sort her i landet. ’Hedda’, ’Kristin’ og ’Narve Viking’ er norske sortar. Mange av sortane har synt stor variasjon i avlingsmengd og andre eigenskapar etter dyrkingsstad.

Oversyn over nokre solbærsortar som er aktuelle for økologisk dyrking i Sør-Noreg:

SortAvlingMjøldoggresistensVeksemåteTidleg/SeinC-vitTørrstoffSmak
ØjebynMiddelsGodNedliggjandeTidleg Lågt Lågt God
HeddaMiddelsGodMiddels opprett Tidleg LågtHøgtMiddels
Ben Tron GodGodOpprett Tidleg HøgtHøgtSpesielt god 
Ben AlderGodGodOpprett Middels tidleg HøgtHøgtGod 
Ben Tirran GodGodOpprett SeinHøgtHøgtGod 
Kristin GodGodOpprett Middels tidleg Middels høgtHøgtSpesielt god 
Narve VikingGodGodOpprett Middels tidleg Middels høgtHøgtSpesielt god 

Aktuelle solbærsortar for økologisk dyrking i Nord-Noreg:

  • ’Øjebyn’ er middels tidleg og går bra på Helgeland og Ytre Salten.
  • ’Jänkisjärvi’ har opprett vekst, er tidleg og gjev store bær og god avling. Vinterherdig. Tilrådd planta i Nordland og Troms.
  • ’Sunderbyn II’ er tidleg og hardfør og sterk mot mjøldogg, men svak mot solbærgallmidd. Kan plantast i heile Nord-Norge.
  • ’Nikkala XI’ er noko seinare enn Sunderbyn II, men gjev stor bær med god kvalitet. Veksten er krypande. Kan plantast i Nordland og Troms.
  • ’Imandra’ er ein tidleg russisk sort som gjev god avling. Resistent mot mjøldogg. Mest aktuell lengst i nord

Etablering av felt

Solbær bør ikkje plantast på frostutsette stader. Dette gjeld særleg sortar som blømer tidleg. Sortane som ein har i dag, er stort sett seintblømande. Det kan vera lurt å plante solbær i ei svak helling. Det vil vera gunstig både med tanke på både frostfare og for å sikre god drenering. Med tanke på å førebyggje soppsjukdomar er det gunstig å plante på ein litt luftig plass, med radene på langs med vindretninga.

Det bør vera minst fire år opphald mellom kvar gong ein dyrkar solbær på eit felt. Jordbær er også ein dårleg forkultur for solbær, på grunn av ein felles nematode. Også her bør det vera minst fire års avstand. Før planting må vi ha forkulturar som gjev jord i god hevd og som er fri for fleirårige ugras. Dette er særleg viktig ved økologisk dyrking. Kveke er det mest brysame rotugraset. Eitt år med grønfôr med raigras som vert slege ofte, fylgt av eitt år potet med god ugrasregulering, vil som regel ta knekken på kveka.

Kva plantesystem ein skal velja, er avhengig av haustemetode. Handplukking er lite aktuelt i kommersiell dyrking, men for mange kan det vera aktuelt å tilby sjølvplukk for interesserte. Skal ein dyrke solbær i særleg omfang, er det naudsynt å leggje til rette for mekanisering. Det er to alternativ å velja mellom, anten hausting etter bankemetoden eller å bruke haustemaskin. Det siste medfører store investeringar, og betaler seg berre på svært store areal. Hausteutstyr til bankemetoden er relativt rimeleg.

Det er mest vanleg å plante i enkeltrader i dag, men ved hausting etter bankemetoden kan det også plantast dobbelrader i trekantforband. I økologisk dyrking vil det truleg vera best å satse på enkeltrader med tanke på å førebyggje soppangrep. Planteavstanden kan vera 1,5-2 meter. Det bør vera plass til å køyre med traktor mellom radene eller dobbelradene. Ein bør plante nytt jamleg slik at ein til ei kvar tid har fleire felt med ulik alder. Dette er vesentleg for å sikre jamn produksjon. Normalt ligg solbærfelta rundt 10 år, men ved godt stell kan dei halde ut vesentleg lengre.

I køyrefeltet mellom radene bør ein så til med ei blanding av gras og kløver. I bratt terreng kan det bli glatt dersom kløverinnslaget er for stort. Gras konkurrerer sterkt med solbærbuskane, så ein bør gjødsle såpass at det vert godt med næring både til bærbuskane og det som veks i gangane. I eit økologisk dyrkingssystem er det viktig å ha grøne planter størst mogleg del av vekstsesongen, med tanke på å binde solenergi. Energi er ofte minimumsfaktor i dei biologiske prosessane i jorda. Fleirårige vekstar er å føretrekke med tanke på oppbygging av humus.

Formeiring og planting

Det er enkelt å laga eigne planter av solbær gjennom stiklingsformeiring, og såleis få ned anleggskostnadene. Uansett om plantene vert kjøpt eller du lagar dei sjølv, er det viktig at utgangspunktet er sjukdomskontrollert. Ta stiklingar av friske morplanter, eller kjøp virusfrie stiklingar. 

Neste vår skjer ein heilt tilbake dei skota som voks opp fyrste sesongen. På den måten fremjar ein god forgreining frå basis. Normalt vil ein då få ei busk med 3-5 greiner som ein kan plante ut same haust eller neste vår. Solbær kan plantast om hausten eller om våren. Dersom ein plantar om hausten, må det ikkje vera seinare enn at plantane får tid til å røte seg og gå til kvile før hausten kjem. Haustplanting er gunstig for at plantane kan koma tidleg i gang om våren.

Planting

Sjølve plantearbeidet må foregå med stor omsorg for å sikre ein god start for plantane. Det er særs viktig å verne røtene mot uttørking, så av den grunn bør ein ikkje planta i sterkt solskinn. Plantane bør få stå i vatn nokre timar før utplanting. Jorda i planteholet skal vera finsmuldra og med god råme. Fin jord rundt røtene og god pakking etterpå er viktig for at røtene skal få god kontakt med jordråmen. Enkelte praktiserer også å dyppe røtene i ein tjukk velling av leire, fersk kumøkk og kjerringrokk rett før planting. Dette er ei forsikring mot uttørking, samstundes som plantane får med seg «niste». Plantane skal stå om lag 5 cm djupare enn dei gjorde i planteskulen. Det gjev ein breiare basis for ny skotvekst.

Dei lengste røtene kan kappast. Røtene skal leggjast slik at dei kan veksa utover. Det er også tilrådd å toppe plantane ned til ca 40-50 cm rett etter planting for å redusere faren for uttørking. I tillegg bør ein fjerne svake skot. Rett etter planting bør ein strø på kompost kring plantane og dekke med halm, flis eller gras. Dette er viktig som vern mot uttørking, som næringstilskot og for å hindre ugrasvekst.

Mellom radene bør ein så til med ei allsidig blanding av svaktveksande gras og kvitkløver. Det må ikkje bli for kraftig slik at det fører til mangel på næring eller vatn til solbærbuskene. Under buskene skal det ikkje vekse gras, men jorda bør dekkjast med organisk materiale.

Skjering

Skjering av buskene skal skje om våren. Skjeringsarbeidet er særs viktig for å sikre både avlingsmengde og god bærkvalitet ved at ein får stimulert veksten, fornya buskene og sikra betre ljostilhøve, gunstig form og veksemåte på buskane, fjerna sjuke skot og dermed letta kampen mot sjukdomar. 

Dei 2-3 fyrste åra etter planting skal ikkje solbærbuskene skjerast noko særleg. Ein skal berre fjerne skadde greiner og dei som ligg langs bakken. Svake årsskot inne i busken bør ein i regelen også ta bort.

Fornying

Etter 4 år startar ein med å skjera ut for å fornye buska. Greinene skal alltid skjerast nede ved bakken. Ein tek fyrst skadde og nedliggjande greiner, deretter dei eldste greinene, og så yngre greiner som er dårleg plassert. Svært små skot bør også fjernast, for dei vil aldri nå full utvikling. Ein kan ha som ei rettesnor at buska skal stå att med om lag 16 greiner med alder frå 1-4 år, om lag 4 greiner i kvar aldersgruppe. Solbær kan også dyrkast i hekk. Greinene vert då bunde opp på trådar langsetter rada. Dette gjev god lufting og godt med lys til bæra.

Gjødsling

Solbærbuskene er ikkje særleg næringskrevjande. For å få godt utvikla busker med jamn avling bør ein likevel tilføre gjødsel kvart år. Solbær treng relativt mykje kalium og mikronæringsemne, men skal ha lite nitrogen. Næringstrongen varierer med sort og klimaforhold. Når det gjeld hovudnæringsemna, er det årlege behovet per dekar rekna til om lag 2-5 kg nitrogen, 1 kg fosfor og 3-5 kg kalium.

I etableringsfasen treng plantane meir næring enn når dei er ferdig utvikla. Av den grunn må feltet vera godt oppgjødsla før planting. Rundt 2-4 tonn husdyrgjødsel per daa kan vera ei høveleg grunngjødsling, avhengig av gjødsling til forkultur og lokale forhold elles. Deretter kan det høve med 1-2 tonn husdyrgjødsel per daa i året. Ein må også her sjå på mellomkulturen som ein viktig del som skal gjødslast, slik at den ikkje konkurrerer med bærbuskene.

Utfordringa er å få til ei tilpassa gjødsling. Det kan fort bli for mykje nitrogen, som gjev for sterk skotvekst og kan redusere blomsterdanninga. Det kan også gje uheldig form på buskene. Nitrogentilgangen må regulerast når det vert vatna mykje eller når det kjem mykje nedbør. Det kan vera aktuelt å ta ut bladprøver i månadsskiftet august/september, og bruke resultatet som grunnlag for gjødselplanlegginga neste år. Den lokale rådgjevingstenesta bør kontaktast for å finne riktig tidspunkt for bladprøver. Ein veit lite om bladanalyser er eit tenleg reiskap for å finne rett gjødsling i økologisk bærdyrking. Truleg er det mest aktuelt som ei rettesnor i starten, inntil dyrkaren har fått erfaring. Optimalområde for næringsinnhald i blad frå solbær er vist i tabellen under.

Optimalområde for næringsinnhald i blad frå solbær (prosent av tørrstoff)

Nitrogen (%) Fosfor (%) Kalium (%) Magnesium (%) Kalsium (%) 
2,6 - 3 0,2 - 0,3 1,2 - 1,80,2 - 0,4 1 - 1,5 

Gjødselverknad frå dekkmateriale

Dekkmaterialet som ein legg under solbærbuskene, vil også kunne ha gjødselverknad. Ein bør unngå å leggje gras rett under buskene, for det kan gje sterk nitrogentilførsle til buskene. Brukar ein halm eller kvist vil ein del av nitrogenet bli bunde i nedbrytinga, og gjødselverknaden kjem fyrst etter nokre år.

Vatning

På grunn av det grunne rotsystemet er solbær relativt tørkesvak. Dei fleste stader er det gunstig å ha tilgang til vatning i solbærdyrkinga. Det er særleg viktig at buskene får tilstrekkeleg tilførsle av vatn i juni og juli. For lite vatn i denne perioden kan føre til redusert bæravling og skotvekst. Redusert skotvekst kan føre til redusert avling neste år. God tilgang på vatn i juni er også positivt for å redusere kartfallet.
Erfaring har synt at ein tørrperiode på 3-4 veker etter at danning av blomsterknoppen tek til i slutten av juli, har positiv verknad. Seinare er det derimot viktig med god tilgang på vatn for knopputviklinga og dermed for avlinga neste år. Vatningssystemet må veljast mykje ut i frå dei same vurderingane som er nemnt for bringebær.

Ugras

Ugrasrein jord før planting er særs viktig. I rada må jorda vera utan vegetasjon, og helst med jorddekke. Halm, bark og oppkutta flis er aktuelle dekkemateriale.

Sjukdomar og skadedyr

For å førebyggje soppsjukdomar er det viktig å syte for god gjennomlufting av buskene, både ved plassering av feltet og med god skjering. 

Mjøldogg (Sphaerotheca morsuvae)er den alvorlegaste sjukdomen i solbær. Mjøldogg syner seg som eit kvitt belegg i toppen på unge skot og på blad. Seinare blir fargen mørkebrun og til sist brunsvart. Ved sterke angrep tørkar skota ut om vinteren. Det er lagt så sterk vekt på resistens mot mjøldogg i foredlinga at det skal vera mogleg å unngå problemet ved å velja dei rette sortane.

Bærbuskbladfall (Drepanopeziza ribis) og bærbuskbladflekk (Mykosphaerella grossularia) er soppsjukdomar, og fører til brune blad som etter kvart dett av. Smitta overvintrar på blada. For å hindre smittespreiing kan ein sprøyte fortynna land (5 %) på blada når dei er dotte ned, for å påskunde nedbrytinga. Endå betre effekt vil ein få dersom blada blir knuste med ein grasklyppar eller liknande. Dette har også god verknad mot eventuell mjøldoggsmitte.

Solbær kan også få åtak av rustsopp og gråskimmel.

Fleire har erfaring med at det er lite problem med skadedyr i økologisk og integrert solbærdyrking. For å sikre seg mot skade bør ein leggje til rette for naturlege fiendar. Det farlegaste skadedyret i solbærdyrkinga er solbærgallmidd (Eriophyes ribis). Solbærgallmygg (Dasineura tetensi) og solbærborkgallmygg (Resseliella ribis) er også skadedyr som opptrer av og til, men skaden har vanlegvis lite å seia.

Solbærgallmidd og nesletopp

Dei små middane lever inne i knoppane der dei syg saft. Knoppane svulmar opp i august og syner seg som erteliknande knoppar om våren. Då turkar dei ut og dett ned . Midden kryp ut og inn att i nye knoppar. Dette insektet spreier i tillegg den farlege virussjukdommen nesletopp. Resistens mot solbærgallmidden er eit særs viktig mål i foredlinga av solbærsortar. Resistensen blir aldri 100 %, så ein må også leggje vekt på andre førebyggjande tiltak. Det er særleg viktig å bruke reint plantemateriale og å fjerne og brenne mistenkelege busker.

Balansert dyrkningssystem

I økologisk dyrking rår ein ikkje over virkemiddel som enkelt kan utradere problem med ugras, sjukdomar eller skadedyr. Den økologiske strategien er å legge til rette for eit balansert dyrkingssystem der ugras, sjukdomar og skadedyr ikkje får utvikle seg til å gjere uakseptabelt store skadar. 

Naturlege fiendar

I økologisk dyrking er det ei sentral oppgåve å syte for gode livsvilkår for dei naturlege fiendane til skadedyra som kulturvekstane er utsette for. Dei naturlege fiendane er insekt i ulike stadium av livssyklusen, slik som laupebiller, rovteger, marihøner, gullauge og saksedyr, samt større dyr som flaggermus og ulike fugleartar. Eksempel på tiltak som kan fremje bestanden av nyttedyr:

  • Fuglekassar og andre typar «reir» for nyttedyr i og rundt feltet
  • Jorddekke av daudt plantemateriale er fint skjul for mange insekt
  • Blomstrande plantar med ulik blomstringstid i nærliggande område sikrar nektar og pollen til insekta

Les meir

Mogan, S. 2021. Vandret i økologisk ribes gjennom Østlandet. NLR Viken. nlr.no

Røen, D. m. fl. 2008. Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk. Bind 4 - Frukt og bær. Bioforsk Fokus nr. 7, 2008 

 

 

 

 

 

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no