Foto: Peggy HaugnesFoto: Peggy Haugnes

Geit

God dyrevelferd i økologisk produksjon inneber ikkje berre god helse, men å ta vare på dyra sin eigenart og legge til rette for at dei skal få utfalde seg i samsvar med naturen deira. For å kunne leggje til rette for naturleg åtferd i geitehaldet må ein skaffe seg kunnskap om kva som er normal åtferd for geiter som er i sin naturlege biotop.

Geita har gjennom vid utbreiing vist ei særleg stor tilpassingsevne. Vi finn geita på frodige beitemarker i temperert klima, i gloheite ørkenstrøk i tropane og på skrale beite i høgfjellsområda.

Tamgeita stammar truleg frå ville geiter som levde i fjella i Kaukasus i den asiatiske delen av Russland. Naturleg utval gjennom tusenvis av år gjorde geita godt skikka til å overleve kalde vintrar og tørre somrar i desse fjellstrøka. Geita utvikla føter som gjorde henne i stand til å ta seg fram i ulendt terreng. Klauvene har harde kantar og er hole under. Det gjer at føtene får godt feste, sjølv på nakne berget. Hårlaget til villgeita blei tjukkare når dagane blei kortare og vinteren stod for døra. Brunsten melde seg på ei tid som sikra kjeing om våren, då levekåra var lettast. Villgeiter kan fare over store avstandar, og dei er mindre avhengige av flokken enn det sauer er, sjølv om dei også er flokkdyr.

Også den norske geita trivst i ulendt terreng. Ho liker å klatre og går over store område på leiting etter mat. Ved oppstalling inne er det prøvd ut liggjehyller for geit. I utgangspunktet var dette for å auke arealet per dyr, men det har også vist seg å vere positivt sett i forhold til at dei liker å klatre og å ha utsikt. 

Ein måte å løyse kravet til areal og kravet om fast liggeareal på er å lage liggehyller. Foto: Helga Kvamsås
Ein måte å løyse kravet til areal og kravet om fast liggeareal på er å lage liggehyller. Foto: Helga Kvamsås

Åtferd

I ammeperioden er det naturleg for geita å gøyme kjea sine. Dei er ikkje med mora heile tida, slik som lamma er. Ved kjeing slikkar mora kjeet tørt etter fødselen, og eit sterkt band blir knytt mellom dei to. Seinare blir killingen kjend med utsjånaden og stemma til kvart einskild individ i flokken. Geita har eit godt utvikla flokkinstinkt, og dei beiter helst i flokk. Dette kan utnyttast og takast omsyn til på same måten som for sau. Flokkane er gjerne på 20–30 geiter og består av unggeiter og vaksne geiter med killingar. I flokken er det ei tydeleg rangordning med ei leiargeit som er den som dominerer. Vil ein flytte dyr, kan ein med fordel leie eller føre leiargeita først.

Når bukkane blir kjønnsmodne, vil dei i vill tilstand forlate flokken og slå seg saman med andre bukkar i små grupper. Når geitene kjem i brunst, vil bukkane komme inn i flokken for å pare seg. Bukkane vil ofte slåst om retten til å pare seg med ei geit. Då kastar dei seg inn i kvarandre, horn mot horn, for å prøve styrken til motstandaren. Den sterkaste vil få pare seg med geita, mens den andre må trekkje seg tilbake.

Geita bruker mest stemma til å halde saman flokken. Likeeins bruker mora og killingen stemma for å halde saman. Geiter som har dagleg kontakt med folk, er tillitsfulle. Kje som går lenge utan tilsyn, kan derimot bli svært sky.

På beite

Geita trivst ikkje i mørket og liker seg dårleg når det regnar. Særleg i varmt vêr beiter geitene godt om morgonen og kvelden. Derfor bør dei helst ikkje stå inne om natta om sommaren.

Geitene held seg godt samla under beiting. Dei streifar raskt omkring på utmarksbeite, og går sjeldan i ro og beiter på same staden i lengre tid, slik som sau og storfe. Geiter kan finne på å ikkje møte opp til mjølkestellet, særleg når det nærmar seg slutten av laktasjonen. Dei er vare på vêret og treng betre ly enn til dømes sauen. Når det blæs, trekkjer geitene nesten alltid mot vindretninga. Geita beiter ikkje så snautt som sauen, men tek gjerne berre toppen, blomen og blada av beiteplantene. Ho beiter meir lauv og skot av ulike tre og buskar enn dei andre husdyra. Dei gneg også bork av både bartre og lauvtre, og er derfor effektive til å halde buskar og kratt nede.

Val av driftsopplegg

I økologisk landbruk er det eit mål at drifta skal basere seg mest mogleg på garden sine eigne, lokale og fornybare ressursar. Fôret skal dyrkast utan lettløyseleg kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel. I husdyrhaldet skal det leggast stor vekt på god dyrevelferd gjennom rett fôring, førebyggande helsearbeid og høve til å utføre naturleg åtferd.

Geitemjølka blir i hovudsak levert til meieri for produksjon av brun og kvit geitost. Enkelte produsentar har starta ysting på eigen gard, og sel osten lokalt. Interessa for kjekjøtt ser også ut til å være stigande. Mykje av kjøttet blir foredla og omsatt lokalt.

Tradisjonelt har geita også vore brukt som ein spesialisert kjøtprodusent. Utegangargeitene i Selje kommune er døme på at denne driftsmåten framleis vert halden i hevd. Geita kan også produsere ull, mohairull frå angorageiter, eller kasjmirull frå geiter som er tilpassa eit kaldt klima. Kasjmirull kan kombinerast med mjølkeproduksjon. Dei siste åra er geit og nytta som landskapspleiar.

Ved økologisk geitehald må heile buskapen drivast økologisk. Reglane for økologisk produksjon blir revidert jamleg og finnes på Matilsynets hjemmeside under økologisk landbruk eller på www.debio.no.

Kva driftsopplegg ein vel avheng av fleire faktorar, mange av desse er knytt til garden og garden sine ressursar uavhengig av om ein driv økologisk eller konvensjonelt:

  • Tilgang på grovfôr
  • Tilgang på beite – både areal og kvalitet
  • Tilgang på eigenproduserte og konsentrerte fôrmidlar
  • Bygningar og investeringsbehov
  • Klimatiske tilhøve, jordsmonn og arrondering
  • Arbeidskraft, arbeidstoppar og fagleg interesse

Kva mål ein har med geitehaldet er avgjerande for driftsopplegget. Skal ein produsere berre mjølk, berre kjøt, både mjølk og kjøt eller er det landskapspleie som er hovudmålet? Kva rase ynskjer ein?  Kan jorda drivast intensivt, eller er det eit meir ekstensivt jordbruk som høver best?

Når ein vel å drive økologisk og kuttar ut kunstgjødsel går avlingane oftast ned. Det er difor ein fordel å ha rikeleg med grovfôrareal, eller kunne  ta i bruk meir areal dersom ein ønskjer å oppretthalde same avlingsmengd. Ei viss mengde innkjøpt økologisk kraftfôr kan nyttast. Økologisk kraftfôr kostar noko meir per kg enn konvensjonelt kraftfôr. Det er difor ein fordel med innmarks- og utmarksbeite av god kvalitet og høve til å dyrke og hauste godt grovfôr for å redusere behovet for kraftfôr. Å tilpasse kjeingstida slik at mora og kjeene kjem raskt ut på beite, gjer at behovet for kraftfôr vert mindre.

Val av rase

Dei gamle geiterasane blei slått saman til éin geiterase for mange år sidan, og fram til 1990-åra har vi hatt berre ein geiterase i Noreg – Norsk mjølkegeit. Enno er det denne som dominerer, men import av utanlandske geiter har fått ein del å seie for nisjeproduksjon og kulturlandskapspleie. Val av rase i økologisk produksjon vil vere avhengig av kva drift ein ønskjer.

Norsk mjølkegeit

Rasen har stor variasjon i farge og fargemønster, med kort eller lang ragg, kolla eller horna, og med mykje eller lite botnull (kasjmirull). Ei mjølkegeit veg i snitt rundt 50 kg og produserer 560 liter mjølk per år.

Mohair- eller angorageit

Denne rasen kjem frå Tibet og Ankara i Tyrkia. Dei blir kalla Mohairgeit i dei nordiske landa. Rasen er avla for å produsere ull. Rasen har horn og er noko mindre enn Norsk mjølkegeit og har hengande øyrer. Dei kan ha alle slags fargekombinasjonar, men i ullproduksjon ønskjer ein først og fremst kvit ull. Dei har lite botnull og er derfor best tilpassa eit varmt og tørt klima.

Kasjmirgeit

Kasjmirgeit er avla fram for å produsere kasjmirull. Ulla er svært finfibra botnull, og ein føretrekk den kvite ulla i ullproduksjon. Utsjånad kan variere mellom kasjmirgeiter frå ulike land. Det er importert kasjmirgeiter frå New Zealand. Desse har kort ragg og hengeøyrer. Det er også importert sæd frå kalsjmir frå Skottland. Desse liknar meir på den norske mjølkegeita. Dei er også meir hardføre enn geitene frå New Zealand.

Kystgeit

Kystgeita er ei utegangargeit frå Vestlandskysten. Populasjonen er trua av utrydjing. Kystgeita liknar mykje på Norsk mjølkegeit, men produserer mindre mjølk og har meir kjøttfylde. Ved at geitene går ute heile året og må klare seg i eit hardt kystklima, skjer det ein naturleg seleksjon. Geitene er derfor svært lette på foten i det bratte terrenget, har gode og sterke bein og tett ull og ragg. Dei fleste dyra er horna. Kystgeita har eit god lynne.

Boargeit

Desse er begge avla for kjøttproduksjon. Boergeita stammer frå Sør-Afrika. Den har hengeøyrer og korthåra pels med noko underull om vinteren. Ei vaksa geit kan kome opp i 80 kg og bukkar opp i 130 kg. Det er to fargevariantar av rasen: Foredla og fullfarga. Dei foredla dyra skal være kvite med raudt hovud og øyrer, fullt pigmentert, og hovud med tydeleg bliss.

Dverggeiter

Det finnes to forskjellige afrikanske dverggeiter, Nigeriansk dverggeit og Afrikansk pygmègeit. Geitene er små i storleik. Nigeriansk dverggeit er mindre kompakt en pygmégeita, og har mange ulike fargar. Den mest vanlege fargevarianten er raudbrun med svart ål på ryggen og kvit buk. Nigeriansk dverggeit er slankare og nettare enn Afrikansk pygmégeit. Pygmégeita har kortare horn enn den Nigerianske dverggeita. Hovudet har kort og brei form, beina er kort og kroppen liten og kompakt. Rasen er ofte heilt kvite, eller svarte eller svart og kvite, men er også i andre fargekombinasjonar. Den er en kjøttrase med svært god tilvekst, er små som namnet tilseier.

Næringsbehov

Behov for næring heng saman med størrelsen på dyra, vekst, avdråttsnivå og innhald av fett, protein og laktose i mjølka.

Behov for energi og protein

I tabell 1 finn ein tal for geiter sitt behovet til vedlikehald, mjølke- og fosterproduksjon på innefôring.

Tabell 1. Behov for energi og protein til vedlikehald for geit.

Vekt, kg

FEm/dag

AAT g/dag

PBV, g (nedre grense)

30

40

50

60

70

0,48

0,59

0,70

0,80

0,90

42

52

61

70

79

0

0

0

0

0

Levandevekter av geiter varierer mykje frå buskap til buskap. Det er viktig å få eit anslag på kva gjennomsnittsvekt det er på både åringar, andreårs-geiter og vaksne geiter. Dette kan t.d. gjerast ved å vege eit representativt utval av geiter i dei ulike aldersgruppene. Tabellen ovafor gjeld for geiter på innefôring. Ved beiting på flatt innmarksbeite aukar behovet med 25 %, i kupert terreng med 50 % og i bratt fjellterreng med 75 %.

Tabell 2. Behov for energi og protein til mjølkeproduksjon hos geit.

Dagsyting, kg

FEm/kg EKM

AAT, g/kg EKM

Under 2,0

0,44

42

2,0-3,0

0,45

45

Over 3,0

0,47

48

Vanleg dagsavdrått hos mjølkegeiter ligg mellom ein og tre kilo. Ei generell norm på 0,45 FEm/ kg EKM (energikorrigert mjølk) per dag kan nyttast i fôrplanlegginga. 

Geita har større reservar av energi enn av protein. Moderat AAT-forsyning gjennom fôret kan derfor begrense mjølkeproduksjonen. Ei moderat mjølkeyting minkar behovet for dyrt kraftfôr. Proteinbalansen i vom (PBV) bør vere positiv. Det sikrar god nitrogenforsyning til vomfloraen, noko som fører til betre grovfôropptak. 

Tabell 3. Behov for energi og protein til fosterproduksjon.

Tida før kjeing

FEm/dag

AAT, g/dag

Nest siste månad

Siste månad

0,1-0,2

0,3-0,4

20

40

Dei høgste tala i tabell 3 gjeld for geiter som er i dårleg kondisjon, og som bør leggja på seg før kjeing.

Geiter som ikkje er utvaksne, treng energi til vekst. Det går med 3 FEm for å auke kroppsvekta med ein kilo.

Behov for mineral og vitamin

Mineral- og vitaminbehovet til geit er lite undersøkt. Fôring basert på grovfôr eller grovfôr og heimeavla konsentrerte fôrmidlar som korn, potet og rotvekstar gir behov for ekstra tilskot av mineralar.

I tørrperioden får geitene lite kraftfôr og dermed lite tilførsel av mineral via kraftfôret. Når geitene mjølkar av holdet, treng dei også tilskot av mineral. Geitene bør derfor få mineraltilskot heile året så sant det er mogleg. I tillegg bør geitene ha fri tilgang på salt, og da vanleg laust grovsalt i staden for saltstein for å få i seg nok.

Kva mineralblandingar som kan brukast i økologisk drift finn ein i driftsmiddelregisteret på heimesida til Debio.

Aktuelle fôrslag og sannsynlig fôropptak

Beite og innhausta grovfôr er dei viktigaste fôrressursane i økologisk geitehald. I økologisk drift er det svært viktig å fokusere på fôrkvalitet. Tilgjengeleg grovfôr må disponerast slik at det beste fôret blir bruka til dyr som har størst behov. Det er viktig å ha oversikt over totalt fôrbehov og kor mykje ein kan dyrke sjølv.

Tabell 4 syner korleis ein kan klassifisere grovfôret etter næringsinnhald. AAT-innhaldet i grovfôr er oftast mellom 70 og 80 g per kg tørrstoff. Dyra sitt grovfôropptak aukar med aukande energiinnhald og minkande trevleinnhald i grovfôret. God gjæringskvalitet på surfôret er med og sikrar høgt grovfôropptak.

Tabell 4. Klassifisering av grovfôret i ulike kvalitetar etter innhald av energi (FEm), protein (g PBV) og g trevlar (g nøytralt løyseleg fiber=NDF) per kg tørrstoff (TS).

Klassifisering av kvalitet

Fôrslag

Svært låg

Låg

Middels

Høg

Svært høg

FEm

Gras og surfôr

0,77 – 0,82

0,83 – 0,88

0,89 – 0,94

>0,94

Høy

0,69 – 0,74

0,75 – 0,8

0,81 – 0,86

>0,86

PBV

Gras og surfôr

-30 – 0

1 – 30

31 – 60

>60

Høy

-50 – -21

-20 – 10

11 – 40

>40

NDF

Gras og surfôr

>630

590 – 630

540 – 580

490 – 530

Høy

>650

610 – 650

560 – 600

510 – 550

I praksis viser det seg at graset på mange økologiske garder har negativ PBV, og dette gir problem med lågt proteininnhald i grovfôret. Det er da viktig å sørgje for nok protein frå andre fôrmidlar.

I tillegg til grovfôret er det behov for energirike fôrvekstar som for eksempel bygg, havre, potet eller rotvekstar. Også fråsorterte grønsaker er godt fôr. Aktuelle proteinfôrmidlar er erter, ryps/raps-frø eller belgvekstar som hestebønner (bondebønner) og lupinar. Dersom ein ikkje dyrkar konsentrerte fôrmidlar sjølv, finst det økologiske kraftfôrblandingar med ulikt innhald av energi og protein å få kjøpt. Tabell 5 viser døme på næringsinnhald i nokre vanleg brukte fôrmidlar. Tabellen er rettleiande. Innhald av råprotein og PBV vil variere mykje etter dyrkingsforhold som temperatur, nedbør og nitrogengjødsling. Verdien av dei ulike fôrmidlane vil også variere med fôrmengde og rasjonssamansetning. 

Tabell 5. Næringsinnhald i ulike fôrmidlar. *

Fôrslag

FEm/

kg TS

Råprotein

%

AAT

g/kg TS

PBV

g/kg TS

NDF

g/kg TS

Bygg

1,16

11

106

-56

198

Havre

1,09

11

74

-18

300

Erter

1,18

24

112

48

102

Dyrka beite forsommar

1,04

19

107

12

505

Potet

1,13

9

103

-98

73

* Data henta frå: Institutt for husdyr og akvakulturvitenskap, Universitetet for Miljø og Biovitenskap og Mattilsynet, 2009. Fôrmiddeltabell 2008.

Fôringa skal gi dyra nok energi, protein, mineralar og vitaminar. I tillegg skal fôret vera av god hygienisk kvalitet. Eit viktig hjelpemiddel er analysar av fôret. Som minimum bør grovfôret verta analysert for innhald av energi og protein og dei konsentrerte fôrmidlane for innhald av protein.

Surfôr og høy

Surfôr er det viktigaste vinterfôret til mjølkegeit. Høy er nytta i mindre grad. Høy gir tørrare avføring og betre talle. Krav til fast liggeareal gjer det derfor meir aktuelt med bruk av høy i geitefôringa. Allsidig fôring med både høy og surfôr fører til eit auka fôropptak. Geitene et også meir når dei har meir fôr å velja i. Derfor bør det vere omlag 15 % restar ved neste fôrtildeling. I franske forsøk er det funne aukande fôropptak ved opptil 40 % restar. I norske forsøk er det funne høgre tørrstoffopptak av surfôr med 24 % tørrstoff samanlikna med surfôr med 21 %.

Auka kraftfôrtildeling kan redusere grovfôropptaket. Utbyttingseffekten er størst ved svært god grovfôrkvalitet. Ved bruk av seint slått gras av middels kvalitet og på middels til dårleg beite er utbyttingseffekten mindre. Det er også store individuelle variasjonar i fôropptak mellom geiter. Dette gjer det vanskeleg å estimere grovfôropptaket hos mjølkegeit, og fôret bør vegast eit par gonger i løpet av innefôringsperioden. Geita er svært selektiv i sitt fôropptak. Det er særleg viktig at ho får fri tilgang på grovfôr slik at ho kan plukke ut det beste av grovfôret. Dersom det er mogleg, bør ein gje grovfôr meir enn to gonger per dag, særleg i den perioden geitene mjølkar mest og treng mest energi.

Rotvekstar og potet

Fôrnepe og kålrot kan setja smak på mjølka og må ikkje gis rett før mjølking. Fôrnepe kan beitast, fôrast frisk eller ensilerast. Ensilert nepe kan gjevast i lag med høy eller grassurfôr etter mjølking om kvelden. Kålrota er eit godt geitefôr, og ho kan lagrast lenge. Vi kan godt gje geitene opp til 2,5 kg raspa rot. Dette tilsvarar 0,3 FEm per dag. Poteter er kanskje eit enda betre geitefôr, og dagsrasjonar på 2,0 kg eller 0,4 FEm, kan nyttast.

Kraftfôr

I mjølkeproduksjonen har kraftfôret to oppgåver. Det skal auke energikonsentrasjonen i rasjonen slik at geitene får i seg nok energi, og det skal balansere rasjonen med omsyn til proteinmengde, proteinkvalitet og tilførsel av vitamin og mineralar. Det er viktig å ta analysar av det heimeavla fôret og velja kraftfôrblanding ut frå grovfôrkvaliteten.

I ei økologisk driftsmåte vil det ofte vere aktuelt å «setja eit tak på kraftfôret» for at andelen ikkje skal bli for høg.

Krossensilert korn

Dyrking av eige korn til kraftfôr vil kunne redusere kraftfôrkostnadene og auke sjølvforsyningsgraden til garden. På stader med kort vekstsesong og vanskelege innhaustingsforhold er korn til modning ein usikker produksjon. Krossensilering kan derimot gjere eigen produksjon av kraftfôr mogleg i marginale område for korndyrking. Korn til krossensilering skal haustast når kornet er på gulmodningsstadiet. Dette reduserer kravet til vekstsesong med 10 til 20 dagar samanlikna med korn til fullmodning. Krossa korn vert rekna som kraftfôr og det vert gitt arealtilskot som til fullmodna korn.

Beite

Beitegras er eit billig og næringsrikt fôr som kan gi grunnlag for ein stor produksjon av mjølk med høg kvalitet. Men beiting er ei vanskeleg og kunnskapskrevjande driftsform, mellom anna fordi plantane heile tida vert påverka av beitande dyr ved selektiv beiting, ved spreiing av gjødsel og urin og ved trakk, og fordi kvalitet og mengd av beitegraset varierer gjennom heile sesongen. Beiteareala må drivast slik at ein kan utnytte potensialet til beitevekstane og sikre ein jamn tilgang på beitegras av god kvalitet. Tildeling av kraftfôr bør tilpassast beitekvaliteten, oppnådd yting og mjølkekvalitet. Tørrstoffinnhald i mjølka, innhald av frie feittsyrer og eventuelle smaksfeil heng nøye saman med geitene sin energistatus. Mange geitehaldarar har dyra inne om natta, ofte utan tillegsfôring. Dette er uheldig, fordi geitene ofte har stor beiteaktivitet etter kveldsmjølking og til dels tidleg om morgonen når nettene er korte.

Fôring

I økologisk landbruk er det eit mål å få til eit sjølvberande system med mest mogleg resirkulering av næringsstoff. Det er derfor eit ønske med moderat innkjøp av kraftfôr og fokus på grovfôrkvalitet og beite. Ein konsekvens av dette er ofte eit driftsopplegg med moderat yting og flatare mjølkekurve.

Økologiforskrifta sine krav til fôring av geit

Heile buskapen må drivast økologisk. Nokre av reglane som gjeld fôring oppført i regelverksvegleiaren (vegleiar til økologiforskriften) per mai 2020 er:

  • Fôret skal vera 100 % økologisk. Det vil seie at fôrvarer som ikkje finst økologisk (til dømes mask, drank og potetrasp) ikkje kan brukast. Heller ikkje luta eller ammoniakkbehandla halm er godkjend. Det er utarbeida eigne reglar for bruk av karensfôr (fôr frå areal som er under omlegging frå konvensjonell til økologisk dyrking).
  • Minst 60 % av fôret skal koma frå eigen gard eller fra regionen. Fôr fra fôrvirksomheter er ikke med i beregningen.
  • Grovfôret (gras, høy, surfôr, rotvekstar, frukt- og grønnsaksrestar eller lauv) skal utgjere minst 60 % av tørrstoffet i dagsrasjonen for dyr eldre enn 6 månader. I dei tre første månadene av laktasjonsperioden kan det tillatas at prosentandelen blir redusert til 50 for kvart dyr per dag.
  • Fôringa skal baserast på størst mogleg bruk av beite, i den grad beite er tilgjengelege til ulike tider av året.
  • Kje skal fôrast med naturleg mjølk frå geit dei første 45 levedagane.
  • I geitehaldet kan det brukast konvensjonell mjølkeerstatning, fordi det ikkje finst gode økologiske alternativ på marknaden. Kje som vert fôra med konvensjonell mjølkeerstatning eller mjølk, vil ikkje lenger vera økologiske, men vil likevel vera ein del av eit økologisk driftsopplegg. Desse dyra må stellast og fôrast i samsvar med økologiforskrifta, med unntak av mjølkefôringa. For produsenten betyr dette ekstra krav til dokumentasjon. Kjea må omsetjast som konvensjonelle dersom ikkje karenstida på 6 månader er gjennomført.

Tilskotsfôring

Allereie i siste del av juli går beitekvaliteten ned, og geitene må bruke meir energi på vandring for å få tak i gode beiteområde. Energitrongen kan auke opp mot 40 % i slike situasjonar. Da er det viktig med tilskotsfôring for å halda mjølkeproduksjonen oppe. Kraftfôr, hå- eller rapsbeite, nepe, kålrot, potet eller rapssurfôr er aktuelle fôrmiddel. For dei fleste er det vanleg rundballesurfôr av god kvalitet frå 1.slått som er mest aktuelt å gi i tillegg til beite når beitekvaliteten blir dårlegare. Høy av god kvalitet kan også vere aktuelt. Tilleggsfôring med grovfôr kan gjerast i fôrhekkar ute, eller ein kan fôre grovfôr inne om kvelden/natta dersom nattbeiting ikkje vert praktisert. Når geitene går på håbeite vil dei trenge tilskot av fiber for å oppretthalde ein god vomfunksjon. For å regulere vomfunksjonen bør ein la geitene sleppe ut i utmarka i periodar eller ein bør gi tilskot av høy eller surfôr med høgt trevleinnhald om kvelden/natta. Rapsbeite er også gunstig, men raps kan setja smak på mjølka og redusere hemoglobinnivået i blodet. Derfor bør geitene berre ha tilgang på slikt beite nokre timar etter kveldsmjølkinga.

Fôring ved overgang frå konvensjonell til økologisk drift

Geiter har stor evne til å tilpasse seg til ulike driftsopplegg og ulik fôrstyrke utan at det går utover helse og trivsel. Mjølkegeiter får t.d. sjeldan ketose. Derfor kan ein leggja om frå konvensjonell til økologisk drift relativt raskt. I økologisk drift vert avlingane ofte redusert. Grovfôropptaket vil også auke dersom ein gir mindre kraftfôr. Talet på dyr bør tilpassast til grovfôrarealet; enten ved å redusere talet på dyr eller auke grovfôrarealet.

Fôring før og etter kjeing

Geitene bør ha ein tørrperiode på minst åtte veker. Ein tørrperiode på åtte veker er ikkje alltid lang nok til å få tilstrekkeleg hold på geitene. Derfor må ein også bruke seinlaktasjonen til å gi geitene høve til å bygge opp hold. Når geitene har slutta å mjølke, kan det derfor passa med ein fôrstyrke på inntil 20 % over vedlikehald fram til tre veker før kjeing. Da bør fôringa gradvis aukast til 20-50 % over vedlikehald. Geitene bør vere i høveleg hald når dei kjear. Det er derfor nyttig å vurdere haldet til dyra. Haldet vurderast på ein skala frå ein til fem, der ein er svært avmagra dyr og fem er svært overfeite dyr. Geitene bør ha holdpoeng 3 - 3,5 ved kjeing slik at geitene kan møte laktasjonen med tilstrekkelege kroppsreservar.

I den siste månaden av fostertida kan det høve å auke kraftfôret gradvis til 0,2-0,3 kg. Mikrobane i vomma treng tid til å tilpasse seg nye fôrslag. Derfor må dyra tilvenjast alle fôrslag ein har tenkt å nytte etter kjeing seinast tre veker før kjeing. Ei moderat kraftfôrtildeling i tida omkring kjeing er med å redusere ytinga i topplaktasjonen. Det kan høva med ei opptrapping til 0,3-0,4 kg ved kjeing.

Aktuell fôrplan

Geita har stor evne til å byggja opp kroppsreservar som kan mobiliserast for mjølkeproduksjon etter kjeing. I fôrplanane er det lagt vekt på at geitene skal ha ei flat laktasjonskurve, med oppbygging av kroppsfeitt i seinlaktasjon og mobilisering i tida etter kjeing.

Tabell 6. Fôrplan for vaksne geiter med kjeing i april.

Beite

Grovfôr

FEm/dag

Rotvokstr/ potet

FEm/dag

Kraftfôr

FEm/dag

Tørrperioden, 8 veker

0,8 

0,2

Kjeing til beiteslepp

1,0

0,6

Beiteslepp til 1.august

Fri tilgang

0,5

Resten av beitetida

Fri tilgang

0,45

0,5

Innsetjing til avsining

0,9

0,3

0,4-05

På beite kan ein bruke litt mindre kraftfôr enn oppført i tabell 6 først i perioden og auke mengda etter kvart som beitekvaliteten går ned. Det er gunstig å bruka både høy og surfôr i rasjonen. I fôrplana held ein kraftfôrnivået stabilt sist i beiteperioden. Ei forutsetning for å kunne gjere dette, er at ein tilleggsfôrar med godt grovfôr, sidan grovfôret skal vege opp for redusert beitekvalitet. Ein må vurdere korleis geitene utviklar seg i yting og mjølkekvalitet (tørrstoff og frie fettsyrer) utover i beitesesongen, og justere fôringa etter dette.

Grovfôropptaket frå kjeing til beiteslepp dekkar energibehovet til vedlikehald og til 0,5 kg mjølk. Medrekna rotvokstrar og kraftfôr er det nok energi til i overkant av 2,0 kg mjølk. Ei slik mjølkekurve er lettast å få til når geitene kjear frå april og utover. Med kjeing i mai kan ein gå ned på kraftfôrmengda i perioden før beiteslepp og ned på 0,1 FEm kraftfôr per dag på beite. Dette forutset at geitene gradvis har bygd seg opp til godt hald til kjeing, og kan ut på beite i topplaktasjonen medan dei enno har godt med kroppsreservar å mobilisere.

Fôring og mjølkekvalitet

Gjennom året ynskjer meieriet jamne leveransar av mjølk med ein karakteristisk, men likevel mild og stabil smak. Smaken på geitemjølka er i stor grad knytt til feittet. Det største problemet med smak på geitmjølk er beisk/harsk smak på mjølka. Mjølk med beisk smak har oftast høgt innhald av frie feittsyrer. Mjølk med høgt innhald av frie feittsyrer er ustabilt råstoff som gir problem med utvikling av beisk smak i ferdige produkt etter lagring.

Det har vore stort fokus på at geiter i negativ energibalanse ofte produserer mjølk med lågt tørrstoffinnhald, beisk smak og høgt innhald av frie feittsyrer. Ein anbefaler å sørgje for at geitene har best mogleg energidekning. Ein må sjå alle periodar av året i samanheng, slik at geitene ikkje taper for mykje hold i deler av laktasjonen. Det er naturleg at dei brukar kroppsreservar som energikjelde i høglaktasjonen. Perioden med mobilisering av kroppsfeitt bør gjerast så kort som mogleg og geitene må få høve til å bygge oppatt hold t.d. fram mot beiteslepp og fram til ny kjeing.

Beiteperioden er utfordrande med omsyn til mjølkekvalitet. Beitekvaliteten vil variere frå tidleg til seint i sesongen og geitene sitt fôropptak og beitemønster blir  påverka av vêr og temperatur. Ein må fylgje med på yting, utvikling i tørrstoffinnhald og frie feittsyrer i mjølka og på holdet til geitene. Kraftfôrnivå og tilleggsfôring med grovfôr må tilpassast dette.

God fôring kombinert med ein jamn og ikkje for høg avdrått minskar faren for smaksfeil. Dette er lettare å få til med kjeing frå mars og utover og dersom fôringa er god i siste halvdelen av laktasjonen. Dette fordi dyra på det viset er i høglaktasjon i første del av beiteperioden når kvaliteten på beitegraset er høgast.

Forsking synar at årsakene til beisk/harsk smak er meir samansett enn ein tidlegare har trudd. Forskingsprosjektet «Kvalitetsmjølk for kvit geitost» tok for seg mjølkekvalitet i forhold til fôrings- og beitestrategiar i heile laktasjon. Prosjektet vurderte og smakfeil knytt til genetisk variasjon mellom geitene. Prosjektet vart avslutta i 2012. Her finn du meir informasjon om prosjektet. 

Meieriet ynskjer stabil tilførsel av mjølk gjennom året. Geitene vert normalt avsina når kvota er full, seinast to månader før neste kjeing. Fordi dei fleste geitene kjear frå januar til april, er det lite mjølk i den mørke årstida og mykje mjølk om sommaren. For å stimulere til jamne leveransar er mjølkeprisen derfor auka mange stader i tidsrommet frå november til januar. Kjeinga kan flyttast til november/desember eller frå mars og utover. I begge tilfella vil geitene mjølke medan prisen er høg. Mange geitehaldarar held likevel på den tradisjonelle kjeingstida fordi det da er lett å tilpassa seg kvota. Ein mjølkar berre geitene til kvota er full ein gong utpå hausten.

Økologisk drift med kjeing før jul er vanskeleg. Prisen på geitemjølka er mange stader høg i denne perioden, men fordi geitemjølk må brukast til kjea i minst 45 dagar, vil dette likevel vere lite lønnsamt. I tillegg vil tidleg kjeing krevje høgare kraftfôrforbruk sidan dyra ikkje går på energirike beite i høglaktasjonen. Da er det betre at geitene kjear nærare beiteslepp. Det er mest naturleg, og amming kan brukast som oppalsmåte.

Dei første vekene, eller heilt fram til avvenning, kan kjea gå med mødrene sine heile tida. Da treng ikkje geitene mjølkast, og dei kan gå på eigne beite. Eit anna alternativ er at kjea går med mora berre om dagen slik at mjølkeproduksjonen om natta kan leverast til meieri. Når kjea er frå sju veker til tre månader gamle, kan dei avvenjast. Kje som går lengre med mora, veks betre, men forbruket av mjølk aukar også. Resultatet av denne driftsmåten vert derfor mindre mjølk om sommaren og meir mjølk i perioden frå september og ut året. 

Når geitene kjear i mars, kan dei mjølkast ut året. Ofte vil kvota vere oppbrukt tidlegare. Da må geitene avsinast og ein får ikkje levere mjølk i perioden med pristillegg. 

Oppdrett av kje

Kva kjea skal brukast til, alder ved første kjeeing og tilgang på grovfôr er viktige faktorar for å vurdere korleis kjea skal fôrast.  

Mjølkefôringsperioden

Dei første 45 levedagane er geitemjølk hovudfôret. Dei første fem levedagane bør kjea gå i lag med mødrene sine heile tida for å få i seg råmjølka. Kjea kan avvenjast frå dei er 45 dagar og til dei er tre månader gamle. Den lengste ammeperioden høver best for bønder som har mykje grovfôr i høve til mjølkekvota, og geiter som kjeer om våren. Ettersom geitene ikkje skal mjølkast, kan dei gå for seg sjølve på eigne beiteområde. Kombinert amming og mjølking er eit anna alternativ. Da kan kjea gå i lag med mødrene sine heile tida dei første to til fem vekene. I resten av ammeperioden bør kjea stengjast frå om natta slik at geitene kan mjølkast om morgonen. Amming fører til god tilvekst hos kjea. Alt i august kan kjea takast frå og eventuelt slaktast.

Avvente, men velutvikla kje greier seg med berre beite frå dei er to månader gamle. Tilveksten blir likevel dårlegare enn for ammekje, og det er naudsynt med vidarefôring av slike kje for å få dei slaktemodne. Geitemjølka kan også tildelast i bøtte eller med automat, enten fersk eller syrna. Da er det mest økonomisk å avvenja kjea ved 45 dagars alder.

Tildeling av geitemjølk frå mange geiter kan være eit problem fordi det aukar faren for at kjea skal bli smitta av viruset «Caprine Arthritis Encephalitis (CAE)» som er svært utbreidd i geitehaldet. Viruset CAE er i slekt med det viruset som fører til mædi hos sau. Vanlegaste smittevegen for CAE er gjennom mjølka.

Når vi nyttar automatfôring, er det best med kald syrna mjølk tildelt etter appetitt. Kje skal ha naturleg mjølk, helst morsmjølk, minimum dei første 45 dagane. Ved bruk av mjølkeerstatning mister kjeet den økologiske godkjenninga. For eventuell syrning av mjølka skal bakteriekultur (anna surmjølk) nyttast som syrningsmiddel. Det er viktig å sikre at kjea får i seg nok råmjølk. Råmjølk av god kvalitet inneheld 50 mg eller meir av immunstoffet immunoglobulin-G (IgG) per liter mjølk. Konsentrasjonen av immunstoff i råmjølka blir raskt redusert etter fødselen, og er nær null etter berre 23 timar. Etter 24 til 36 timar får ikkje kjea til å ta opp meir av dei viktige immunstoffa frå råmjølka, og opptaket er mest effektivt dei første timane etter dei er født. Dess fortare kjea får råmjølk, dess betre er det. Innan tretti minutt er optimalt og seinast innan 18 timar. I tabell 7 står anbefalt mengde råmjølk i forhold til vekt av kjea.

Tabell 7. Tildeling av råmjølk 

Vekt av kje

Fyrste fôring

Innan 15 timar

3 kg

150-200 ml

600 ml

4 kg

200-300 ml

850 ml

5 kg

250-475 ml

1,1 l

Kje som har lært å drikka frå automat, veks godt og fôringa krev lite arbeid. Bøttefôring med smokk er det beste alternativet når kjerommet er uisolert, og når ein ønskjer å redusere forbruket av mjølk. Det bør ikkje være fleire enn 10 – 12 kje per binge og to kje per smokk. Kjea bør ha fri tilgang på mjølkedrikke, og smokkbøttene må aldri bli tomme for mjølk. God syrning er avgjerande for kvaliteten på mjølkedrikken og for at kjea ikkje skal få diaré eller andre mageproblem.

Kjea må få tilgang til godt høy og kraftfôr i løpet av dei første dagane. Dette er svært viktig for utviklinga av vomfunksjonen og for at kjea skal bli gode grovfôretarar. Hygienisk opplegg for tildeling av kraftfôr og høy er særs viktig.

Ved smittesanering mot CAE må ein følge dei aktuelle anbefalingane. Amming vil ikkje være aktuelt, heller ikkje dei neste par åra, og ein er nøydt til å bruke råmjølk frå ku og mjølkeerstatning. Dette medfører at kjea må inn i seks månaders karensperiode etter mjølkefôringa er avslutta. Saneringa avklarast med Debio.

Oppal av livkje

Det vanlege er at geitene byrjar å mjølke frå dei er årsgamle. Unggeitene bør fôrast godt det første året, og bør minimum vege 40 kg, eller 75 % av vaksen vekt, ved første kjeing. Dette for å ha nok energi til både å vekse og til å produsere mjølk. Det er viktig å få fram godt utvikla og robuste åringar som kan ta opp mykje grovfôr. Dette føreset ein høg fôrstyrke gjennom heile oppalet.

Tabell 8. Intensivt oppal av livkje. Dagleg energibehov i ulike periodar ved kjeing frå dei er 12 til 14 månader gamle.

Fasar i oppalet

Tilvekst

g per dag

Behov

FEm/dag

Mjølkefôring (0-7 veker)

125

0,30

Åtte veker til beiteslepp

125

0,60

Beitetida

80

0,70

Innsett til etter kjeing

100

0,90

Ved einsidig fôring med berre surfôr kan det høva med 0,3 kg kraftfôr per dag i innefôringstida. I beitetida kan dagsrasjonane variera frå 0 til 0,2 kg. Når kjea får suga mødrene i beitetida, er tilveksten betre enn det som er sett opp i tabellen, og det er derfor lettare å få geitene store nok ved eitt års alder.

Geitene kan også kjee første gongen når dei er to år gamle. Da kan oppalet i stor grad baserast på beite og grovfôr, gjerne med bruk av fôrrestar frå mjølkegeitene.

Tabell 9. Ekstensivt oppal av livkje. Dagleg energibehov i ulike periodar ved kjeing to år gamle.

Fasar i oppalet

Tilvekst

g per dag

Behov

FEm/dag

Første innefôringssesong

        Mjølkefôring (0-7 veker)

125

0,30

        Åtte veker til beiteslepp

125

0,60

Første beitesesong

60

0,65

Andre innefôringssesong

20

0,55

Andre beitesesong

100

0,85

Innsett til etter kjeing

50

0,80

 

Oppal av slaktekje

Det er vanleg å avlive kje som ikkje skal nyttast i avlen straks etter fødselen. Dette er ei tung oppgåve for geitehaldaren og ein praksis som møter motbør i opinionen. Eit alternativ er å fôre kjea i fem til seks veker før dei vert slakta. Da er slaktevekta mellom 3,5 og 6 kilo. Kjea bør ha ei fødselsvekt på minst 3 kg for å kunne oppnå nødvendig tilvekst og oppfylle kvalitetskrava ved slakting. Framfôringstid avhenger av framfôringsmåte. Ved amming er det viktig at dei har god plass, og at ein kontrollerer at dei får suge det dei vil. Dei høge oppals- og slaktekostnadene er ulempa med kjøttproduksjon på heilt unge kje. Det har derfor vore vanskeleg å få denne produksjonen til å løna seg. Når geitene kjear om vinteren, er denne produksjonen likevel meir aktuell.

Såkalla fjellsprettkje (tyngre kje) er fødde om våren, og dei får mjølk frå mødrene sine. Resten av fôret vert i stor grad henta frå utmark. Når kjea går i lag med mødrene sine, veks dei godt, og kjøtet blir magert og velsmakande. Dersom kjea ikkje får suga heilt fram til slakting, er det som nemnt naudsynt med ei sluttfôring inne på omlag to månader før kjea er slaktemodne. 

For tillaging av marinerte lår eller til fenalår og pinnekjøt høver det godt med større slakt, som t.d. slakt av unggeiter.

 

Innreiing og oppstalling

Driftsbygning og innreiing til geit skal vere tilpassa dyras behov og naturlege åtferd. Det bidrar til god helse og dyrevelferd i besetninga.

I Noreg har det i konvensjonelt geitehald vore vanleg med eit areal på ca 0,8 m2 per geit. Bingane har ofte vore 2 m djupe, med 0,4 m eteplass per geit. Bingane har hatt spaltegolv av tre eller strekkmetall. I Mattilsynets veileder for økologfisk landbruk (per mai 2020) er det fastsett eit arealkrav på 1,5 m2 per geit og 0,35 m2 per kje. Alle dyr skal ha tilgang til fast liggeareal. Desse krava i økologisk geiteproduksjon vil for mange krevje ombygging og utbygging av geitefjøset.

Ein måte å løyse kravet til areal og kravet om fast liggeareal på er å lage liggehyller. Bruk av liggehyller har vist å minske aggresjon og slåssing i geiteflokken. I planlegginga av liggeunderlag og liggehyller til geiter er det viktig å ta omsyn til at dei føretrekk å ligge mot ein vegg, og utan kroppskontakt med andre.

Ein kan bygge system med to til tre hyller. Erfaring har vist at hylle ein og to blir mest brukt, medan hylle nr. tre blir mindre bruka. Dei som bruker hylle tre er geiter som vert mobba av dei andre. Det må være skilje mellom bingane og i hyllene, slik at geitene ikkje skal kunne gå frå den eine bingen til den andre. Dette for å ha kontroll under mjølkinga.

Ei høgde mellom hyllene på ca. 60 cm gir geitene rom til å stå oppreiste. Da kan geitene røre seg fritt utan å måtte krype eller berre ligge på hyllene. Hyllene må reingjerast dagleg. Eit anna alternativ er å ha lågare avstand mellom hyllene, slik at geitene ikkje kan stå oppreiste. Dersom hyllene i tillegg heller litt, vil ein kunne sleppe dagleg reinhald av hyllene. Det er usikkert om hyller der geitene ikkje kan stå oppreist kan godkjennast som ein del av totalarealet til dyra. Hyllene bør byggjast slik at det kjem mest mogleg lys i hyllene.

Foto: Lise Grøva
Foto: Lise Grøva

Helse

God helse er ikkje berre fråver av sjukdom, men også det å ha mykje energi og livskraft, god evne til å motstå infeksjonar, parasittangrep, endringar i fôring og miljø, og god evne til å komme seg etter skade.

Ein kan forebyggje mange sjukdommar ved god hygiene og reinhald, rett fôring, god beiteplanlegging, godt dyremateriale, driftsløysingar tilpassa dyras naturlege åtferd, god handtering og god kontakt med dyra. Ved sjukdom skal omsynet til dyrevern vere avgjerande ved val av behandlingsmetode. Nødvendig legemiddelbruk skal ein ikkje unnlata sjølv om det medfører utvida tilbakehaldstid eller tilbaketrekking av økologisk godkjenning!

Den friske geita (og bukken)

Ei frisk geit er livleg, vaken og sosial. Ei norsk mjølkegeit held øyro høgt, er i godt hald, og har god matlyst. Geita er drøvtyggjar. Klauvene er jamne og symmetriske og vekta av geita kviler på klauvsålen, ikkje på klauvveggen. Hårlaget er blankt, glatt og jamnt, utan hår som brest. I periodar av året, helst om våren, vil underpelsen eller kasjmirfiberen, falle av. Augo er klare og reine og nasen er tørr, rein og kjøleg.

Slimhinnene i nase, augo og andre stader er lyseraude og friske. Avføringa er forma som faste perler. Urinen er klar og lysebrun. Kroppstemperaturen skal vere 38,6 – 40,0 °C, pulsen 70 - 90 slag i minuttet og pusten 15 - 30 pust i minuttet, raskast hjå unge dyr. Tilveksten til ei mjølkegeit er jamn, og dei første 6-8 vekene skal den for hokje vere ca 175 gram per dag og for bukkekje 185-200 gram per dag. Vekta på ei mjølkegeit kan gå noko ned gjennom ein mjølkingssesong på grunn av høg produksjon, men den tek seg raskt opp att når mjølkeperioden er over. Juret til ei mjølkegeit veks fram mot kjeing. Det er jamt og symmetrisk, ikkje hardt eller knudret når ein klemmer på det. Testiklane til bukken skal vere omlag like store, faste og spenstige, ikkje harde, og skal kunne flyttast fritt i pungen.

Ein frisk flokk

I ein frisk geiteflokk bør alle dyra vere i normalt godt hald, det bør ikkje vere dyr verken med svært låge eller svært høge vekter. Det skal vere roleg i flokken, og ei frisk geit mekrar eller skrik vanlegvis berre når den er i brunst eller når den er svolten. Eit godt teikn på ein frisk flokk som får nok mat, er at minst to tredelar av flokken tygg drøv til ei kvar tid.

Sjukdomssymptom

Ei sjuk geit et dårleg og sluttar å tygge drøv, aktiviteten i vomma går ned eller blir heilt borte. Oppsvulma buk kan vere teikn på sjukdom i vomma. Kroppstemperature kan gå over 40,0 °C.

Geita vil ofte vere for seg sjølv, og ved smerter vil den ofte mekre eller kanskje skrike. Avføringa kan bli seig eller endå meir flytande. Ei sjuk geit kan gå stivt eller halte, og ryggen kan vere krokut. Den kan ha oppsvulma ledd. Augo kan vassrenne og slimhinnene kan vere sterkt raudfarga eller ved andre sjukdommar bleike. Slim og snørr i nasen er teikn på sjukdom. Ei kronisk sjuk geit vil gå ned i vekt, og ein kan ofte finne hår som brest, tørr pels eller hårlause parti.

Parasittar

Det er stort sett dei same parasittane som angrip sau og geit. Døgntemperaturen som trengs for klekking av dei ulike parasittane er forskjellig. Generelt kan ein seie at dess varmare og fuktigare det er, dess fortare går utviklinga av parasittane. Nokre parasittar overlever vinteren ute, og ein del parasittar går i dvale i tarmen til vertsdyret om hausten. Koksidiar og rundormar er dei mest vanlege innvortes parasittane.

Geitene mjølkar store delar av året. Da kan ein ikkje behandla geitene med ormemiddel. Eventuell behandling er derfor aktuell i sinperioden. Geitene er særleg utsette når dei over lengre tid går på avgrensa beiteområder med stort beitepress.

Koksidiar

Koksidiar er eincella, og kan bli spreidd med gjødsla utan at dyra er sjuke. Dei er svært motstandsdyktige mot snø og kulde og kan difor overvintre eitt til to år på beite. Lange periodar med berrfrost kan redusere kor mange som overvintrar. Kjea kan lett bli infisert, særleg dersom dei vert sleppt på opptråkka område der sau eller geit har gått året før eller i vinterperioden. Koksidiar kan også opptre innandørs, særleg ved lang innefôringsperiode, og ved fuktige og skitne liggeareal. Symptoma er blodig diarè (svært mørk avføring), uttørking og i verste fall død.

Handtering av smitte

  • Tenk langsiktig og få oversikt over status for smittepresset i besetning.
  • Behandle kjea omlag ei veke etter beiteslepp, som er før dyra vert sjuke, men etter at kjea har fått smitten i seg. Kjea skal vera minst tre veker gamle.
  • Vurder behov for rutinemesseg behandling (for seinare år) ved å unngå å behandle nokre av kjea og ta avføringsprøve av desse omlag tre veker etter beiteslepp. Kjea bør vera rundt fire veker før prøvetaking.

Rundormar

Dei vanlegaste rundormane hos geit i Noreg legg egg som kjem ut med avføringa til geitene og vert klekt på beite. De fleste rundormane som gjev problem, overvintrar på beitet, noko som gjer at kje kan bli smitta så fort dei kjem ut på eit infisert beite. Somme rundormar går i dvale i geita om hausten, og kan vere vanskeleg å påvise ved eggteljing om hausten.

Behandling mot rundormar

  • Behandle livkje om hausten ved innsett. Ta avføringsprøver rett før beiteslepp for å sjå om geitene bør behandlast til hausten. Det er ofte nødvendig å behandle kjea etter to til tre veker på beite.

Felles for koksidiar og rundormar er at dei ikkje overlever dersom beitet er fritt for sau og geit ein beitesesong. Mange av parasittane er også artsspesifikke, det vil seie at ikkje alle parasittar hjå sau og geit smittar storfe eller hest eller omvendt.

Dei viktigaste førebyggande tiltaka mot parasittangrep på geit er friske dyr, låg dyretettleik, rett fôring, nok protein, godt beite, skifte av beite, og godt innemiljø. Vårbeiting av samme areal to år etter kvarandre bør unngåast. Areal som vert beita både vår og haust, kan ha eit høgt smittepress året etter. Arealet bør difor ikkje nyttast til geiter med kje det etterfølgjande år. Kje bør ha parasittfrie beite i minst tre veker frå dei vert sleppt på beite. Smittepresset blir minst dersom ein driv vekselbeite med for eksempel storfe eit år og geit det neste. Dersom dette ikkje er mogleg, vil sambeiting vera ein fordel fordi det blir mindre tettleik av dyr av samme art, og dermed blir smittepresset lågare.

Det er viktig med målretta behandling, og eit viktig hjelpemiddel er avføringsprøve av kje og geitter for undersøking av egg/parasitter.

Ta kontakt med veterinær for å få skissert ein plan for parasitthandtering; førebygging, prøvetaking og behandling.

Lus

Dei mest vanlege hudparasittane på geit er lus, blodlus og pelslus. Dei kan opptre i store mengder. Symptom på angrep er stygg pels, hudirritasjonar, kløe og redusert allmentilstand.

Lus kan følgje livdyr inn i besetninga. Førebyggjande tiltak er klipping av geitene ved innsett, godt inneklima og god plass i bingane.

Flått

Førekomst og utbreiing av flått aukar. Flåtten kan overføre mikroorganismar som kan føre til ulike sjukdomar hos husdyr, mellom anna sjodogg, som er den mest vanlege flåttborne sjukdommen hos geit. Flåtten skapar først og fremst problem for husdyrahaldet i kystfylka på Sørlandet, Vestlandet og Midt-Norge. Flåtten er lite utbreidd når ein kjem ca. 300 m.o.h.

Sjodogg gir høg feber. Hovudproblemet er at immunforsvaret vert svekka og dermed fare for sekundærinfeksjonar som til dømes blodforgifting og leddbetennelse. Sjuke kje som ikkje døyr, kan få svært låg tilvekst. Smitte kan skje i heile beiteperioden, både på innmark- og utmarksbeite. Det kan vere store variasjoner i høve til kor det er mykje eller lite flått. Det er ingen vaksine mot sjodogg, og det er få effektive førebyggjande tiltak mot sjukdommen. Unge geiter og geiter som er i kontakt med flåtten for fyrste gong er mest utsette for sjukdom.

Kje som får råmjølk med immunglobulinar frå mor etter fødsel, får overført ein passiv immunitet som til ein viss grad hjelper kjeet til å motstå infeksjonar generelt, inntil kjeet sjølv kan utvikle immunitet mot sjodogg. Krattrydding og drenering reduserar flåttmengda. Vaksinering av geitene mot Pasteurella-infeksjonar kan til ein viss grad beskytte kjea mot sekundærinfeksjonar viss dei får sjodogg. Nøye tilsyn dei første tre til fire vekene på beite for å oppdage å behandle sjuke kje kan redusere tapet.

Dei vanlegaste sjukdommane hos geit

Jurbetennelse (mastitt)

Mastitt på geit kan vere svært akutt og utvikle seg fort, med høg feber, hevelse i juret, misfarga mjølk og nedsett allmentilstand. Det er viktig å få sett i gang behandling med ein gong ein oppdagar sjukdommen, slik at ein bergar geita og mjølkeproduksjonen i den sjuke kjertelen. Det kan elles utvikle seg til koldbrann. Hyppig utmjølking og bruk av varmt grønsåpevatn er god førstehjelp. Veterinær må tilkallast ved akutte mastittar, slik at geita kan får rett behandling. Sår på spenane, dårleg hygiene i fjøset og feil med mjølkeanlegg eller mjølking er faktorar som aukar sjansen for mastitt. Kronisk mastitt kan gje høgt celletal, dårleg mjølkekvalitet og redusert produksjon. Jurvurdering og speneprøvar er viktig for å halde oppe god jurhelse i besetninga, ved å plukke ut og avle på dei mest robuste dyra. 

Paratuberkulose

Paratuberkulose er ein snikande, kronisk infeksjonssjukdom med ei inkubasjonstid på 1-10 år. Sjukdommen finst i ein del geitebesetningar, særleg på Vestlandet. Sjukdommen kan smitte mellom storfe, sau og geit. Det finst ikkje effektiv behandling mot sjukdommen. Sjuke dyr blir gradvis avmagra og mjølkeproduksjonen minkar, sjølv om matlysten kan vere normal. Hos geit blir sjukdommen kontrollert ved vaksinering av kje. Elles er det viktig å unngå å få inn smitte med innkjøpte dyr.  Diagnose kan vere vanskeleg å stille. Vaksine brukast i enkelte område av landet.

CAE (Caprin arthritt encephalitt)

CAE-viruset gir betennelse i hjerne, ryggmarg, ledd, jur og lunger. Sjuke dyr blir avmagra og døyr. Mjølk frå sjuke dyr er den viktigaste smittekjelda for CAE, men viruset kan også bli spreidd med avføring og andre kroppsvæsker. Besetningar med mistanke om – eller påvist- CAE, er pålagt restriksjonar når det gjeld flytting av dyr .Målsettinga er å utrydde CAE i Noreg. Smittesaneringsprosjektet «Friskere geiter» har oppnådd gode resultat, og dekkjer kostnader knytt til saneringsarbeidet.

Byllesjuke

Byllesjuke er ein bakteriesjukdom som fører til byllar rundt om på kroppen, ofte i lymfekjertlane rundt halsen. Dyr kan bli smitta gjennom sår og gjennom kroppsvæsker som naseflod og spytt, og bakterien kan også trenge gjennom intakt hud. Sjukdommen gir redusert produksjon, dårleg jurhelse, velferd og levetid. Sjukdommen spreiast med livdyrkontakt.

Pasteurellose

Pasteurellose er ein bakteriesjukdom. Nokre gonger er sjukdommen akutt og dyra døyr av blodforgiftning etter kort tid. Andre gonger fører sjukdommen til lunge- og brysthinnebetennelse hos både vaksne og unge dyr. Dei får pustevanskar og nedsett produksjon og trivsel. Godt fjøsmiljø med god ventilasjon og høveleg dyretal i bingane verkar førebyggjande på pasteurellose og andre luftveginfeksjonar. Pasteurellose er ofte ein sekundærinfeksjon etter ein infeksjon med sjodogg-bakterien, som set ned immunforsvaret hos dyret. Det finst vaksine som kan brukast i tilfelle store besetningsproblem.

Luftvegssjukdommar

Luftvegssjukdommar er ofte årsak til store tap og misstrivsel i geitebesetningar. Det er mange ulike bakteriar og virus som kan forårsake luftvegssjukdommar. Sjukdommen kan vere akutt med dødsfall eller meir kronisk med hoste, naseflod og avmagring. Sjølv om det kan vere ein spesiell bakterie som forårsakar sjukdommen, kan sjølve problemet ha ein meir multifaktoriell karakter, t.d. miljøet i fjøset, fôring, dyretettleik, ventilasjon, hygiene osv. Det er viktig å få kartlagt kva som er årsaken og få gjort tiltak så snart ein mistenker at ein har fått eit problem i besetninga.

Mage-tarmsjukdommar

Det er særleg to sjukdommar som ofte blir nemnt i samband med feil fôring: Enterotoksemi og sur vom. Enterotoksemi kjem av ein bakterie som formerar seg svært fort i tarmen hos geiter på sterk fôring eller gode beite. Dyra får diare. Førebyggjande tiltak er gradevis tilvenning til nye fôrslag og sterkare fôring. Sur vom kan ha liknande symptom.

Mage- tarmsjukdommar på kje kan skuldast mange ulike bakteriar og virus, t.d. E. coli, Rotavirus, klostridiar. Rikeleg råmjølk til kjea er viktig for å førebyggje sjukdom. Kje som blir sjuke når dei er små, vil ofte bli varig svekka om dei overlever.

Kasting

Toksoplasmose er den vanlegaste årsaka til kasting, og skuldast parasitten Toxoplasma gondii. Katt er mellomvert for parasitten. Listeriabakterien kan og vere årsak til kasting. Bakterien kan finnast i surfôr av dårleg kvalitet. Rundballar med jordinnblanding, og som ikkje er ensilert med eit surt ensileringsmiddel, er ei stor potensiell smittekjelde.

Blåtunge

Blåtunge er ein virussjukdom som vert overført med sviknott, og som vart påvist første gong i Noreg i 2009. Symptoma er feber, nedsett allmentilstand, sikling, rennande augo og nase, betennelse og sår i munnslimhinna, opphovne hovud og tunge, sår i klauvranda.

Prosjektet «Friskare geiter»

Prosjektet «Friskare geiter» hadde som mål å fjerne paratuberkulose, CAE og byllesjuke frå norske geitebuskapar. Det vart gjennomført eit saneringsprogram etter ei fast plan i den einskilde geitebuskapen. Les meir om prosjektet her.

 Les mer

Holene, A.C. Geit. nibio.no

Store norske leksikon. Geit. snl.no

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no