Økologisk plantevern i endring
Frukt-og bærdyrkarar i resten av Europa har langt fleire hjelpemiddel til rådvelde enn norske økologiske fruktprodusentar, når problema er store og førebyggande tiltak ikkje gir effekt lenger. Men kva blir prioritert i arbeidet med å få godkjent fleire middel?
- Idealet er at ein økologisk frukthage skal vere i balanse med førebyggande tiltak, slik at det ikkje er problem med skadegjerarar. Men slik er det ikkje alltid i praksis. Er krisa fyrst igong, treng dyrkarane godkjende plantevernmiddel for økologisk drift. Me veit at det er fleire preparat som er i bruk i økologisk drift i andre land i Europa, som ikkje kan brukast her i landet, seier Sigrid Mogan, fagkoordinator for frukt og bær i Norsk Landbruksådgivning.
Mange vegar til fleire middel
Forklaringane på det er mange, og som regel er det ikkje økologi-forskriften som skapar hindringane. I mars 2017 kom det ei ny økologi-forskrift som seier at plantevernmiddel som er tillat i økologisk dyrking i EU, er også tillat å bruke i Noreg. Men dei må likevel få ei nasjonal godkjenning av Mattilsynet her i landet. Eit av problema er at det kan koste fleire hundre tusen kroner i gebyr til Mattilsynet å få godkjent eit middel som kanskje berre nokre få økologiske dyrkarar skal bruke.
- Økologisk fruktproduksjon treng fleire godkjende plantevernmiddel. Men firma som importerer plantevernmiddel vegrar seg for å søke på grunn av høge gebyr og strenge dokumentasjonskrav. Det kan og hende at importørane ikkje finn det rekningssvarande å søkje godkjenning, grunna for få dyrkarar som vil kjøpe produkta, hevdar Mogan.
Svovelkalk eit døme
Svovelkalk var i bruk i Noreg for inntil vel 10 år sidan. Det var den gong krav om fornya godkjenning kvart 5. år.
- Men brått var ikkje dokumentasjonen god nok og middelet blei ikkje godkjent lenger. Fleire land i Europa valde å forlenge gamle nasjonale godkjenningar, medan Norge strauk godkjenninga då det kom nye dokumentasjonskrav, seier Sigrid Mogan.
Før jul søkte Norsk Landbruksrådgiving om dispensasjon til å bruke svovelkalk hos norske dyrkarar. Det kom avslag frå Mattilsynet. Avslaget vart påklaga, med ei uttale frå næringa om at produsentane treng og ynskjer middelet – også konvensjonelle produsentar. Klaga vart avslått på formelt grunnlag, då dispensasjon berre kan nyttast til akutte tilfelle.
I dag kan ein bruke svovel (Thiovit) eventuelt i kombinasjon med bakepulver mot skurv, men svovelkalk ville vore eit meir effektivt middel, som hadde gitt færre sprøytingar på våren. I år fekk dei fleste fruktdyrkarane ein turr vår med lite behov for skurvbehandlingar, men i fjor kom regnskurane ofte og ga mange høve for skurvsporane til å spreie seg.
NIBIO har i mellomtida fått i oppdrag om å prøve ut svovekalk i sine feltforsøk, melder forskar Arne Stensvand ved NIBIO. Det tyder på at det opnar seg moglegheiter å få godkjent svovelkalk også i Noerg frå 2021, då fleire land i Europa har dei nye forsøksresultata for svovelkalk klare.
Høge gebyr
-Strategien vidare er å ta utgangspunkt i "Liste 2" i "Regelverksveileder for økologisk landbruk" og prioritere dei viktigaste stoffa. Det vert jobba saman med dei som driv grønnsaks- og veksthusrådgjeving i Norsk landbruksrådgiving, held Sigrid Mogan fram.
NeemAzal, som er utvunne av Neem-treet, er det aktuelt å jobbe vidare med, fordi ein har få middel mot insektsangrep. Nordisk Alkali, som har preparatet i Danmark, har uttalt at dei vurderer å søke om godkjenning av Neem Azal i Noreg, men då til ein vekst med lite areal, for da er gebyret lågare. Dette gjev moglegheit til å søke om utvida bruk til andre vekstar, opplyser Sigrid Mogan.
Dispensasjonar mogleg i naudsituasjonar
Feromonforvirring mot epleviklar er ikkje godkjent i Noreg, men det har vore dispensasjon eitt år da det var venta storangrep av viklarar på Austlandet, og tillatt i forsøk tidlegare. Også for feromonpreparat er det eit høgt gebyr på ordinær godkjenning, og det er difor ikkje søkt om godkjenning i Noreg enno.
– Me er litt usikre på strategien vidare for feromonforvirring, men vil prøve å få det godkjent også i Noreg. I Austerrike brukar også konvensjonelle dyrkarar dette feromonet, for å unngå bruk av sprøytingar, melder Mogan.
Avstandskrav til vann har auka
Raptol (pyretriner) er no godkjent i Noreg, men ikkje til bruk i frukt. Det vart søkt om "minor use" - altså utvida bruk for frukt, avgrensa til økologisk drift - men det vart avslått på grunn av risiko for skadelege effektar på vasslevande organismar. I plantebestandar over 2,5 m, og bruk av tåkesprøyte, er det auka avstandskrav til vann i EU sitt planteverndirektiv.
Raptol er verksam mot insekter og brytest raskt ned i naturen. Tilsvarande preparat har vore brukt som punktsprøyting mot bladlus i frukt i seinare år, men då som eit godkjent hobbypreparat. Raptol er eit yrkespreparat, men det er altså lov å bruke det same verkestoffet i private frukthagar.
Biologiske plantevernmiddel må godkjennast
Nemasys C er ein makroorganisme (nytte-nematode) som alle kan bruke i 2018. Den skal sprøytast på trestammene etter hausting. Men nematoden krev over 10 grader og fukt i eit døgn etter spreiing, noko som kan vere vanskeleg å oppnå seint på hausten i Noreg. Håpet er at nematoden kan virke mot epleviklar og liten fruktviklar, og NIBIO gjennomfører forsøk med dette middelet i år.
Mikroorganismar (virus- og bakteriepreparat) er også i bruk i andre land. Madex (virus-preparat) mot epleviklere er til dømes godkjent i Sverige og Danmark, men ikkje i Noreg, det same gjeld for bakteriepreparater.
- Det er noko underleg at godkjenningspraksis er så ulik i Norden. Dette må det jobbast med politisk av næringa dersom dyrkarane ynskjer det annleis, seier ho.
Dyrkarane må melde behov
Conserve, med det aktive stoffet spinosad – framstilt frå bakteriar, er eit middel mot insekt. Conserve fekk dispensasjon i 2016 mot epleviklar, for bruk i venta storangrep i Telemark. I ettertid viste det seg det var ein annan art, som svermar tidlegare, liten fruktviklar, som gjorde skade på over 50% av konsumavlinga hjå ein dyrkar med 65 dekar økologiske eple i 2016. Midlet hadde truleg verka dersom det hadde vorte brukt på riktig tidspunkt.
- Vi avventar å gjere meir med Conserve no. Ein kan søke «minor use» i framtida om dyrkarane ynskjer det. Difor er det viktig at rådgjevarane og dyrkarane går igjennom behovet på kvar enkelt gard og melder behov til meg, slik at me kan koordinera søknadane, understrekar Sigrid Mogan.
Nokre få nye middel er godkjende i Noreg frå 2018, blant anna Fibro (parafinolje). Det er godkjent mot frukttremidd, og vil vere ein god erstatning for olje-såpeblandinga som mange dyrkarar har brukt tidlegare.
Minimal risiko for helse og miljø
Midla som blir brukt i økologisk frukt- og bærproduksjon er ikkje framstilt kjemisk-syntetisk, men er planteuttrekk, mikroorganismar, oljer eller grunnstoff som verkar mot plantesjudommar (sopp, virus og bakterier) eller mot insekt. Dei er raskt nedbrytbare og gjer sjeldan skade mot nyttedyr, dersom dei vert brukt riktig.
EPOK ved Sveriges Landbruksuniversitet gjorde ein risikovurdering av dei midla som er godkjent i økologisk frukt-, bær- og grønnsaksproduksjon i 2017 i Sverige. Dei konkluderte med at midla som vert brukt, eller kan brukast i økologisk frukt- og grøntproduksjon i EU, har låg risiko for skade på menneske si helse og naturmiljøet. Dei same konklusjonane ville truleg blitt gitt under norske høve. Les artikkelen frå lanseringa av rapporten her.
Artikkelen ble først publisert i juni 2018 på hjemmesida til Foregangsfylke frukt og bær.
Les mer
Ascard, J. m.fl. 2017. Växtskyddsmedel i ekologisk produktion – användning och risker. SLU, EPOK – Centrum för ekologisk produktion och konsumtion
Backström, I. & S. Furenhed 2021. Integrerad växtskydd i frilandsgrönsaker för ekologisk og konventionell odling. Jordbruksverket
Burtscher-Schaden, H. m.fl. 2022. Toxicological Comparison of Pesticide Active Substances Approved for Conventional vs. Organic Agriculure in Europe. Toxics 2022, 10(12): 753
Dilling, C. 2023. Open Field Biocontrol: Myrer (no.:maur) skal sikre bæredygtig økologisk frugtproduktion. ICROFS, 65.9.2023
Hansen, J. 2020. Skurvbekjempelse i økologisk epledyrking. NLR Vest SA
IFOAM Organics Europe 2023. Pesticides in conventional and organic farming. FactCheck 23.2.2023. organicseurope.bio
Kienzle, J. m.fl. 2020. Plant health care in organic farming. The role of natural substances in a biodiversity-based system approach. IFOAM Organics Europa
Løwø, S. 2023. Turex 50 WG er godkjent. NLR Nord-Norge
Nes, A. & T. Takle 2012. Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Bringebær. Bioforsk Tema nr. 14, 2012
Nes, A. & A. Døving 2012. Tiltak mot skadegjerarar i økologisk bærdyrking: Jordbær. Bioforsk Tema nr. 13, 2012
Offenberg, J. 2023. MothStop: Skovmyrer (no.: skogsmaur) skal sikre økologiske æbler. ICROFS, 6.9.2023
Righini, H. m.fl. 2022. Jania adhaerens Primes Tomato Seed against Soil-Borne Pathogens. Horticulurae 8 (8), 746
Tamm, L. m.fl. 2022. Use of Copper-Based Fungicides in Organic Agriculture in Twelve European Countries. Agronomy 2022, 12, 673
Wibe, A. 2020. FenceTrap. Kombinert bruk av alternative plantevernmetoder for reduksjon av insektskader i jordbær. NORSØK Rapport nr. 5, 2020
Rapporter fra EGTOP. EGTOP er en uavhengig ekspertgruppe som gir EU-kommisjonen faglige innspill mht hva som kan tillates i økologisk landbruk, og som i neste omgang danner grunnlag for regelendringer i EU-forordningen, f.eks. ulike typer innsatsmidler, som plantevernmidler, jordforbedringsmidler og gjødselprodukter
Se også:
Feil eller mangler i artikkelen? Kontakt oss på agropub@norsok.no