Fargerikt felleskap med ulike saueraser. Foto: Peggy HaugnesFargerikt felleskap med ulike saueraser. Foto: Peggy Haugnes

Innmarksbeite til sau

Beiting på innmark vår og haust er aktuelt på mange sauebruk

Innmarksbeite Rapp Nlf

På mange sauebruk kan det vere ønskjeleg eller nødvendig å beite innmarka i kortare eller lengre periodar om våren og hausten. Konsekvensane av slik beiting er avhengige av beitepress og kor lenge dyra beitar.

Hefte om innmarksbeiting

Nortura og Norsk Landbruksrådgivning har gjeve ut heftet "Innmarksbeite til sau". Heftet omhandlar etablering og stell av beitet, ulike beitesystem, tilleggsfôring og økonomi.

Beiteforsøk

Verknader av sauebeiting vert her illustrert med nokre resultat frå beiteforsøk som gjekk over fleire år i Nord-Noreg. Beitinga varte 2-3 veker om våren og 3-4 veker om hausten. Fôropptaket til sauene i beiteperioden vart estimert ved hjelp av avlingsregistreringar i og utanfor beitebur. Der sauene hadde beita, vart første slåtten utsett om lag 10 dagar.

Sauebeiting vår og haust i tillegg til ein slått reduserte total FEm-avling med 16 % på Tjøtta og med 1 % i Bodø og Tromsø. Dersom ein ikkje tok omsyn til beiteopptaket, vart hausta FEm-avling redusert med 53 % på Tjøtta og med 43 % på dei to andre stadene. I andre forsøk har avlingssvikten vore mindre dramatisk.

Sauebeiting gav noko lågare innhald av timotei og engsvingel og noko meir rapp, sølvbunke og ugras enn der det ikkje var beita. På alle forsøksstadene førte sauebeiting til større innhald av vassarve. 

For at avlingsreduksjonen i hausta avling etter sauebeiting om våren ikkje skal verte urimeleg stor, er det vanleg å utsetje førsteslåtten. I desse forsøka har ei utsetjing av førsteslåtten med om lag 10 dagar på sauebeita areal ikkje gitt dårlegare fôrkvalitet jamført med areal der førsteslåtten vart teken til «normal» tid. Det var jamvel ein tendens til noko høgare innhald av råprotein og mindre råtrevlar der slåtten vart utsett. Det kjem av at sauebeiting over fleire år gir ein plantesetnad med meir blad i høve til stenglar.

Kval-Engstad, O. m.fl. Innmarksbeite til sau. Nortura og Norsk Landbruksrådgivning, 12 s.

Les mer

Bernes, G. m.fl. 2021. Produktion med flera djurslag på europeiska gårdar. Svenska Vallbrev nr. 5, 2021

Sundet, H. 2023. Beiter som blir bedre år for år. NLR Østafjells, 9.6.2023

Prosjektet Mix-Enable - Strategies for sustainable and robust organic mixed livestock farming

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no