Fordelane med grøfting eller andre dreneringstiltak er auka avlingar og betre avlingskvalitet. Foto: Anita Land, NORSØKFordelane med grøfting eller andre dreneringstiltak er auka avlingar og betre avlingskvalitet. Foto: Anita Land, NORSØK

God dreneringstilstand – betre utnytting av tilført næring

Ved dårleg dreneringstilstand i jorda har kulturplantene dårlege vilkår for vekst, ynskjeleg biologisk aktivitet i jorda er redusert, utnyttinga av tilført plantenæring dårlegare og risikoen for næringstap til luft og vatn større. Jordbruksaktivitet på våt jord påfører jorda skade. Slik skade vert ofte forsterka frå år til år.

Kyststripa av Noreg er prega av eit klima med mykje nedbør, særleg frå tidleg haust til sein etterjulsvinter. Nedbørsmengda har auka frå 30-årsnormalen 1931-1960, og er venta å auka ytterlegare. Omfanget av dreneringstiltak dei seinaste 10-åra har både på Vestlandet og i landet elles vore mindre enn trongen, ein har tært på jordkapitalen og har eit oppsamla dreneringsbehov. Godt talmateriale over areal som treng betre drenering har ein ikkje, men resultat frå spørjeundersøkjing i samband med det årlege arbeidet til SSB med statistikkarbeid på landbrukssektoren syner at 6-8 % av jordbruksarealet på Vestlandet er dårleg drenert etter brukarane si eiga vurdering. Endringar av driftsmåte, overgang til større og tyngre utstyr, og at kvar brukseining driv eit større areal, medfører krav til betre dreneringstilstand. Faren elles er større risiko for oppkøyring av arealet og jordpakking når jorda er våt. Det må vera eit mål å auka grasavlingane i høve til dagens nivå på store deler av grovfôrarealet, og utan at gjødslingsstyrken nødvendigvis vert auka. Det er rett å fokusera på større arealproduktivitet og mindre tap av næringsstoff.

God jordtilstand

Ut frå omsynet til god plantevekst skal ei god jord ha god dreneringstilstand. Dette fremjar mange tilhøve, m.a.:

  • Luftfylt porevolum i jorda aukar
  • Luftvekslinga vert betre
  • Tørrare og fastare jord (større skjerfastleik og dermed vert det mindre pakkingsskade)
  • Varmare og tidlegare vekststart
  • Djupare og meir omfattande rotutvikling
  • Tidlegare våronn og raskare opptørking etter nedbør
  • Betre nytteverknad av næringsstoff og større arealproduktivitet, mindre ugras- og sjukdomsproblem
  • Betre overvintring, mindre vinterutgang i eng

Nytteverknaden av nye dyrkingsmetodar og moderne utstyr, planteforedling, gjødslings- og kalkingsplan vert avgrensa om grunnlaget for all planteproduksjon, jorda, vert forsømd med omsyn til dreneringstilstand og jordfysiske forhold. I jorda føregår det viktige prosessar som er i eit tett samspel med kvarandre. Jordtilstanden er avgjerande for kor produktiv jorda er.

Porer i jord

Jordart har stor innverknad på dreneringstilstand og jordfysiske tilhøve. Jord dominert av grovsand og mellomsand har mykje store porer. Jord med store porer har lita evne til å halda på vatnet, og jorda drenerer fort etter mykje nedbør. Porevolumet med luftfylte porer er stort og luftvekslinga er god. I jord dominert av meir finmateriale; finsand, silt og leire, er delen av små porer i jorda større og jorda held meir på vatnet. Morenejord har vanlegvis innslag av både sand, silt og leire og i tillegg også av grovare materiale som grus og stein. Grunna variasjonar i kornfordeling og naturleg pakkingsgrad, er det stor variasjon i dei jordfysiske tilstandane. I ei jord som er sett av som botnmorene er massane vanlegvis dårleg sortert, med finpartiklar og grovare partiklar i ei blanding som gjer at jorda er tett, særleg noko nedover i jorda. I overflata av morenejord er tilstanden ofte langt betre, poresystemet kan vera bra utvikla, jfr. den positive verknaden av kolloidmateriale og luftveksling og infiltrasjon er bra, sameleis varmetilhøva grunna innslag av grovare partikkelfraksjonar. Utfordringa i dreneringssamanheng er knytt til undergrunnsjorda som er tett. Morenejord må drenerast, men kor omfattande kan variera.

I jord med god fordeling av små og store porer, og dertil høvande innhald av organisk (mold/humus) materiale som fremjar aggregatstruktur i jorda, vil meitemark og andre jordbuande organismar trivast godt. Desse er viktige både for nedbryting av daudt organisk materiale og frigjering av plantenæring, og for medverknad til strukturbetring. I ei dårleg drenert jord der grunnvatnet står nær opp til overflata i periodar, er alle porene vassfylte. Dette reduserer jordlivet, rotutviklinga og plantene sitt opptak av næringsstoff.

Jordpakking og avlingsnedgang

Det kan vera ulikskap mellom jord med nær same kornstorleik. Små innslag av kolloidmateriale, leirmateriale og mold/humus  påverkar ofte strukturen i gunstig lei, då dette verkar til at jorda har ei betre sjølvlækjingsevne. Ein vekstsesong med langvarig og mykje regn kan medføra jordpakking både i øvste jordlaget og nedover i jorda, og kan vera byrjinga på ei uheldig utvikling som gjer at dreneringstiltak må gjerast punktvis eller systematisk. Djup pløying kan retta situasjonen i ploglaget, føresett at etterfølgjande jordarbeiding vert gjort skånsamt når jorda er tilstrekkeleg tørr (slodd er veleigna). Då vil det vera vilkår for etablering av attlegg med djup og omfattande rotutvikling. Problemet er jordstrukturen under plogdjupna. Om strukturen i jorda skal lækja seg sjølv, krevst medverknad frå ein eller begge desse tilstandane:

  • Tørke om vår/sommar som er årsak til krympeprosess og sprekkdanning
  • Frost som gjev djuptgåande tele. Skal ein frostsituasjon ha god verknad på jordstruktur må jorda vera nokolunde tørr når jorda frys

Effektiviseringa i landbruket har ført til bruk av tyngre traktorar og maskiner, og jorda vert dermed utsett for store påkjenningar. I pløyelaget er det først og fremst marktrykket (tyngde i forhold til hjuldimensjon) som betyr noko for jordpakkinga. Nedover i jorda er det tyngda som er avgjerande, då ei tung maskin vil overføre trykket djupare nedover i jorda enn ei lett maskin, sjølv om marktrykket er det same. Våt jord vert lettare pakka enn tørr jord fordi vatnet i jorda fungerer som glidemiddel mellom jordpartiklane. Trykk forplantar seg dessutan lettare gjennom jorda når porene er fylt med vatn enn når porene er fylt med luft. Trykket går derfor djupare nedover i ei våt jord.

På torvjord, sandhaldig silt og silthaldig lettleire, som er jordartar som er utsette for pakkingsskade, kan ein få omfattande pakkingsskade og avlingsreduksjon. Desse jordartane er også utsette for summerande pakkingsverknad, slik at pakkingsverknaden forverrar seg frå år til år. Djuparbeiding av tette lag/uheldig jordstruktur, eventuelt i kombinasjon med dreneringstiltak, kan då vera naudsynt.

Avrenning og næringstap

Jordpakking og dårleg dreneringstilstand fører til redusert avling og dårlegare utnytting av tilført næring, særleg lågare N-effektivitet. Dette gjeld både for husdyrgjødsel og handelsgjødsel. Både overflateavrenninga av næringsstoff (N og P) og ammoniakktapet kan auka. Næringstap i grøfteavrenning har vist seg å variere mykje mellom år, avhengig av om det er ”nedbørfattige” eller ”nedbørrike” år. Granskingar både i Sogn og Fjordane og Rogaland har vist at næringstapet i grøfteavrenninga er størst om hausten og førejulsvinteren, men at tapet på etterjulsvinteren òg kan ha noko omfang.

Jordtilstand og tap til luft

Når jorda er tett og våt vert husdyrgjødsel i større grad liggjande oppå jorda ved spreiing på eng, i staden for å filtrera ned i jorda. Dette fører til at det vert større ammoniakkfordamping, og dermed auka N-tap. I jorda fører vassfylte porer til at det vert mangel på luft. Nitrat (NO3) er svært utsett, då bakteriar i jorda brukar dei som oksygenkjelde ved mangel på luft. Eit resultat av dette er utvikling av lystgass(N2O), som er ein drivhusgass. Lystgass har ein oppvarmingseffekt som er om lag 300 gonger sterkare enn CO2 pr. kg gass. I tillegg er den med på å bryta ned ozonlaget, som vernar oss mot ultrafiolett stråling. Nitrat vert tilført med handelsgjødsel som inneheld ammoniumnitrat, eller frå nitrat som er danna frå husdyrgjødsel eller det organiske materialet i jorda. Norske forsøk har vist at spreiing av Fullgjødsel på sterkt fuktig og dårleg drenert jord, fører til store utslepp av lystgass like etter gjødsling. Vert handelsgjødsel og husdyrgjødsel spreidd samstundes, vert det meir lystgass enn om husdyrgjødsla vert spreidd ei tid før handelsgjødsla. Innleiande granskingar tyder på at god kalktilstand i jorda er gunstig i høve til å redusera lystgassutsleppet noko.

I svært våt jord vert det også danna metangass. Metan har om lag 25 gonger sterkare drivhuseffekt enn CO2  pr. kg gass. Metan vert produsert av bakteriar som bryt ned organisk materiale utan luft. Metan kan også verta teke opp i jord med god lufttilgang ved at bakteriar omdannar metan til CO2.

Økonomiske målsetjingar

Fordelane med grøfting eller andre dreneringstiltak er auka avlingar og betre avlingskvalitet. Betre  og raskare opptørking, og dermed mindre opphald i arbeidet,  vert tillagt større vekt no enn tidlegare, m.a. grunna at kvart bruk i drift driv eit mykje større areal enn tidlegare. I Noreg er det svært lite av nyare granskingar som viser noko om avlingsauke i høve til dreneringstilstand. Andre viktige tilhøve er kor omfattande det må drenerast og kostnaden med dette, dertil levetida/avskrivinga på tiltaket. 

Les mer

Dimby, N. (red.) 2013. Drenering - Teori og praksis. Bondevennen BA, Fylkesmannen i Rogaland, Bioforsk, Norsk Landbruksrådgivning

Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no