Nettside for
økologisk landbruk
Kyr som beiter på lauv får i seg ein del kobolt. Foto: Gunnlaug Røthe Kyr som beiter på lauv får i seg ein del kobolt. Foto: Gunnlaug Røthe

Mineraldekning hjå storfe og småfe

Kløver og urter er viktig for mineralinnhaldet i økologisk dyrka grovfôr. Likevel kan det verte knapt med makronæringstoffa fosfor, natrium og svovel, og mikronæringsstoffa kopar, kobolt og selen. Det finst mineralblandingar og tilskotsfôr godkjent for bruk i økologisk drift.

Husdyra treng mineral for å veksa, trivast og produsera. Dei treng både makro- og mikromineral. Makromineral treng dyra i større mengde og døme på makromineral er fosfor og kalsium. Mikromineral treng dyra i små mengder og ein brukar ofte nemninga mg per dag eller mg per kg tørrstoff for å oppgje trongen for mineral. Kobolt, kopar og selen er døme på mikromineral. Minerala har mange og viktige oppgåver i kroppen.

Fleire faktorar avgjer

Innhaldet av mineral i økologisk dyrka grovfôr er avhengig av berggrunnen, jordtypen, pH i jorda og planteart. Mineralinnhaldet i fôret vil minka ved utsett haustetid. Innhaldet av mineral er høgare i andre slåtten. Det er viktig med balanse mellom minerala fordi høgt innhald av enkelte mineral i jorda kan hemma opptaket av andre mineral i planten. Dernest vil balansen mellom minerala i fôret påverka kor tilgjengeleg dei ulike minerala er i fôret og som dyra kan ta opp. Dette forholdet gjer seg mellom anna gjeldande for kopar. Dersom det er mykje molybden i jorda og i fôret i høve til kopar vil det verte tatt opp mindre mengde kopar i plantane og i fôret. I ulike undersøkingar er det funne stor forskjell mellom gardar når det gjeld mineralinnhald i fôret

Mykje kalsium i skjelettet

Mesteparten av kalsiumet er lagra i skjelettet, men mjølk og blod inneheld også mykje kalsium. Mangel på kalsium kan gje mjølkefeber og beinskøyrheit. Kløver er rik på kalsium, medan bygg er fattig på kalsium og dette er viktig å hugsa på dersom ein brukar krossa bygg til erstatning for ein del av kraftforet.

Sjeldan kaliummangel

Dyra treng kalium for å regulera væsketrykket i kroppen for normal funksjon av nerver og musklatur og for omsetning av energi. Gras inneheld mykje kalium og mangel opptrer sjeldan eller aldri. Dersom plantane tek opp mykje kalium kan det gå utover opptaket av magnesium og kalsium og kan gje graskrampe på beite kort tid etter beiteslepp.

Fosfor er sentralt

Mesteparten av fosforet i dyra er bunde i skjelett og tenner. Fosfor er svært viktig for næringsopptak, vekst, utvikling og produksjon. Mangel på fosfor kan gje svak og uregelmessig brunst.

Ofte nok magnesium

Magnesium har viktig oppgåver i dyra og magnesium er avgjerande for mange enzym som påverkar viktige livsfunksjonar. Det er nødvendig med dagleg tilførsel av magnesium til drøvtyggjarar. Kløver inneheld meir magnesium enn grasplantane og jamt over er innhaldet av magnesium i økologisk dyrka fôr tilfredsstillande.

Saltstein gir nok natrium og klor

Natrium finst i rikeleg mengde i blod og musklar. Klor er til stades i alle kroppsvæsker. Natrium og klor er viktig for å behalda saftspenning i kroppscellene. Mangel kan gje nedsett vekst og avdrått, gnaging på innreiing og nedsett allmenntilstand. Det er lite natrium i grovfôret. Rask vekst og stor mjølkeproduksjon krev meir natrium. Saltslikkestein vil dekka trongen for natrium og klor.

Vommikrobane treng svovel

Dei essensielle aminosyrene cystin, cystein og metionin inneheld svovel og er difor nødvendige for å byggja opp mange av proteina. Svovel er viktig for at vommikrobane si oppbygging av protein.

Bygg og havre har lågt innhald av svovel. Krossblomstra vekstar som til dømes raps er gode kjelder for svovel. Mangel gjev redusert grovfôropptak og mindre produksjon og vekst. Forsøk i Trøndelag med gjødsling med Patentkali har ikkje påverka avlingsmengda, men har auka kløverinnhaldet og auka svovelinnhaldet i fôret. Fleire av mineralblandingane inneheld svovel.

Kopar er viktig men farleg

Kopar er med på å laga hemoglobin og mangel kan gje anemi og føra til redusert ullproduksjon. Sauene er vare for kopar og kan få koparforgifting. Molybden påverkar opptak av kopar og mykje molybden vil gje redusert opptak av kopar. Blodprøve teke av kviger etter utmarksbeiting i Hordaland viste lågt nivå av koparinnhaldet i blodet. Sauer i indre strøk av Austlandet, indre Trøndelag, indre Nordland og Troms er mest utsett for koparforgifting. Beiteplantane i desse områda har lågt innhald av molybden og dermed høgt innhald av kopar.

Sauer i område med lite kopar kan bruka koparhaldig saltstein. Foto: Gunnalug Røthe.
Sauer i område med lite kopar kan bruka koparhaldig saltstein. Foto: Gunnalug Røthe.

Lauv inneheld kobolt

Mangel på kobolt kan gje B12 mangel, leverbetennelse og anemi. Ute i beita kan dyra få dekka noko av kobolttrongen ved å beita lauv.

Samspel selen og E-vitamin

Det er eit tett samspel mellom selen og E-vitamin i dyrekroppen. Mangel på selen og E-vitamin kan gje muskelskade, oksydasjonssmak på mjølk, redusert immunforsvar, meir mastitt og høgare celletal, fruktbarheitproblem og tilbakehalden etterbyrd. Det er registrert lågt innhald av selen i heile landet. Det er vanskeleg å ta vare på E-vitaminet i grovfôret. Surfôr tek betre vare på E-vitamin enn høy. Det er jamt over lågt innhald av E-vitamin i rundballefôr. Det er råd å få tak i mineralblandingar med selen og E-vitamin godkjent for økologisk drift.

Oftast nødvendig med tilskot

Det er vanskeleg å sikra mineraltilgangen til dyra utan tilskot av kraftfôr eller mineralblandingar. Dersom ein brukar heimeavla korn og kross eller ein gjev mindre enn 3-4 kg kraftfôr/ku og dag og 0,3-0,4 kg kraftfôr/sau og dag vert det tilrådd å gje ekstra mineraltilskot. Det er ei rekkje mineraltilskot og mineral-/saltslikkesteinar godkjende for bruk i økologisk drift.

God agronomi viktig

Det er viktig å leggja forholda i jorda best mogeleg til rette for at plantane trivst og er i stand til å ta opp dei tilgjengelege næringsstoffa. Dette gjev i neste omgang eit mineralrikt grovfôr. Analyse av mineralinnhaldet i grovfôret bør vurderast.

Artikkelen har tidligere stått i fagbladet "Økologisk landbruk"

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no