Jordorganismer som meitemark, midd og spretthaler har det bedre i økologisk dyrket jord, viser en studie. Foto: Annlaug FludalJordorganismer som meitemark, midd og spretthaler har det bedre i økologisk dyrket jord, viser en studie. Foto: Annlaug Fludal

Verknad av blautgjødsel på meitemark

Bruk av stor mengde vassblanda blautgjødsel resulterte i fleire daude meitemark på overflata tidleg på våren samanlikna med ublanda mindre mengder gjødsel. Denne effekten var ikkje synleg hausten same sesong då tal levande meitemark i jorda vart talt. Det var generelt mange meitemarkar og 6 ulike artar i den undersøkte engjorda i Randaberg.

Mykje mat for meitemark og planter

Arealet der registreringane vart gjennomførte er drive økologisk med fokus på lite jordpakking. Over mange år er det tilført 4-5 tonn per da og år med ei blanding av storfé- og grisegjødsel. Det var generelt godt med mat både for meitemark og planter i jorda. Den negative effekten av store mengder vassblanda gjødsel om våren, i form av fleire daude meitemark på overflata, fann vi ikkje att om hausten da vi talde levande meitemark i jorda.

Enga var 7 år gammal, og har gitt gode grasavlingar i fleire år. Avlingsregistreringar frå tidlegare år syner 600-900 kg ts/daa.

Gjødsling

Det vart tilført om lag like mykje næring gjennom blautgjødsla i gjødselbehandlingane, som hadde tre gjentak.

Behandling 1: ugjødsla

Behandling 2: vassblanda (50%) blautgjødsel, 7 tonn vår + 4 tonn etter 1. slått per daa

Behandling 3: ublanda blautgjødsel (storfè+gris), 3 tonn vår + 2 tonn etter 1. slått per daa

Gjødslingstidspunkta var same dagane som teljing av daud meitemark på overflata: 10. april og 12. juni 2019. Møkka vart breispreidd med traktor og ei 4,5 m3 tankvogn. Analysar av husdyrgjødsla synte at gjødsla spreidd om våren som forventa hadde ulikt tørrstoffinnhald mellom vanleg og vassblanda gjødsel. Denne skilnaden var ikkje tydeleg for gjødsla spreidd etter 1. slått.

Foto: Ane Harestad
Ei treramme på 1x1 meter vart brukt til begge overflateteljingane av daude meitemark. Her frå teljing 10.april. Trådane i ramma lettar teljinga. . Bilde: Ane Harestad

Teljing av meitemark på overflate og i jordblokker

Vi talde daude og halvdaude meitemark på overflata om lag 3 timar etter kvar spreiing av husdyrgjødsel. Teljinga var basert på ein metode utvikla av NORSØK i eit tidlegare prosjekt (Pommeresche & Løes 2015) med ei ramme på 1 m x 1 m i kvar teljerute. Dette gav tal daude meitemark/m2, som var datasettet som så vart analysert.

Vi talde og levande meitemark i jord 12.9.2019, som var etter siste slått og før eventuell frost. Vi tok ut ein jordklump på 20x20x20 cm ved hjelp av ei stålramme som er laga for slike uttak. Rettsida spade kunne også vore brukt.

Foto: Reidun Pommeresche
Foto: Reidun Pommeresche

Vassblanda gjødsel og tal meitemark

Vassblanda stor mengde blautgjødsel hadde ein kortvarig negativ effekt på tal meitemark tidleg på våren, men effekten var ikkje synleg hausten same året då vi talde levande mark i jorda.

Det vart funne fleire daude meitemark på overflata like etter gjødslinga om våren med 7 tonn vassblanda/daa enn med 3 tonn vanleg blautgjødsel/da eller inga gjødsling, se figur. Forskjellen var statistisk sikker (p ≤ 0,05). Vi fann både daude individ av meitemarkarter som lever øvst i jordlaget og artar som vi vanlegvis finn djupare i jorda.

Etter førsteslått med påfølgande gjødsling (2 t vs 4 t) var det generelt få daude mark (0-2 stk) på overflata (12.6.2019), med unntak av 14 mark i ei rute med vassblanda gjødsel. Det var i snitt 5,67 (4 tonn), 1,0 (2 tonn) og 0,67 (ugjødsla) meitemark, men ikkje statistisk sikre forskjellar (p=0,22).

Rett før beiting om hausten, fann vi mellom 425 -1325 levande meitemark per m2 i 3 jordblokker frå kvar gjødselbehandling. Gjennomsnitt for heile datasettet med levande mark var 925 mark/m2. I gjennomsnitt var det lågast tal med 850 meitemark/m2 med 7+4 tonn, vidare 975 mark/m2 med 3+2 tonn og 950 mark/m2 i ugjødsla ruter. Det var ikkje statistisk sikre forskjellar mellom tal meitemark i dei ulike behandlingane (p=0,69).

Daude meitmark frå ruta der det blei brukt 7 tonn blautgjødsel per dekar. Foto: Ane Harestad
Daude meitmark frå ruta der det blei brukt 7 tonn blautgjødsel per dekar. Foto: Ane Harestad

Tal meitemark i norsk jordbruksjord

I gjennomsnitt vart det talt 925 meitemark per m2 i jordblokker i Randaberg. Ei norsk studie viste at kløvereng i vekstskiftet auka talet og biomassen av meitemark i jorda (Pommeresche m.fl. 2007). Fleire studier viser at husdyrgjødsel brukt over tid oftast gir auka tal meitemark (Pommeresche & Løes 2009, Pommeresche & Riley 2009).

Norske studier av meitemark og husdyrgjødsel er gjort i ulike samanhengar, men ingen er knytta til vassblanda versus ublanda blautgjødsel. I ei eng på Nordmøre i 2013 vart det undersøkt to ulike nivå av blautgjødsel som ikkje var tilført ekstra vatn (Pommeresche & Løes 2015). Etter vårgjødslinga, då 2/3 av samla mengde gjødsel vart brukt, var det fleire daude meitemark på engoverflata ved bruk av samla 4 tonn blautgjødsel samanlikna med 2 tonn. Om hausten same år var det lite forskjell på tal levande mark i dei ulike behandlingane. Det var i snitt litt under 200 meitemark/m2. Dette, saman med våre resultat, tyder på ein negativ, men kortvarig effekt av store mengder blautgjødsel.

Det er også undersøkt effekt av jordpakking og bruk av husdyrgjødsel på tal meitemark (Hansen & Engelstad 1999) der tal meitemark var 680 mark/m2 ved den reduserte køyringa og 160 meitemark/m2 ved «vanleg» køyring. Forskjellen mellom tal meitemark i dei to systema vart mindre utover i det 10 år lange prosjektet. Bruk av vassblanda blautgjødsel samanlikna med «lufta» (nedsenka luftpumpe) blautgjødsel synte ingen særleg forskjell i tal meitemark i jorda. Det var fleire meitemark der det vart tilført fast husdyrgjødsel samanlikna med der det berre vart brukt urin.

Anbefalingar for husdyrgjødsel

Det gjenstår endå arbeid for å skjøne kva som er beste handteringa av blautgjødsla for å redusere negativ effekt på tal meitemark ved spreiing. Med vassblanding av blautgjødsel blir gjødseleffekten betre og det blir mindre tap av nitrogen. Vi vil difor anbefale å vassblande blautgjødsel før spreiing sjølv om det gav reduksjon i tal meitemark etter vårgjødsling i vårt forsøk. Det å tilføre mindre mengder med vassblanda gjødsel er eit alternativ. Fleire utprøvingar trengst for å optimalisera mengda av vassblanda gjødsel som bør tilførast kvar gong.

Sortering Av Meitemark
Det blei sortert ut meitemark frå jordblokkene for hand. All jorda i klumpen vart sjekka, særleg mellom røter og i torva med gras og røter. Frå venstre Reidun Pommeresche, Annlaug Fludal, Kolbjørn Anda (Gardbrukaren som var vertskap) og Bjørg Karin Dysjaland

Mørke og lyse artar

Meitemarkartar kan delast i grupper basert på kvar dei lever, kva dei et og om dei har fargepigment i huda eller ikkje. Gruppa med bleike artar er jordlevande, og et mest jord, slik som gråmeitemark og rosameitemark. Farga artar lever nærare overflata, eksempelvis skogmeitemark, eller er djuptgravande artar som stormeitemark (Lumbricus terrestris) og langmeitemark (Aporrectodea longa). Dei to siste går jamnleg opp på overflata for å finne planterestar som dei dreg inn i gangopninga og et.

Ved teljing av levande meitemark fekk vi artsbestemt dei vaksne meitemarkane som hadde tydeleg belte. Det var 75 % juvenile (ikkje vaksne) og 25 % vaksne meitemark. Frå gruppa «lyse» (upigmenterte) artar var det flest gråmeitemark (Aporrectodea caliginosa) og ein god del rosameitemark (Aporrectodea rosea) i jordblokkene. Frå gruppa av «mørke» (pigmenterte) artar var det færre enn av dei lyse, og artar som vart funne var langmeitemark (Aporrectodea longa), stormeitemark (Lumbricus terrestris), skogmeitemark (Lumbricus rubellus), samt to individ av løvmeitemark (Lumbricus castaneus). 

Artikkelen har tidligere stått i Økologisk landbruk nr.1, 2020

Les mer

Harestad, A. & R. Pommeresche 2019. Blautgjødsel og meitemark i eng i Randaberg - Effekt på tal meitemark av blautgjødsel med og utan ekstra vatn. NORSØK Rapport nr. 13, 2019

Referanser

Pommeresche, R., S. Hansen & A. Korsæth 2007. Effekter av ulike dyrkingssystemer på tetthet og biomasse av meitemark. Bioforsk FOKUS nr. 2, s. 46-47

Pommeresche, R. & A.-K. Løes 2009. Relations between agronomic practice and earthworms in Norwegian arable soils. Dynamic Soil, Dynamic Plant 3, s.129 - 142

Pommeresche, R. & H. Riley 2009. Meitemark i Møystadforsøkene - ettervirkning av langvarig bruk av husdyrgjødsel og mineralgjødsel. Bioforsk FOKUS 4 (1) s. 25-28

Pommeresche, R. & A.-K. Løes 2015. Fleire meitemark døde etter fire tonn blautgjødsel. Økologisk Landbruk nr. 1, s. 11-13

Hansen, S. & F. Engelstad 1999. Earthworm population in cool and wet district as affected by tractor traffic and fertilisation. Applied Soil Ecology 13, s. 237-250

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no