Kålrotsorten Vige egner seg både til dyrfôr og menneskemat. Foto: Kirsty McKinnonKålrotsorten Vige egner seg både til dyrfôr og menneskemat. Foto: Kirsty McKinnon

Rotvekstar til fôr

Nepe, kålrot og fôrsukkerbete er dei tre artane som går under samlenamnet rotvekstar. Dei er alle toårige planter som utviklar bladrosett og seinare knoll med opplagsnæring første året. 

Neste år skyt det ein blomsterstengel opp frå knollen. Knollen blir i daglegtale kalla rot. Dette er noko upresist, fordi knollen er sett saman av ein rotdel og ein stengeldel. Rotvekstdyrking er arbeidsintensivt, og mykje av arbeidet er det same om avlinga vert stor eller liten. Ein må difor leggje vinn på å sikre gode avlingar.

Nepe (Brassica campestris rapifera) høyrer til krossblomstfamilien (Brassicaceae), og finst i fleire ulike former. Vi skil mellom flatnepe, rundnepe og langnepe, men det finst også overgangar mellom desse. Fargen på kjøtet i røtene er gul eller kvit. Skalet på den overjordiske delen av knollen er vanlegvis grønt, gulgrønt eller raudfiolett. Blada veks opp i ein rosett utan felles rothals.

Kålrot (Brassica napus rapifera) høyrer også til krossblomstfamilien. Kålrota har rund form. Kjøtet er vanlegvis gult medan fargen på skalet på toppen er fiolett eller grønt. Blada er samla i ein rothals.

Fôrsukkerbete (Beta vulgaris) høyrer til meldefamilien (Chenopodiaceae). Han er ei kryssing mellom sukkerbete og fôrbete, og blir ofte kalla berre fôrbete eller bete. Beteknollen er halvlang og gul eller raudleg i skalet. Kjøtfargen er vanlegvis kvit. Sukkerbete vert dyrka til sukkerproduksjon i mange land, men i Noreg gjev dette for små avlingar og dårleg økonomi.

Klima

Dei tre rotvekstartane har svært ulike klimakrav. Krav til temperatur for å nå full utvikling for dei tre artane er:

• 1500-1700 døgngrader for nepe
• 2000 døgngrader for kålrot
• 2200-2400 døgngrader for fôrsukkerbete

der døgngrad er summen av snittemperatur for kvar enkelt dag.

Fôrsukkerbeten stiller store krav til klimaet og er aktuell berre i dei beste klimasonene. Planting utvidar dyrkingsområdet framfor såing, og er tilrådd også i dei beste strøka. I gode år kan fôrsukkerbete gje tilfredsstillande avling mange stader i Sør- og Midt-Noreg, men ein dårleg sommar vil redusere avlingane kraftig på spesielt denne kulturen.

Kålrot sådd på friland når full utvikling på Sør-Austlandet og på Jæren. Nepe sådd på friland når full utvikling nord til Salten. Planting utvidar begge artane sitt dyrkingsområde vesentleg. Aller lengst i nord er det til dømes vanleg å plante nepe.

Rotvekstane treng god råme under spiringa eller rundt planting og vidare utover. Det har synt seg at om lag 80 mm nedbør i juni og juli er høveleg for nepe og kålrot. Fôrsukkerbete set pris på litt meir nedbør, 100-150 mm. Dette er viktig for å utvikle nok blad. Under rotutviklinga i juli og august krev alle artane relativt god vasstilgang. Forsøk har synt stigande avlingar opp til ei nedbørsmengd på 250 mm i desse to månadene.

Avlingsnivå og fôrverdi

Fôrsukkerbete har stort avlingspotensial, men i klimaet vårt er det sjeldan dette vert utnytta fullt ut. Ved gunstige forhold kan tørrstoffavlinga verta større enn for kålrot. Det er generelt lite erfaring med dyrking av fôrsukkerbete på økologiske gardar. På Jæren fekk dei 6600-7300 kg rot per dekar i 1991 og 1992. Avlingsnivået på Sogn Jord- og Hagebruksskule har vore 4500-5500 kg rot per dekar. Dette gjev ei tørrstoffavling på 800-1000 kg tørrstoff per dekar.

Det finst lite materiale om avlingsnivå i økologisk dyrking av kålrot og nepe til fôr.

Fôrverdi

Rotvekstane står i ei slags mellomstilling mellom grovfôr og kraftfôr. Fôreiningskonsentrasjonen er nesten som for bygg, slik det går fram av tabellen. Dersom vi fôrar med rotvekstar i tillegg til høy og surfôr, kan vi teoretisk sett få dyra til å ta opp 2-3 FEm ekstra med heimeavla fôr per dag. Men med slike mengder kan det bli hardt for magen, så mange har kome til at det er best å halda det på 1-2 FEm. Dette må den enkelte vinne erfaring med på eigen gard. Det kjem sjølvsagt mykje an på kor mykje høy ein har å gje.

Nokre tal for fôrverdi og lagringsevne for nepe, kålrot og fôrsukkerbete
Nepe Kålrot Bete 
Tørrstoff i %, gjennomsnittstal9-101115-18
FEm per kg tørrstoff1,091,131,14
Kg til ei FEm1085-6
Fordøyeleg råprotein i g per kg tørrstoff1108360
Lagringstid i månader2-34-56-7

Rasping

Fôrsukkerbete er hard og må alltid raspast før fôring. Rota er ofte meir greinete enn kålrot, og ved maskinell hausting følgjer det med jord som bør fjernast før fôring. Tørrensing i samband med raspinga er tilstrekkeleg. Mange føretrekkjer også å raspa nepe og kålrot, men desse kan kyrne stort sett gnaga sjølve (kviger klarer ikkje å gnaga kålrot). Dei kan bli såre i kjeften dersom det er nemnande med jord på røtene.

Nepe kan du raspa, kålrot bør du raspa og fôrsukkerbetane må du raspa.

Vekstskifte

Særleg når det gjeld fôrsukkerbete, er det eit vilkår for vellukka produksjon at åkeren har lite rotugras. Han konkurrerer dårlegare med ugraset enn kålrot i første del av veksttida. Fôrsukkerbete har gjeve vesentleg større avling etter forkulturar som har fjerna rotugraset, til dømes potet. Sidan alle rotvekstane er næringskrevjande, bør dei koma etter kulturar som kløverrik eng eller grønfôr.

Rotvekstane har positive eigenskapar i vekstskiftet på ein gard. Eit år med rotvekstar gjev høve til å blanda husdyrgjødsel og kalk inn i jorda. Rotvekstane har lang veksttid og har stor evne til å utnytte næring som er bunden i jorda. Dette gjeld særleg kålrot. Alt dette gjev positive effektar for dei andre kulturane i omløpet på litt sikt. I rotvekståret får vi også høve til ytterlegare ugrastyning.

Viktige moment å hugse på i dyrkinga av rotvekstar til fôr

  • Fôrsukkerbete kan berre dyrkast i dei beste klimasonene.
  • Planting har mange føremonar samanlikna med direktesåing. Det utvidar dyrkingsområdet for alle rotvekstartane.
  • Fôrsukkerbete bør alltid plantast.
  • Jorda bør vera fri for rotugras der vi sår eller plantar rotvekstar.
  • Alle rotvekstane er næringskrevjande. Fôrsukkerbete stiller størst krav til jord og gjødsling, nepene stiller minst krav. Kålrot kjem i ei mellomstilling.
  • Tilgang til vatning er ein stor føremon ved rotvekstdyrking.
  • Fôrsukkerbetar kan lagrast til langt utpå våren, kålrot til februar/mars og nepe til nyttår.
  • Rotvekstar er verdifullt fôr som til ein viss monn erstattar kraftfôr i mjølkeproduksjonen.

Jord

Felles for alle rotvekstartane er at dei utviklar seg best på veldrenert jord med god struktur nedover i profilet. Nepe er den minst kravfulle og kan gje bra avling på dei fleste jordartar. Fôrsukkerbete trivst best på moldrik, lett leirjord i god hevd. Jorda må vera varm, og sørhelling høver betre enn nordhelling. Kålrot kjem i ei mellomstilling når det gjeld krav til jord, ho set pris på noko høgare moldinnhald enn nepene. Fôrsukkerbete trivst best med pH rundt 7. Med tanke på andre kulturar i omlaupet er pH 6,5 høveleg. Kålrot og nepe klarer seg godt med lågare pH, ned mot 5,5.

Gjødsling

Rotvekstane fører mykje næring bort frå jorda, særleg kalium og nitrogen. Ved like tørrstoffavlingar fører fôrsukkerbete bort meir kalium enn kålrot og kålrot meir enn nepe. Dersom ein lèt blada av fôrsukkerbete liggje att på jordet, vil skilnaden bli mindre.

Rotvekstane har relativt god evne til å gjera seg nytte av kalium som er bunde i jorda og i husdyrgjødsla, spesielt gjeld det kålrot. Ingen av dei aktuelle artane dannar mykorrhiza, difor er dei relativt sett dårlegare til å ta opp bunden fosfor. Dette er moment ein bør ha med seg når gjødslinga og vekstskifte skal vurderast.

Med den lange veksttida utnyttar rotvekstane husdyrgjødsla særs godt. All organisk gjødsel kan nyttast. Fôrsukkerbetane treng den kraftigaste gjødslinga. Ved god tilgang til husdyrgjødsel bør dei få 3-4 tonn per dekar. Kålrot og nepe kan klare seg med noko mindre.

Bormangel på fôrsukkerbete kan skade skotet, hjartebladet, og vert difor kalla hjarteròte. På kålrot og nepe kan bormangel gje vattersott. Det ser ut til at fôrsukkerbete er mindre utsett for bormangel enn kålrot. Ved lite bor i jorda vil det ofte vera rett å tilføra 2-3 kg boraks per dekar til rotvekstar. Dette krev førehandsgodkjenning frå Debio.

Sortar

Både i kålrot og nepe har vi fleire sortar å velje i, til og med norske sortar. Utvalet er mindre når det gjeld fôrsukkerbete.

Nepesortar

’Foll’ er den dominerande nepesorten i dag. Han har rund form (rundnepe) og grøn skolt. Tørrstoffinnhaldet i røtene er 9-10 %. Han gjev gode avlingar og er bra sterk mot klumprot og ròte. Sorten er litt utsett for stokkrenning.

’Kvit mainepe’ er ein norsk sort med svært kort veksetid. Han høver difor godt lengst mot nord og i dei mest høgtliggjande fjellbygdene. Det er ei flatnepe med kvitt kjøt og grøn skolt. Ho er meir tørrstoffrik enn ’Foll’ og har 12-13 % tørrstoff i røtene. Sorten er svært sterk mot klumprot, men litt svak mot kålfluger og blautròte. Avlingane er relativt små.

’Yellow Tankard’ er ein langnepesort som var mykje dyrka tidlegare, og som gav store avlingar. Han har grøn skolt og gult kjøt. Tørrstoffinnhaldet er om lag som ’Foll’ eller litt i underkant. Langnepene er svake mot klumprot, men sterk mot kålfluge og ròte.

Kålrotsortar

Ved dyrking av kålrot til fôr er det aktuelt å bruke sortar som også kan seljast til mat. Vi kan då plukke ut dei minste og finaste røtene til matrot. Det syner seg at kundane vil ha kålrot med raudfiolett skolt, sjølv om røter med grøn skolt kan vera like gode. Dersom vi tenkjer på denne kombinasjonen, bør vi velja ein av Bangholm-sortane.

’Bangholm Ruta Øtofte’ gjev stor avling og har raudfiolett skolt. Tørrstoffinnhaldet i røtene ligg på 11-12 %. Som andre Bangholm-sortar er han svak mot klumprot. Han er relativt sterk mot stokkrenning.

’Bangholm Olsgaard’ gjev noko mindre avling enn ’Bangholm Ruta Øtofte’ og er meir utsett for stokkrenning. Sorten har særs god smak.

’Gry’ er ein norsk sort som har stor dyrkingsverdi fordi han er relativt sterk mot klumprot. Avlingane er store. Han er noko svak mot stokkrenning og har ein tørrstoffprosent i røtene på 10-11. ’Gry’ har grøn skolt, noko som har gjort han vanskeleg å omsetja til mat, trass i at smaken er god.

’Vige’ er ein god sort som er foredla fram på Rå gartnarskule i Nord-Noreg. Han er hovudsort i nord både til mat og fôr. Han er sterk mot stokkrenning og bra sterk både mot klumprot og kålfluge. Sorten kan vera noko variabel i avling og er svak mot mjøldogg.

Fôrsukkerbetesortar

’Kyros’ er ein dansk fôrsukkerbetesort som har vore dominerande i Noreg i mange år. Han har eit tørrstoffinnhald i røtene på 18 % og er sterk mot stokkrenning.

Oppal

Dyrking av fôrsukkerbete her i landet krev forkultur inne. For kålrot og nepe er det også aktuelt å drive fram planter inne av klimamessige grunnar, for å førebyggje ugras, unngå angrep av jordlopper eller å redusere arbeidstoppar. Plantinga vil dei fleste stader skje frå midten av mai og utover.

Oppalet kan skje i torvblokker eller i pluggbrett. Dyrking i pluggbrett stiller støre krav til dyrkaren fordi det er mindre jord per plante. Oppalstida for beter er om lag 5-6 veker i enkle plasthus og noko mindre for kålrot og nepe.

Oppal av småplanter

Jordarbeiding, såing og planting

Alle rotvekstane treng djup jordarbeiding, god gjødsling og eventuelt kalking før såing eller planting. Under jordarbeidinga må vi også sørgje for at jorda ikkje tørkar ut. Det er viktig å harva rett før planting. Det fjernar mykje frøugras og plagar eventuelt rotugras.

Det kan vere vanskeleg å avgjere om ein skal så på friland eller drive fram planter inne og plante ut seinare. Plantingblir ofte tilrådd fordi det gjev sikrare avlingar ved at vi har betre kontroll med spireforholda og kan unngå angrep av jordlopper rett etter spiring. Oppal og planting gjev større avlingar enn ved direktesåing på dei fleste plassar i Noreg.

Dyrkingssystem

Fleire dyrkingssystem kan vera aktuelle. Det vanlegaste er to eller fire rader på flatt land, avhengig av kva utstyr ein rår over. Når ein sår eller plantar på drill eller seng, vil jordtemperaturen verta noko høgare. På seng kan det vera to eller tre rader. Om det ikkje vert for tørt, vil spesielt fôrsukkerbeten trivast betre di høgare jordvarmen er. Det kan generelt vera gunstig å bruke seng eller drill i område med mykje nedbør, medan det i strøk med forsommartørke er best å så eller plante rotvekstar på flatt land. Om ein skal bruke hest i radreinsinga, er eit system med to rader det beste.

Radavstand

Radavstanden er avhengig av hjulavstanden på traktoren og grad av mekanisering elles. I kålrot kan vi ha ein radavstand på opptil 70 cm, medan det blir større avling med ein radavstand ned i 50-55 cm for fôrsukkerbeterog kvit mainepe. Fôrsukkerbete er svak i konkurranse med ugraset. Difor er det også av den grunn ein fordel med liten radavstand og tett planting i rada.

Planteavstand

Planteavstand på 25-30 cm er høveleg for bete, langnepe og kvit mainepe. Kålrot og rundnepe kan vi plante i ein avstand på 30-35 cm. Større planteavstand gjev større røter. Ved dyrking til fôr er store røter interessant fordi det gjev mindre handtering.

Vatning

Tilgang til vatningsanlegg er ein stor føremon for å sikre god vasstilgang i dei ulike vekstfasane. Det har store utslag på avlingane dersom det blir for lite vatn, anten det er på forsommaren eller ettersommaren. Sikker vasstilgang gjer også plantene sterkare mot skadedyr og sjukdomar.

Ugrasregulering

Rotugraset må ein tyne i ein eller fleire høvelege forkulturar. Ugrasrein åker rett før planting gjev plantene eit viktig forsprang på ugraset.

Fôrsukkerbete veks seinare i starten enn til dømes kålrot og treng difor sterkare ugrasregulering i første del av vekstsesongen. Ugrasregulering vert elles som for andre radkulturar. Alt vanleg radreinsingsutstyr kan nyttast. Det kan vera naudsynt med handluking eller hakking mellom plantene i radene.

I forsøk med radreinsing med hestehakke vart det stor avlingsauke i fôrsukkerbete når det vart kjørt fem gonger eller fleire i sesongen, samanlikna med to eller tre. Utslaga var mindre i kålrot og nepe. Dette syner at fôrsukkerbete er svak i konkurransen med ugraset, men samstundes syner det også at auka mineralisering ved gjentekne køyringar har betra tilgangen på næringsstoff og slik ført til avlingsauke i fôrsukkerbetane.

Sjukdomar og skadedyr

Nepe og kålrot er utsette for sjukdomar og skadedyr som går på krossblomstra kulturar. Generelt er kålrot meir utsett for skadegjerarar enn nepe. Det er elles skilnad mellom sortane på kor mottakelege dei er for dei to viktigaste skadegjerarane klumprot og kålfluge.

Sortsval saman med tilstrekkeleg vekstskifte og god plantekultur elles er dei viktigaste førebyggjande tiltaka. Bruk av nett eller duk er sjølvsagt ei forsikring mot både kålfluge og andre insekt. Om det svarer seg reint økonomisk, er eit anna spørsmål. Verdien av ei rotvekstavling til fôr er langt mindre enn verdien av ei salsavling av kålrot til mat eller ein annan krossblomstra grønsakkultur.

Fôrsukkerbete vert sjeldan angripen av skadedyr og sjukdomar. Dette er ein av dei store fordelane med fôrsukkerbete i høve til kålrot og nepe. På Sogn Jord- og Hagebruksskule i Aurland har det vore dyrka fôrsukkerbete i om lag 20 år, men det har aldri vore angrep av særleg omfang. Betejordloppe, betebladlus, betefluge og gråsvart åtselbille kan gnaga litt på blada, men stor skade gjer dei vanlegvis ikkje.

Hausting og lagring

Rotvekstane er ofte den siste kulturen som kjem i hus om hausten. Rotvekstane toler litt frost, men må tine opp att før hausting. Dei vert skadde ved om lag -7 °C. Fôrsukkerbete har særs god lagringsevne. Nepene kan ikkje lagrast lenger enn til jul eller til like over nyttår. Kålrot har ei lagringstid som ligg midt imellom.

Blada kan fjernast med bladskyffel eller fôrhaustar. Det er lettast å bruke bladskyffel på kålrot som har rothals. Blada på nepe og bete har ikkje felles bladfeste og vil lett skli av bladskyffelen. Ved bruk av fôrhaustar må ein prøve å unngå for mykje skade på røtene. På beter kan det vera ei rettesnor at det skal stå att bladrestar på ¾ av røtene.

Blada kan vi anten fôre direkte eller leggje i silo. Ensilering av slik materiale gjev stort næringstap i pressaft dersom vi ikkje har meir tørrstoffrikt materiale å blanda bladverket med. Direktefôring gjev difor den beste utnyttinga dersom vi kan strekkja oppfôringa over tre til fire veker om hausten.

Bladavling og rotavling

Det er større bladavling i forhold til rotavling hjå fôrsukkerbete enn hjå kålrot og nepe. Men ulempa er at blada på fôrsukkerbete ikkje er særleg smakelege. Skal desse nyttast til fôr, krev det tilvenjing og pressing av dyra. På Sogn Jord- og Hagebruksskule har blada av fôrsukkerbete vorte pløgde ned våren etter. Dette vernar jorda om vinteren, hindrar at mykje næring vert fjerna frå
åkeren, og gjev eit godt utgangspunkt for etterfølgjande kultur.

Opptak

Etter avblading kan røtene haustast med rotvekstopptakar, men då må det vera tørt i jorda om ikkje mykje jord skal følgja med inn. Alternativt kan vi bruka rotvekstskjer og lessa dei opp i hengjar for hand etterpå. Fôrsukkerbete og langnepe sit vesentleg djupare i jorda enn kålrot. Best kvalitet får vi utan tvil med handopptak. Kvar rot vert nappa opp og pussa litt, og til slutt vert blada kutta med snel (lauvkniv).

Lagring

Fôrsukkerbete har særs god lagringsevne. I ein enkel kjellar kan fôrsukkerbete lagrast til april utan vesentlege tap. Om det er tørt, vil fôrsukkerbete visna noko, men det har ikkje så mykje å seia til fôr.

Nepene kan ikkje lagrast lenger enn til jul eller til like over nyttår.

Kålrot har ei lagringstid som ligg midt imellom. Optimal lagring er om lag 0 °C og 90-95 % relativ luftråme. Dersom det er makk og/eller ròte i kålrota, er det mogleg å ensilera røtene. Dei må reinskast godt for ròte og jord og raspast opp før dei kan leggjast i silo utan ensileringsmiddel, eventuelt i lag med bladverket. Massen vert gråaktig og er eit særs smakeleg fôr, men det blir mykje avrenning.

 

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no