Foto: Steffen Adler, NIBIOFoto: Steffen Adler, NIBIO

Utmarksbeite og overflatedyrka beite

Utmarksbeite og overflatedyrka beite kan bidra med viktige fôrressursar

Fôropptaket av alle husdyr på utmarksbeite vart om lag halvert frå 1959 til 1979 og ytterlegare redusert fram til i dag. Nedgangen har vore størst for mjølkekyr. Det er uklart kor mykje unytta utmarksbeite vi har her i landet. Mykje av arealet som tidlegare vart utnytta til beite, er no planta til med skog, dyrka opp eller attgrodd med krattskog. Men det vil i mange tilfelle vere mogleg å auke utnyttinga av den nære utmarka med enkle middel. Ei grov kartlegging av vegetasjonen og tilhøva elles er første skritt i planlegginga.

Etablering/opparbeiding av gardsnære utmarksbeite

I økologisk landbruk kan det vere aktuelt å setje inn ulike tiltak for å auke produksjonen og utnyttinga av biomassen i utmarka:

  • Kontroll med overflatevatn for å sikre tilgang av vatn (regulering av bekkeløp, avskjeringsgrøfter, kanalar og liknande)
  • Målretta hogging av tre og buskar slik at grasdekket får nok lys. Dette kan gjerast i periodar når dyra er på beite, slik at lauv og kvistar vert nytta til fôr
  • Planting av verdfulle fôrtre som alm, ask, selje og rogn
  • Rydding av uønskt vegetasjon som stornesle, tistlar og liknande med ljå eller slåmaskin
  • Beiting med fleire dyreslag for å oppnå ei jamn nedbeiting og god utnytting av plantedekket

Drift og stell

Utmarksbeite vert sjeldan eller aldri gjødsla, utanom gjødsla som beitedyra legg att. 

Beitesystem og opplegg elles kan vere likt med det som tidlegare er omtala for fulldyrka beite, men arealbehovet per dyr aukar. Ein svært viktig skilnad er at det normalt er vanskelegare å pusse av utmarksbeite med mekaniske hjelpemiddel. Det er såleis viktig å få til ei god tilpassing mellom tilgang på beitefôr og beitepress/dyretal i ulike periodar på overflatedyrka beite enn på innmarksbeite.

Rett beitepress

Eit rett beitepress er også ein viktig faktor i ugraskampen, og sterkt beitepress om våren er det viktigaste tiltaket. Tidleg slepping om våren kan hindre at artar som er mindre smakelege, vert vraka.

Dersom ein vel å nytte skiftebeiting på overflatedyrka beite, er det aktuelt å nytte etterbeiting. Når mjølkekyrne vert flytta til eit nytt skifte, kan ein sleppe på ungdyr eller sau, som har mindre krav til fôrkvaliteten enn mjølkekyr i produksjon. Ved kontinuerleg beiting kan det høve med sambeiting med mjølkekyr, ungdyr og sau.

Sjølv med eit godt tilpassa beiteopplegg kan problemugras som sølvbunke kome inn i beitet. Dette ugraset likar seg svært godt på vassjuk og sur jord, og der beitepresset er svakt. Dersom ugraset har breidd seg mykje, kan sterk beiting med hest redusere omfanget. Mekanisk fjerning av tuer, til dømes med ein gammal fôrhaustar, slåmaskin eller ryddesak, er også aktuelt på eit tidleg stadium.

Kulturlandskapspleie

Mindre beiting i utmark har ført til store endringar i kulturlandskapet. Den nære utmarka har mange stader grodd att med kratt og skog, og artsmangfaldet kan vere mindre enn i meir opne landskap. Avhengig av kor langt endringane frå beitemark til skog er komne, kan ein i mange tilfelle snu utviklinga ved å sleppe på beitedyr.

I økologisk landbruk er utfordringa å nytte buskapen til å hente næring frå utmarka og regulere beitepresset slik at ein opnar landskapet på attgrodde areal og får til eit mangfald av ulik vegetasjon som gir ein meir optimal produksjon av biomasse.

Beiting og dyrehelse

Normalt er risikoen for sjukdom mindre på beite enn i innefôringssesongen. Men det er viktig å følgje godt med, slik at eventuelle helseproblem vert oppdaga tidleg. Før beiteslepp må ein saumfare gjerda og beiteareala for å hindre skadar av til dømes piggtråd, øydelagd netting, glasskår og gamle bilbatteri.

Beitedyra er vanlegvis meir utsette for sjukdom og andre problem i byrjinga av beitesesongen enn seinare. Det gjeld til dømes graskrampe og problem med parasittar. Det vil såleis løne seg godt å bruke tid på planlegging av beiteopplegget og leggje opp til mykje tilsyn i starten, slik at helseproblema kan førebyggjast best mogleg.

Tekniske løysingar

Gjerdehald og gjerdeplikt er regulert gjennom grannegjerdelova og av vedtak gjorde av kommunestyret. Gjerde skal setjast opp og haldast ved like slik at det vert minst mogleg risiko for skade på beitedyr og folk.

Kva type gjerde ein skal velje, vil først og fremst avhenge av føremålet med gjerdet (dyreslag, innmark/utmark, fast/førebels oppsett gjerde) og kostnadene. Same kva type gjerde ein skal setje opp, bør ein velje materiale (stolpar, netting, straumtråd med meir) med lang levetid. I tillegg kan rett utført arbeid og godt vedlikehald gjere sitt til å halde gjerdekostnadene på eit minimum.

Dersom ein skal lage nye driftsvegar for traktor med reiskap, bør ein leggje vegane slik at dei mest mogleg kan nyttast til å få beitedyra til, frå og mellom beiteskifta. Driftsvegar må byggjast etter tekniske krav til mellom anna bereevne og breidd. Det kan også vere aktuelt å lage stiar for beitedyra slik at ein minskar problema med opptrakking.

I periodar med låg tilvekst på beitet kan det vere nødvendig eller ønskjeleg å fôre med høy eller rundballar ute. Ved slike fôringsplassar kan det bli mykje opptrakking slik at oppgrusing eller støypt platting kan vere aktuelt.

Lang avstand frå beitet til fjøset kan gjere det vanskeleg å få til ei god utnytting av beitet til mjølkekyr i produksjon. I slike tilfelle kan mobile mjølkeanlegg vere ei løysing. Fleire typar er på marknaden, også anlegg produserte av norske firma.

Les mer

Aune-Lundberg, L. 2021. Beitedyras geografi. NIBIO POP nr. 25, 2021

Bernes, G. m.fl. 2021. Produktion med flera djurslag på europeiska gårdar. Svenska Vallbrev nr. 5, 2021

Handrup, L.M. 2022. Holland: Græssende køer udleder mindre metan. Innovationscenter for økologisk landbrug. icoel.dk 26.8.

Hillestad, M.E. 2020. Beitemarka - et ukjent karbonlager. Buskap nr. 2, 2020

Kapfer, J. m.fl. 2019. Mange planter trenger dyr på beite. NIBIO POP nr. 31, 2019

Kildahl, K. 2021. Tusenvis av tal fortel om beitebruk i norsk utmark. NIBIO.no 18.9.2021

Kylling, R. 2020. Bedre utnytting av utmarksbeite. Buskap nr. 5, 2020

Lind, L.J. 2022. Slik kan bonden vurdere beitekvaliteten i egen utmark. NIBIO.no 8.10.2022

Manzano, P. m.fl. 2023. Beitedyrene spiller en viktig rolle for klima og miljø. Forskersonen.no, 2.1.2023

Sommerseth, J.K. 2020. Bruk av beite sen sommer og høst. Buskap nr. 5, 2020

Sundet, H. 2023. Beiter som blir bedre år for år. NLR Østafjells, 9.6.2023

Prosjektet Mix-Enable - Strategies for sustainable and robust organic mixed livestock farming

 

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no