Nettside for
økologisk landbruk

Gris

God dyrevelferd i økologisk produksjon inneber ikkje berre god helse, men også å ta vare på dyras eigenart og legge til rette for at dei skal få utfalde seg i samsvar med naturen deira. For å kunne leggje til rette for naturleg åtferd i grisehaldet må ein skaffe seg kunnskap om kva som er normal åtferd for gris som er i sin naturlege biotop.

Griser er sosiale dyr som lever i små familiegrupper med eit par purker og avkommet deira. I vill tilstand vil dei samarbeide om å hente lauv og gras til kvileområdet. Dyra vandrar i eit område på eit par kvadratkilometer. Her treffer dei andre smågrupper, og kan innimellom bli gåande i større fellesflokkar når beitet er godt. Villrånane streifar over større avstandar slik at dei kan treffe purker som dei ikkje er i slekt med. Rånane kan også bli gåande fredeleg i ein stor familieflokk når det er rikeleg med mat.

Grisen er eigentleg ganske reinsleg ved at han har doområde/gjødslingsområde i god avstand frå fôrings- og kvileområdet. Griser har ikkje sveittekjertlar i huda, og for å kunne avkjøle seg på varme dagar treng dei derfor tilgang på gjørmebad. Gjørmebad fungerer også som vern mot sollys og insekt.

Grising

Eit par dagar før ei purke skal grise, blir ho rastlaus. Ho går frå gruppa for å lage eit reir der ho kan grise i fred. Ho kan gå lange avstandar for å finne eit passande reirområde. Når ho har funne ein fin plass, helst med eit naturleg «tak», lagar ho ei grop som ho dekkjer med blad og anna plantemateriale. Purker er sterkt motiverte til å byggje reir, også innandørs. Ei eller to veker etter grising kjem purka tilbake til gruppa med grisungane sine.

Aktivitetsnivået til grisungane aukar jamt dei første vekene. Snuse på bakken, og rote og bite i diverse objekt dei finn, er viktig åtferd. Grisungane slåst om den beste patten og forsvarer han. Dei begynner å ete fast føde når dei er rundt tre veker gamle, og blir presentert for resten av flokken etter åtte til ti dagar. Dei blir også presenterte for eventuelle rånar, og blir ikkje trua av dei på nokon måte. Det er ikkje farleg å la rånen gå saman med grisungane. Han vil då vere med og oppdra dei. Grisungane blir avvande når dei er 13–14 veker gamle.

Roteåtferd

Trynet til grisen er ein viktig reiskap for å grave og rote i jord, kvist, lauv osb. for å finne mat. Med eit langt og spisst tryne i tillegg til kjempesterke nakkemusklar er grisen suveren til å «pløye» opp skogbotn og snu jordsmonn. Dette har vore utnytta ved nydyrking. Etter rydding av skog sende bøndene griser på området for å løyse røter og arbeide godt med jorda. Dette kan vi også utnytte i dag, ved å ta grisen inn i vekstskiftet på dei skifta som skal pløyast opp.

I Sverige er det prøvd ut ekstensiv oppfôring av griser som følgjer den biologiske årsrytmen til grisen med grising berre ein gong i året. Purkene grisar om våren, og griseflokken følgjer vekstskiftet på garden. Om sommaren veks grisene på mjølk frå mora, korn frå garden og beite. Samtidig utfører dei ugrasregulering og jordarbeiding på enga som skal fornyast. Ei utfordring med store flokkar er avrenning og erosjonsskadar på jorda, og skadar på jordstruktur. I Danmark har mange av purkene som går ute, ring i trynet for å unngå at dei rotar gjennom jorda og dermed øydelegg grasdekket. Ein forventar at eit intakt plantedekke er med på å minske nedsiving og utvasking av næringsstoff. Sidan ringen hindrar grisen effektivt i å rote i jorda, er ringen heilt klart forbunden med ubehag for grisen, men han avgrensar ikkje beiteåtferda.

Fleire faktorar verkar inn på kor motiverte grisene er til å rote i jorda, mellom anna energimengd og fibermengd i tilskotsfôr, plantedekket og kor mykje arbeid det er å grave i jorda (kor stiv eller fuktig jorda er). Ein kan også stimulere grisene til å ta opp mykje fôr frå beite ved heile tida å ha attraktive beite. Griser undersøkjer nye område grundigare enn kjende område, og ved å gi tilgang til berre ein del av arealet om gongen vil ein halde på nyheitsverdien. Dette vil også føre til jamnare fordeling av gjødsla.

Villsvin et diverse nøtter frå bøk, eik og hassel, insekt, meitemark, larver og krypdyr. I tillegg er dei både småviltjegerar og åtseletarar, og har ein matsetel som liknar mykje på menneska sin. Tidlegare blei griser ofte haldne i skogsområde.

Ein gris som lever naturleg, blir normalt ca. 15 år gammal, og kan bli opp til 25–30 år under gode forhold. Gjennomsnittsalderen på ei purke i produksjon i dag er litt over to år før utrangering.

Val av rase

I Noreg har det vore mest vanleg å bruke dei same rasane og rasekrysningane i økologisk som i konvensjonelt svinehald, det vil seie landsvin, yorkshire og duroc – enten i reinrase eller ved kryssing av to eller alle tre rasane. Ved utedrift kan det være andre rasar som er like aktuelle.

I Danmark har ein gjort forsøk med ein gamal landrase, ”Dansk Sortbroget Landrase” i økologisk drift. Den hadde ein særeigen nøtteaktig smak og ein raud farge, eigenskapar som gjorde at den skil seg ut frå vanleg svinekjøtt i forretninga og på matbordet. Ein kan rekne med at ein type svinekjøtt som skil seg tydeleg frå det vanlege er enklare å selgje til den meirprisen ein bør ha for økologisk produsert gris. Men sidan den svartflekka landrasen veks betydeleg seinare og hadde ein vesentleg dårlegare fôrutnytting enn moderne rasar, blir den førebels ikkje sett som aktuell. Men det blir forska på om den kan utnytte rimelegare fôr, mellom anna grovfôr, enn dei andre rasane. I så fall kan den kome til å representere eit alternativ.

Norsk landsvin er den eldste rasen i Noreg, og det har vore systematisk avlsarbeid på rasen heilt sidan 1960-åra. Norsk landsvin er lys og nær kvit å sjå til, har lang rygg, og eit relativt lite hovud med øyrer som heng . Norsk landsvin er kjent som ein gris som veks fort, har god fôrutnytting, gir godt kjøtt og får store kull som mora tek godt vare på. Norsk landsvin er ein kombinert rase, det vil seie at han blir avla for både fruktbarheits- og produksjonseigenskapar, sidan han inngår både på mors- og farssida i krysningsopplegget. Norsk landsvin kan passe godt i eit økologisk driftsopplegg. Ei ulempe kan derimot vere at rasen er så lys, og at dei derfor lett blir solbrente.

Duroc er ein rase med god kjøttkvalitet. Rasen har eit høgare innhald av intramuskulært feitt (feitt som er fordelt inne i muskelen) enn Norsk landsvin og Yorkshire. Derfor har Duroc eit mørt og saftig kjøtt. Dette er ein av grunnane til at Duroc blir brukt i krysningsavlen i Noreg. Dei ytre kjenneteikna på Duroc er raudbrun kroppsfarge, kortare kropp og at han er grovare bygd enn dei kvite rasane, og har eit godt eksteriør. Rasen har ikkje spesielt god fruktbarheit, og blir derfor berre brukt på farssida til slaktegrisen. Den raudbrune kroppsfargen er ein fordel i utedrift for å verne mot solbrentheit. Ved produksjon av tung gris, som blir slakta ved vesentleg over 100 kg levandevekt, kan det være grunn til å unngå Duroc, da den har tendens til å avleire meir feitt enn dei andre rasane ved høgare levandevekt. Grøstadgris, som produserer og sel tung gris, bruker derfor ikkje Duroc som ein tredje rase.

Yorkshire stammer frå 1700-tallet og kjem frå England. Det er den eldste svinerasen vi kjenner. Det blir ikkje drive eige avlsarbeid på Yorkshire i Noreg. Yorkshire er kjend for gode morseigenskapar som bra kullstorleik, god mjølkeevne, lågt smågristap og god haldbarheit. Yorkshire er som landsvin ein kvit rase, men bortsett frå det vil han truleg også passe godt i økologisk produksjon.

Hampshire er ein forholdsvis ny gris i Norge, og vart tilgjengeleg for alle norske svineprodusentar frå 2007. Griserasen er spesiell ved at den har høg etekvalitet med marmorert og saftig kjøtt. I tillegg har den ein spesiell utsjånad, ved at den er svart med eit kvitt belte rundt mage og framføtene. Griserasen har spesielt gode produksjonseigenskapar; ein kombinasjon av mange grisungar i kullet, høg tilvekst og lågt fôrforbruk. Den mørke fargen gjer rasen eigna i økologisk produksjon med utegang. Den store kullstorleiken treng ikkje vere nokon fordel i økologisk produksjon sidan det har vist seg at fleire grisungar døyr ved at purka legg seg på dei. Erfaring frå konvensjonelle bønder som har hatt Hampshire-grisar i eiga besetning er at Hampshire-grisungane har stor livskraft og låg dødelegheit.

Hybridavlen i Noreg er basert på at purker av Norsk landsvin blir kryssa med rånar av Yorkshire for å lage krysningspurker (hybridpurker). Hybridpurker føder fleire ungar og oppnår fleire avvende ungar per kull enn reinrasa Norsk landsvin- og Yorkshire-purker. Ungane til hybridpurka er også meir robuste. Erfaringar viser også at hybridpurkene er meir haldbare, det vil seie at dei kan bli mødrer til fleire kull, enn dei reinrasa purkene av Norsk landsvin og Yorkshire. Dersom hybridpurka blir kryssa med ein råne som er krysning mellom Norsk landsvin og Duroc, får vi rasen Noroc. Kjøttet blir meir mørt og saftig fordi Duroc har meir intramuskulært feitt enn Norsk landsvin og Yorkshire. Produkt frå Noroc-slaktegrisen blir marknadsført under namnet Gilde Edelgris. Hybridpurker vil truleg eigne seg bra i økologisk produksjon ved at dei er robuste og meir haldbare. Lang livstidsproduksjon er eit poeng i økologisk produksjon for å utnytte ressursane best mogleg.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no