Anita Land 8725 Honer

Høner er sosiale dyr

I økologisk husdyrhald legg ein vekt på at dyr er sosiale.

Hakking og mobbing

Som nemnt i artikkelen om naturleg åtferd har mange dyreartar ei sterk rangordning. Dyr med låg rang kan bli skubba unna og/eller hakka på av dyr med høgare rang. For å sikre god helse og velferd for dyra med låg rang er det derfor viktig å tenkje på rømmingsvegar og skjul for slike dyr når ein lagar både inne- og uteareal. Høg dyretettleik, få eteplassar, flytting og blanding av dyr gir fleire konfliktar enn stabile dyregrupper som har god plass til både å ete, gå, liggje og å utføre kroppspleie. Uttrykket «hakkekylling» kjem av den utprega rangordninga som er i ein hønseflokk, der den med lågast rang er den som blir hakka mest på av andre. Ofte kan det vere ein fordel for desse dyra at det er variasjon i kvaliteten på tilgjengeleg areal, vaglar og rugekassar, slik at dei kan «gøyme» seg bort på område som er mindre attraktive for dei med høg rang.

Fjørplukking og kannibalisme

Fjørplukking inneber at høner plukkar fjører frå kvarandre. Det er eit relativt vanleg åtferdsproblem hos frittgående høns innomhus, særleg samanlikna med dei som veks opp i bur. For å unngå dette er det viktig at kyllingane får tilgang til strø allereie frå første dag. For høner som får utøve naturleg åtferd, til dømes ved å hakke i grønfôr eller kålrot og leite etter korn i strølaget, er risikoen for fjørplukking mindre. Fôr som har lågt innhald av livsnødvendige aminosyrer, særleg metionin, kan vere ei årsak til fjørplukking. Åtferda er vanligere i store flokkar enn i små.

Kannibalisme er eit alvorleg problem for dyrevelferda hos høner. Omgrepet kannibalisme blir brukt om høner som skader eigne artsfrendar til blods eller til døde, uavhengig av om delar av offeret blir fortærte. Fjørfe er altetande (omnivore), og blod og fjører kan derfor vere attraktiv føde. Dersom ei høne først har blitt hakka til blods, ser det ut til at andre høner også begynner å hakke. Det er ofte kloakkopninga som blir angripen, og det kan ende med at tarmen blir trekt ut.

Risikoen for kannibalisme kan auke ved sterkt sollys og stressituasjonar, men ein veit ikkje heilt kva som er årsaka. På same måten som ved fjørplukking kan val av hybrid ha mykje å seie. Andre faktorar kan vere fôret og miljøet til høna.

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no